Norske og skotske forsøk viser at lyngmark bind meir karbon på lang sikt enn både barskog og lauvskog. I det samla jordlaget på planeten vår er det lagra meir karbon enn samla i all plantemasse og i luftlaget til saman fortel Haugum. Det store, nesten usynlege nettet av sopprøter (mykorrhiza) hjelper til å fanga karbon i jorda. Sopprøtene til lyngplantar bidreg meir til karbonlagring enn andre sopprøter. Naturen i vårt kalde klima her nord har ikkje så stor plantevekst som til dømes i ein tropisk regnskog, men karbonet som blir bunde blir ikkje så fort frigjort igjen. Jorda blir ein sparekonto der karbon blir lagra.

Forsøk på Lygra

Siri Vatsø Haugum er forskar tilsett ved Lyngheisenteret på Lygra (Museumssenteret i Hordaland), og arbeider også på forskingsprosjekt i regi av Universitetet i Bergen. Ho har sjølv målt karbon i jorda under ulike typar natur rundt Lygra. Torvmyr kjem best ut om ein måler innhaldet av karbon i ei jordsøyle, men lyngmark kjem som nummer to før eng og planta granskog. Binding og lagring av karbon er viktig for å unngå auke av CO2 i atmosfæra – og dermed auka drivhuseffekt.

Siri Haugum med jordsoyler fra ulike naturtypar foto Annlaug Fludal
Forskar Siri Vatsø Haugum deltok på Lyng- og villbrannsamlinga på Haugalandet. Her viser ho fram jordsøyler frå ulike naturtypar.

Skotske forsøk

På Lyng-og Villbrannsamlinga 2023 på Haugalandet viste ho til skotske forsøk (Friggens m. fl. 2020). Skottane har ubroten tradisjon med kontrollert lyngbrenning. Rypejakt har vore den økonomiske drivkrafta. I nasjonalparken Caingorms har det blitt forska på langvarige felt med ulike naturtypar. I store ruter av velstelt lyngmark, og ruter der bjørk og furu er planta på tidlegare lyngmark, har ein målt innhald i jord, opptak og tap til lufta igjen. Av desse tre naturtypane kjem lyngmarka best ut. Bjørkeskogen har mindre lagring enn furuskog.

Lyngbrenning karbon i jord
Resultat frå skotske forsøk: Tjukkelsen på jordlaget illustrer kor mykje karbon som er bunde under lyngmark, furuskog og bjørkeskog. Skogen fangar mest karbon frå lufta, men slepp ut tilsvarande. Illustrasjon henta frå Friggens m. fl. (2020) som Haugum synte i presentasjonen sin under Lyng- og villbrannseminaret 2023.

Kontrollert lyngbrenning slepp ut CO2, men er positivt likevel

«Kva skjer når ein brenn lyngen? Vil det ikkje frigjera CO2» spør Haugum forsamlinga på seminaret. Jo, det blir frigjort CO2 under brenninga, men ved ei kontrollert lyngbrenning vil ein berre brenne over bakken. Jordlaget blir lite påverka ved kontrollert brenning når bakken er frossen eller for fuktig til å ta fyr. Ved ein villbrann som skjer under tørre forhold, gjerne i vekstsesongen, risikerer ein at det organiske materialet i jordlaget brenn opp. Då blir karbon samla over svært lang tid frigjort til atmosfæra. Kontrollerte brenningar er med på å forebygga slike storbrannar i tillegg til at ein tar vare på det kulturlandskapet som lyngheiane er ein del av.

Åpent landskap reflekterer sollyset betre

I tillegg til auka karbonbinding i jord reflekterer ope landskap meir av sollyset enn skogen gjer. Dette blir kalla albedoeffekten og har betydning i det kompliserte klimarekneskapet. Ei mørk overflate fangar varmen betre enn ei lys overflate. Eit åpent landskap fangar mindre enn ein mørk granskog. Ved snødekke blir forskjellen ekstra stor.

Les meir

Presentasjonen til Siri Vatsø Haugum frå Lyng- og villbrannsamlinga finn du her.

Visst du vil lesa meir kan du lesa heile forskningsrapporten frå Skottland eller ein artikkel frå tidsskriftet Mongabay.

Her finn du ein brosjyre frå Miljødirektoratet om lyngsviing.