Startpakke nye bønder

02.03.2017 (Oppdatert: 27.03.2017)

Er du ny som bonde? Som rådgjevarar ser vi fordelen i å få ein god start som bonde. Vi har derfor starta med ein prosjekt vi kallar «Startpakke nye bønder» med støtte frå Sør-Trøndelag fylkeskommune, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag og Norsk Landbruksrådgiving.

Om du vil bli med er du sikra å få på plass dei krava som blir stilt når det gjeld KSL, jordprøver, gjødselplan mm. Du vil også få medlemsskap i Norsk Landbruksrådgiving i eitt år. Då vil du få medlemsblad, e-postmeldingar, enkel rådgiving pr. telefon og medlemsprisar på rådgivingstenestene våre.

I tillegg til dette inngår noko vi kallar «Dynamisk Strategi». Dette utgjer 15 rådgivingstimar. Formålet med dynamisk strategi er å utarbeide og dokumentere kva slags mål ein har for drifta, kvar ein står i dag og kva ein må gjere for å nå dei måla ein har satt seg. Frå dette vil ein få to A4-ark som viser på ein god visuell måte kva slags planar ein har. Dette er dokument som ein kan ta med til banken når ein vil søke om lån, og slik enkelt forklare kvar ein er og kvar ein vil. Hovedformålet med dynamisk strategi er å sette ord på kva som motiverer og er drivkrafta for å drive med landbruk, og slik finne ut kva slags fokus ein bør ha når ein tek små og store val, for eksempel investeringar i fjøs, maskiner og liknande.

I løpet av ein 2 års periode vil de også bli invitert med på eit fagmøte med eit aktuelt tema i lag med andre som er deltakarar i prosjektet.
Eigenandelen er kr 5000 for å vere med i prosjektet, men totalt vil de i løpet av perioden få rådgivingstenester for kr 25 000.

For påmelding og spørsmål send e-post til siri.langmo@nlr.no (mobil: 913 89 813), med navn, epost-adresse og mobilnummer.