Til vanleg vert det rekna at ein treng 0,7-1 daa håbeite per lam per mnd.
Raps, raps/raigrasblandingar gir større avlingar: 600 Fem per daa. Beites etter 60-70 dager. Vi kan supplere håbeite slik: Raps; 0,1 daa raps pluss 0,3 daa håbeite per lam per mnd. Hugs: Slaktemodne lam skal til slakteriet (plukkslakting).

Val av grønfôrvekstar
Av dei grønfôrvekstane vi har, vil Grønnfôrraps (beiting: Fontan, Barsica), Raigras ettårig (WesterWoldsk) og toårig (Italiensk), fôrreddik (Trident m fl.) og grønnfôrnepe (Marco mfl.) vere aktuell. Grønnfôrerter, (Javlo m.fl) og fôrvikker (nitra) er òg aktuelle i blandingar. Blanding med korn: Korn+erter+raigras+fôrraps til irektefôring/ensilering +slått/beite. Obs ikkje bygg til sau som har satt aks pga snerpen!!

Grønnfôrrapsen er krevjande men har stort potensiale

Rapsen gjev gode avlingar om jordtilhøva er bra, og den kan såast etter vårbeiting eller etter tidleg 1.slått i låglandet. Såtida må tilpassast tida for beitestart. Ei høveleg såmengde er 1-1,2 kg per daa. Ein bra sort til beiting og i høgareliggande områder er Fontan (lik tidligere Solan) som er lågvokst men bladrik. Forventa avling er 350 Fem/daa etter 60-70 døgn, og om han får stå i 100 døgn kan ein kome opp i 550 -600 Fem /daa.

Den krev godt drenert jord med god struktur som er kalkrik og mest mulig fri for ugras. Misfarga rapsåkrar (lilla) er ein vanleg indikator når dette ikkje er til stades.

Brakking med Glyfosat (Roundup) er nødvendig viss det er mykje ugras (særleg rotugras) i jorda før ein skal ha raps. Dette kan gjerast høsten før, på våren eller etter vårbeitinga. Det viktigaste for å få god effekt av brakkinga er at t.d kveka og løvetann har kome nok opp og er i god vekst.

Ver obs på kålmøllen, følg med åkeren og ev. sprøyt viss du får angrep. (Fôrraps, grønfôrnepe og kålrot høyrer til korsblomstra vekstar.)

Dyra må alltid samtidig ha tilgang på anna beite for å unngå nitratforgiftning. Ofte er det bruka husdyrgjødsel til rapsen, ein skal her vere obs på nitratforgiftning ved for sterk gjødsling. Kontakt din rådgiver for å få plan på gjødslinga.

Raigras, eit brukbart alternativ til raps av di den ikkje har så store krav til jorda. Den kan vere aktuell i blanding med raps eller i reinbestand. Den Italienske typen er i praksis eitårig, det vil seie at den sett ikkje frø første året og er svert bladrikt. Den veks raskt og egnar seg godt til beiting. Her er det fleire sortar å velje i, men Macho og Mindora er mest bladrike og kvaliteten held seg oppe lenge. Med ein vektsesong på 50-60 dagar kan ein rekne å få ei avling opp mot 600 Fem per daa. Raigras er i grasfamilien og ikkje utsatt for kålmøll.

Ei blanding er ein garanti
Det er mest vanleg med grønfôrvekstar i reinbestand når det skal beitast, men det kan òg vere gode grunnar for å nytte dei i blanding. Ofte vil ei blanding av raps og raigras kunne vere ein garanti for å få ei større avling om jordtilhøva er noko ujamn på skiftet. I tillegg vil ein få ei lengre beiting utover høsten, da ein får gjenvekt i raigraset. Ei høveleg blanding kan vere: raps 0,8-1 kg såfrø, pluss Italiensk raigras, 3 (-4) kg frø. Avlinga vil kunne ligge på 600 Fem per daa etter 100 vekstdøgn.

Blanding av raigrastyper: Når ein skal velge mellom eitårig (westerwoldsk) eller toårig (italiensk) raigras, bør ein vete kva graset skal brukas til. Eitårig raigras er godt egna til ensilering med høsting til rett tid, (55 - 60 vekstdøgn). Toårig raigras er meir fleksibelt i forhold til høstetidspunkt, men krev gjerne totrinnshøsting for å unngå ein for rå og strukturlaus masse.

For å oppnå eit beite med meir struktur kan det vere greit å blande inn det eitårige Westerwoldske raigraset. Bakdelen med dette er at ein del da vil sette frø etter 55-60 vekstdøgn og taper da fort kvalitet, her må ein vurdere såtidspunktet i høve til beitestart. Blanding av eit- og toårig kan og være gunstig med direktefôring og der eine slåtten skal takast med høsting og gjenveksten skal beitast (ca 20 dagar til høstbeite. Eitårig raigras spirer raskare enn toårig, men toårig har betre gjenvekstevne. Ei tidleg pussing med forhaustaren når planta er 15 cm (eller lett av beiting ) gjer at raigraset sett fart på veksten.

Fôrreddik når du har kort tid frå såing til beitestart. Den gjev noko mindre avling, opp mot 350 Fem, men utviklar seg raskt. Den bør beitast etter 50-60 dagar og etter blomstring går kvaliteten raskt ned. Ein sår 2 kg per daa.

Grønnfôrnepe vert dyrka en del og gjev store avlingar. Den har grovare struktur og egnar seg best til beite for gimrer og voksen sau fordi lamma vil lett vrake sjølve nepa. Ein vanleg sort er Marco og anbefalt såmengde er 0,4 kg/daa.

Rapsbeite lam TSM
Her er det sådd både raigras og raps for ein viste at det var stor skilnad på jordstukturen. Ein ser at der det er fuktig er det berre raigras. Foto: Torhild Svisdal Mjøen