Statistikken over prøver av surfôr som er analysert så langt viser at førsteslåtten blei uvanleg tørr hos mange. Også gjennomsnittleg næringsverdi både i første og andreslåtten ser ut til å være noko høgare enn i dei to føregåande åra. Som vanleg er det likevel store i sprik i laget, og enda er det relativt få prøvar frå Trøndelag som er analysert.

Ein svært tørr og varm juni gjorde både at graset tørka på rot og at avlingane blei mindre og grasstrengane tynnare enn vanleg. Dette resulterte også i rask opptørking etter slått. At statistikken viser høgt gjennomsnittleg tørrstoffinnhald i førsteslåtten, er derfor heilt som venta.

Sjølv om fiberinnhaldet (NDF) i førsteslåtten kan sjå ut til å være høgare i år enn i dei to føregåande åra, har det ikkje hatt betydning for næringsverdien som er over middels, både for protein og energi. Forklaringa er at det var etter måten lite ufordøyeleg fiber og over middels høg fordøyelegheit av organisk stoff (ikkje vist i tabellane) i årets surfôr. Høgt tørrstoff og over middels næringsverdi må være godt nytt for dei som synest talet på rundballar blei lågt i førsteslåtten.

Så langt ser andreslåtten ut til å være noko fuktigare enn i føregåande år, men likevel godt innafor det som reknast som ideelt, både med tanke på fôropptak og det å minimere tapa frå jord til fôrbrett. Enda er det likevel få prøver med i statistikken, og mest truleg er dette prøver frå relativt tidlege andreslåttar (sist i juli/først på august) hos gardbrukarar som tar tre slåttar. Det er derfor venta at statistikken for andreslåtten vil kunne endrast betydeleg etter kvart som det kjem inn fleire prøver, inkludert prøver frå produsentar som tar berre to slåttar.

Tabell 1. Kvalitet av surfôr frå 1.slått. Middeltal for analyserte prøver i 2018, 2019 og 2020.

År

Tal prøvar

TS

g/kg

Råprotein

g/kg TS

NDF

g/kg TS

Sukker

g/kg TS

FEm

NEL20 MJ/kg TS

AAT20

g/kg TS

PBV20

g/kg TS

2020

303

380

150

526

76

0,87

6,12

82

25

2019

879

301

141

516

50

0,83

5,86

77

24

2018

647

336

150

507

59

0,85

5,98

79

29

Tabell 2. Kvalitet av surfôr frå 2.slått. Middeltal for analyserte prøver i 2018, 2019 og 2020.

År

Tal prøvar

TS

g/kg

Råprotein

g/kg TS

NDF

g/kg TS

Sukker

g/kg TS

FEm

NEL20 MJ/kg TS

AAT20

g/kg TS

PBV20

g/kg TS

2020

34

311

144

501

85

0,87

6,12

80

21

2019

495

344

144

489

72

0,85

6,00

79

24

2018

326

355

150

500

53

0,82

5,80

78

31




Bak gjennomsnittstala gøymer det seg sjølvsagt store variasjonar, både regionalt og lokalt.

Figuren under viser at det er analysert prøver med FEm-konsentrasjonar som strekker seg frå 0,67 til 1,10. Åfjord er den kommunen det er analysert flest prøvar frå, og har også høgast gjennomsnittleg FEm-konsentrasjon (0,90). Ørlandet følger tett på med 0,89 i gjennomsnitt for 28 prøver. Innherredskommunane (Steinkjer, Inderøy, Verdal og Levanger) er også representert med mange prøver til saman, og her er gjennomsnittleg FEm-konsentrasjon på linje med gjennomsnittet for heile Trøndelag.

Figur Surforkvalitet

Gjæringskvalitet er ikkje vist her, men den speglar det høge tørrstoffinnhaldet med litt høgare gjennomsnittleg pH og svakare gjæring enn ein gjerne får i fuktigare surfôr. Det kan også nemnast at det er ein del prøver med uvanleg høge nitrat-verdiar. Hovudårsaka er at Ofotlab oppgir resultata som mengde nitrat (NO3) og ikkje som nitrat-N (NO3-N). Talverdiane for nitrat er langt høgare enn talverdiane for nitrat-N, så her gjeld det å halde tunga beint i munnen når ein les analysesvara. Det er svært uvanleg at grassurfôr inneheld så mykje nitrat at det representerer forgiftningsfare.

Er du i tvil eller har andre spørsmål om analysesvara dine - ta kontakt med ein av våre rådgjevarar, så vil han/ho hjelpe deg med tolkinga. Vi minner også om at vi kan bistå med uttak av fôrprøver. Prøver av ditt eige fôr gir det beste grunnlaget for fôrplanlegging og produksjonstilpassing i eige fjøs.

Tabell 1. Kvalitet av surfôr frå 1.slått. Middeltal for analyserte prøver i 2018, 2019 og 2020.

Bak gjennomsnittstala gøymer det seg sjølvsagt store variasjonar, både regionalt og lokalt.

Figuren under viser at det er analysert prøver med FEm-konsentrasjonar som strekker seg frå 0,67 til 1,10. Åfjord er den kommunen det er analysert flest prøvar frå, og har også høgast gjennomsnittleg FEm-konsentrasjon (0,90). Ørlandet følger tett på med 0,89 i gjennomsnitt for 28 prøver. Innherredskommunane (Steinkjer, Inderøy, Verdal og Levanger) er også representert med mange prøver til saman, og her er gjennomsnittleg FEm-konsentrasjon på linje med gjennomsnittet for heile Trøndelag.