Mange har hatt ein utfordrande sommar, og har lite vinterfôr på lager. Debio har lagt ut informasjon om korleis ein bør gå fram utan å kome i konflikt med økologiregelverket. Det viktigaste er: Dersom du ikkje klarer å få tak i tilstrekkeleg økologisk fôr, må du før du fôrar med ikkje-økologisk fôr, søkje om løyve til dette.

Og hugs: NLR sine rådgjevarar kan hjelpe deg med å sende søknad til Mattilsynet, lage dokumentasjon av fôrlager, og liknande. Vi har også ofte kunnskap om fôr som er til sals i området.

Les kva Debio tilrår å gjere innanfor regelverket: Har du nok fôr til den kommende vinteren? - Debio