560 sauebønder og andre med interesse for sau var samla til Lammekongress på Scandic Hell i Stjørdal helga 18.-19. februar.

Norsk Landbruksrådgiving er med å arrangere den store lammekonferansen og på NLR si utstilling informerte dei om tilboda NLR Vest har på rådgjevingstilbod til sauebonden. Grovfôrkvalitet er eit viktig tema i rådgjevinga vår og på utstillinga vart det arrangert ein konkurranse i vurdering av grovfôrkvalitet.

Wenche Steinsbø frå Mosterhamn på Bømlo vart den heldige vinnar i konkurransen på grovfôrkvalitet.

Ho trefte «innertiar» der ho vurderte prøven slik: Grovfôret kan brukast i lågdrektigheitstida. 0,81Fem, 35 % Tørrstoff og 820 NDF pr kg TS noko som var svært nær analyseresultatet.

Vinnaren får gratis grovfôranalyse frå Ofotlab og NLR Surfôrtolken.

På biletet ser me vinnaren Wenche Steinsbø t.h. og NLR rådgjevar Torhild Svisdal Mjøen

Grovforvinnar Lam 2023