Restprodukt frå biogassproduksjon på Skogn

Ved Biokraft Skogn blir råvarar frå bl.a. fiskeoppdrett, slakteavfall og noe husdyrgjødsel frå storfe til flytande biogass. Råtneresten etter biogassproduksjonen er på om lag 220 000 tonn før filtrering. Tørrstoffinnhaldet er da mellom 2-3 %. Etter filtrering, sentrifugering og inndamping får ein to produkt som er interessant for landbruket. Det er ei filterkake med 14-18 % tørrstoff og eit nitrogenkonsentrat med om lag 20 % tørrstoff. Filterkaka har vanskeleg konsistens, høgt innhald av fosfor som er bunde til jarn og eit innhald av tungmetallar som gir ei plassering i kvalitetsklasse 2. Årleg produksjon er for tida mellom 15 – 20 000 tonn.

Nitrogenkonsentratet inneheld i følgje analysar om lag 25 kg plantetilgjengeleg nitrogen pr. tonn, og er plassert i kvalitetsklasse 0. Men produktet kan ikkje samlagrast med husdyrgjødsel på grunn av risiko for danning av hydrogensulfid (H2S). Total årsproduksjon er om lag 5000 tonn, som må lagrast for seg og kan blandast inn i husdyrgjødsel like før spreiing.

For landbruket er også råtneresten interessant. I våre naboland er det vanlegast med direkte utkøyring av råtnerest som gjødsel i landbruket. Noe som også kan bli interessant for vårt område, særleg om eit planlagt byggetrinn 2 blir ferdig. I byggetrinn 2 er eitt av alternativa eit større innslag av storfegjødsel i råvarestrømmen, og da kan ein bygge opp eit system for innkjøring av husdyrgjødsel, samtidig som råtnerest blir transportert i retur.

Biogjødsel

Biogjødsel tilfører litt karbon (C) til jorda, noe som er ein viktig tilleggseffekt til gjødslingseffekten. Men karboneffekten av biogjødsel er avgrensa. Den er viktigast på jord med lågt moldinnhald. Reint generelt er difor gjødseleffekten viktigast for landbruket. Ein eventuell tilleggseffekt på karboninnhaldet i jorda er bonus. For å undersøke gjødslingseffekten av biorestprodukta frå Biokraft Skogn, gjennomførte NLR Trøndelag to forsøksfelt med biorest til korn i 2019. Forsøka vart gjennomført med økonomisk støtte frå Fylkesmannen i Trøndelag, som delfinansierte forsøka med UTL-midlar.

Vert for felta var: Harald Asbjørn Lein, Skogn

Jon Olav Forbord, Stjørdal

Husdyrgjødsla til felta vart stilt til disposisjon av Aksel Stokke, Skogn. Espen Hatlinghus bidrog med nitrogenkonsentrat. For å oppnå ønska konsentrasjon i husdyrgjødsla vart ni delar husdyrgjødsel blanda med ein del nitrogenkonsentrat. Forsøka vart gjennomført som ruteforsøk med tre gjentak. Feltet som låg på Skogn vart sådd 9. mai og feltet på Stjørdal 22. mai. For å undersøke gjødslingseffekten vart det bruka to mengder av biorest. I tillegg til biorest vart det tilleggsgjødsla med 4 kg nitrogen i Opti NS.

Forsøksresultat

I begge felta er 50 kg fullgjødsel 22-3-10 bruka som samanlikningsgrunnlag for utslag for N-effekt av gjødslinga. I tabell 1 er det sett opp leddvis næringsinnhald basert på tilført biorest og Opti-NS. Det er i felta ikkje korrigert for ulik tilføring av N, P og K. Næringsinnhaldet i bioresten er rekna ut på grunnlag av analysar frå brukt vare.

Som det går fram av tabellen, er det særleg det høge innhaldet av fosfor i dei to ledda med fast biorest som det er grunn til å merke seg. I ledd med husdyrgjødsel og konsentrat er det husdyrgjødsla som bidreg mest til dei høge kaliumverdiane.

Om ein ser bort frå det ugjødsla leddet, er det berre husdyrgjødsel + konsentrat som har gitt avlingsrespons ved å doble biorestmengden på feltet hos Haral A. Lein (Tabell 2). Med ein LSD 0,05 på 64 kg for avling, så er det berre ledd 3 og 4 som har gitt sikker meiravling, samanlikna med å gi 50 kg 22-3-10. i ledd nr 8.

Feltet hos Jon Olav Forbord låg på moldhaldig mellomleire, og har fått klar avlingsauke for å doble tilføringa av biorest, uansett type (Tabell 3). Ettersom kaliumtilgangen er god, er den mest sannsynlege forklaringa på avlingsutslaga ein kombinasjon av N-gjødsling og tilføring av organisk materiale i form av Biorest. Ei dobling av tilført biorestmengde har for alle tre typar biorest, auka N-gjødslinga med meir enn 3 kg N/daa. Som ein tommelfingerregel kan ein rekne med at det trengst 2 kg N for å auke avlinga med 100 kg korn. For ledd med husdyrgjødsel + nitrogenkonsentrat, er avlingsauken 105 kg/daa. Noe ein har fått med å auke N-gjødslinga med 3,3 kg pr. dekar.

Skjermbilde tab 1 og 2
Skjermbilde tab 3 og 4
Biorest JOF 2
: Frå anlegg av gjødslingsfelt med biorest i Stjørdal. "Svarte" ruter er tilført råslam, "brune" ruter er tilført husdyrgjødsel+N-konsentrat. Foto J.O. Forbord

Konklusjon

Det er generelt lite legde i dei to felta, og det er berre største mengde fast biorest i feltet på Skogn at det har blitt så mye legde at det truleg går ut over avlinga. I felt nr 2, fekk ein ikkje legde for noen av gjødlingsmengdene.

Meiravlinga for største biorestmengde, viser at nitrogeneffekten ser ut til å variere ein god del. Dette er sett opp i tabell 4. N-effekten er rekna ut på grunnlag av at det trengst 2 kg N til å produsere 100 kg korn.

Avlingsresponsen tyder på at nitrogeneffekten i fast biorest og råslam berre er om lag det halve av nitrogeneffekten i husdyrgjødsel tilsett konsentrat. Basert på resultata frå 2019, kan det sjå ut som om tilsetting av nitrogenkonsentrat til storfegjødsel har gitt ein N-effekt litt i overkant av rein storfegjødsel.

I desse forsøka er det blant anna ikkje korrigert for variasjon i kaliumtilføring, da ein ved gjødslingstidpunktet ikkje hadde analysar av dei ulike biorestane. Ein treng difor fleire forsøk for å avklare alle sider ved bruken av biorest frå Biokraft Skogn som gjødsel i landbruket. Det høge innhaldet av fosfor i den faste bioresten er problematisk. For at landbruket skal vera mottakar av eit slikt produkt må fosforinnhaldet ned. Noe som det må arbeidast vidare med, før det blir eit viktig produkt i det «Grøne skiftet».

Fakta om Biokraft Skogn