Liten førsteslått, sein andreslått, ingen tredjeslått

Sein og blaut vår, knusktørr og varm juni, normal juli og august, regn i 20 av 30 dagar i september og til slutt uvanleg mildt vêr i oktober (og november) er den korte oppsummeringa av verforholda under vekstsesongen 2020 og dokumentert med hjelp av statistikk frå Meterologisk institutt (Figur 1). Slik gjekk det til at våren blei avlyst i fjellbygdene, førsteslåtten skrinn, gjenveksten treig, andreslåtten sein i det meste av landsdelen og at tredjeslåtte ble avlyst hos ein del av dei som vanlegvis tar det.

Skjermbilde1

NIBIO sin grovfôrmodell kan brukast til å illustrere avlingforløpet i 2020 (figur 2), her med høvesvis toslått (øvst) og treslått (nedst) regime i Stjørdal som eksempel. Diagramma viser at veksten var langt under normalen allereie frå vekststarten om våren, og at det ikkje skaut fart før mot slutten av mai. Dei (få) som faktisk gjennomførte eit planlagt treslåtteregime i dette området, tok førsteslåtten svært tidleg, (før 10.juni) og fekk avlingar som var under det halve (250 kg tørrstoff pr dekar) av «normalen». Der det blei gjødsla rett etter slått, rakk det å koma opp litt gjenvekst før det blei vassmangel og stagnasjon som varte fram til først på juli. Medan andreslåtten vanlegvis bli tatt i slutten av juli, venta svært mange til det blei august for å få større avling. Likevel blei også andreslåtten langt mindre enn «normalen». Samla for første- og andreslåtten estimerer Grovfôrmodellen at avling blei om lag 70% av det ein kan få i eit normalår. Med ein lang og mild september, kan gode tredjeslåttar ha pynta litt på resultatet både i Stjørdal og andre låglandsområder i Trøndelag.

Også for dei som venta med førsteslåtten til lenger ut i juni (fordi det var planlagt, eller i påvente av større avling), blei avlinga langt under «normalen» (nedste diagram i Figur 2). I berekninga blei det her lagt inn eit svært seint slåttetidspunkt (26.juni) for å illustrere at tilveksten stoppa heilt opp rundt 18.juni som følgje av vassmangel. For dei som slo etter dette, blei det ikkje ekstra avling, berre nedgang i kvalitet. På grunn av det var kort tid frå førsteslåtten til det endeleg kom regn igjen, blei det tilsynelatande liten eller ingen stagnasjon i gjenveksten i dette eksempelet som viser at andreslåtteslåtten under dei gitte føresetnadene blei om lag som normal. Totalt ga dette alternativet ei avling på om lag 80% av avlinga i eit normalår.

Skjermbilde2

Førstelåtten tørr og av middels kvalitet

Mange fortvila over få ballar på kanten av jordet og få meter i siloen etter førsteslåtten. Analyseresultata viser heldigvis at mengden fôr, målt i både tørrstoff og FEM, var større enn tal og meter skulle tilsei. Surfôret blei til dels svært tørt (Gj.snitt for fylket: 38%) og kvaliteten middels, både målt i energi (0,86 FEm/6,11 MJ NEL) og protein (15%) (Tabell 1). Samtidig er det grunn til å understreke at statistikken skjuler store sprik i laget med både tidlege og seine førsteslåttar og trass alt noko varierande innhaustingsforhold. I Figur 3 er noko av denne variasjonen forsøkt avdekka ved at FAS-statistikken for tørrstoff og FEM-konsentrasjon er gruppert områdevis for ulike deler av Trøndelag, og der både minimums, maksimums og gjennomsnittsverdiar er framstilt. Ut frå denne framstillinga kan det sjå ut til at kystområda både i nord og sør har oppnådd godt over middels FEM-konsentrasjon i førsteslåtten (0,87-0,88). Også innlandskommunane i norddelen av Trøndelag fekk god kvalitet, men det var også her avlingssvikten var størst.

Høgt tørrstoffinnhald har resultert i svakare gjæring, høgare slutt-pH og meir sukker i det ferdige surfÔret, samanlikna med det ein får i blautare surfôr. Eit lite utropsteikn bør likevel settast ved høge gjennomsnittsverdiar for ammoniakk-N. Når desse verdiane blir høge, tyder det på at det har foregått nedbryting av proteinet under konserveringsprosessen. Denne nedbrytinga er det gjerne smørsyrebakteriar som står bak, og derfor finn ein ofte samtidig forekomst av smørsyre og smørsyresporar. Dette kan særleg gi grunn til bekymring for mjølkeprodusentar og muleg risiko for høge sporetal. Ut over dette vert dessutan dyra sin appetitt redusert med stigane innhald av ammoniakk. FAS-statistikken gir ingen opplysningar om smørsyre og heller ikkje tilstrekkeleg anna bakgrunnsinformasjon til at det er muleg å fastslå årsakssamanhengar for dei høge ammoniakk-tala.

Skjermbilde3

Middels andreslått og prima tredjeslått

Med unntak av tørrstoffinnhaldet ser det ut til at kvaliteten av andreslåtten blei nokså lik førsteslåtten. I gjennomsnitt har surfôrprøvene frå andreslåttane i Sør-Trøndelag høgare FEm-konsentrasjon enn prøvene frå Nord-Trøndelag, utan at skribenten i farten finn ei plausibel forklaring på dette. Igjen må det understrekast at det er forskjellar, ikkje berre mellom nord og sør, kyst og fjell, men også innafor same geografiske område. Ikkje berre kan dei tidlegaste andreslåttane vere frå slutten av juli og dei siste frå tidleg i september (seinare slåttar enn dette er neppe med i denne statistikken som er basert på innkomne prøver ved slutten av oktober). I tillegg kan to andreslåttar frå same område hatt heilt ulike forhistorier med høvesvis tidleg og sein førsteslått.

Det ligg få prøver bak statistikken for tredjeslåtten. Åtte prøver er frå kyststrekninga Ørland - Nærøysund, tre frå Namsos (inkl Namdalseid) og Grong, og fire frå Inderøy. Kvaliteten er jamt over betre enn både første- og andreslåttane.


Har dette praktisk nytteverdi?

Det er sjølsagt uråd å bruke noko av denne statistikken til planlegging av fôring og driftsopplegg på eigen gard komande vinter. Til det må ein bruke eigne fôranalyser. I det heile er det vanskeleg å bruke tilbakeskuande statistikk som denne til stort meir enn det eg har gjort her: å filosofere over året som gjekk, finne nokre samanhengar og svar og spekulere vidare på mangt av det andre. Og så kan vi vente i spenning på vekstsesongen 2021 som ganske sikkert blir annleis, muligens også unormalt, men på ein annan måte enn 2020.

Skjermbilde4

Har dette praktisk nytteverdi?

Det er sjølsagt uråd å bruke noko av denne statistikken til planlegging av fôring og driftsopplegg på eigen gard komande vinter. Til det må ein bruke eigne fôranalyser. I det heile er det vanskeleg å bruke tilbakeskuande statistikk som denne til stort meir enn det eg har gjort her: å filosofere over året som gjekk, finne nokre samanhengar og svar og spekulere vidare på mangt av det andre. Og så kan vi vente i spenning på vekstsesongen 2021 som ganske sikkert blir annleis, muligens også unormal, men på ein annan måte enn 2020.