Heldigvis er situasjonen ein annan i Namdalen. Pr 6.sept er det ikkje oppdaga tørråte i settepotetproduksjonen. Noe som lovert godt for neste år.

Markdagen inneholdt omvising i bla. sortsforsøk med nye potetsortar frå Graminor og det store utland. Utprøvinga er eit ledd i ei landsomfattande sortsprøving i regi av GRAMINOR. I feltet har ein med dei mest lovande kryssingar frå Graminor og lovande sorter frå utlandet.

Dagen ble avslutta med omvising i eit felt med ulike vekstavsluttingsstrategiar i Folva. Her så ein på tidleg start (28 dagar før opptak) med små dosar Gozai (20 ml/daa) og tilsvarande start med eddiksyre (12 % konsentrasjon). På noen av ledda er sprøyta på nytt etter 7 dagar, på andre skal ein vente 14 dagar før neste dose. Hovudformålet er å undersøke om ulike behandlingar har effekt på nedvisningshastigheit og skalkvalitet. Vi så på effekt av det som er gjort 14 og 7 dagar tidlegare.


Dagen på Værnes Prestegård, Stjørdal, 8. sept bestod av

  • Omvising i forsøksfelt
  • Gjødslingsforsøk til Asterix
  • Verdiprøving
  • Nye sorter til fritering og chips
  • Bladgjødsling med fosfor til Lady Claire
  • Vatningsforsøk (ha-ha)
  • Prøving av lovande sortar frå Graminor og utlandet
  • Tørråtesituasjonen, opptaking, tørking og lagring
  • Vekstavslutting – omvising i forsøksfelt med ulike opplegg for å få god skalkvalitet

NLR Trøndelag stilte med Harald Ferstad og Jon Olav Forbord. Arnt Klepp kom frå Hoff Sundnes.

Tørråtesituasjonen

Tørråten er framleis aktiv, særleg i åkrar med mye grønt ris. Leita tørråte på måndag og det var enklast å finne i åkrar med Kuras, Asterix og Saturna. Felles for dei var grønt og frodig ris. Etterpå har det blitt reine sommaren.

Langtidsvarselet er også triveleg lesing for tida. Vi har endeleg fått litt Trøndervêr. Sol og opptørking er gunstig for å redusere risikoen for tørråtesmitte under opptaking. Eit stødig langtidsvarsel gjer også at det er lite risikabelt å auke lengda på intervalla mellom tørråtesprøytinga. Endeleg kan det gå 10-12 dagar. Bruk VIPS-varsel etter Nærstadmodellen og vel sprøytetidspunkt. Så lenge det er grønt varsel er faren minimal. Men viktig å seinast sprøyte før neste runde med regn.

Vekstavslutting

Det er mange alternativ. Risknusing, Gozai og Spotlight, kvar for seg eller i kombinasjonar.

I gamle forsøk med vekstavslutting er hovudkonklusjonen grei:

«Tørråtesoppen er biotrof, det vil si at den må ha levende plantemateriale for å vokse og utvikle seg. Det viktigste tiltaket for å få redusert mengde tørråtesmitte ved opptaking, er å få drept riset. Hvordan riset drepes er trolig av mindre betydning.» (Nærstad et al. 2006).

I tillegg har andre undersøkingar vist at smitten kan vera effektiv i 3-4 veker i jorda, når det er tidleg tørråteangrep. Kanskje kan stor innsats mot tørråte gjennom juli og august, bli godt betalt, om ein får opp poteten under gode vilkår.

Dei mest aktuelle vekstavsluttingsopplegga er:

• Risknusing og ingenting anna

• Risknusing til 25-30 cm stubb, oppfølging av 40 - 80 ml Gozai + 150 ml Renol/Mero

• 2 x 40-80 ml Gozai + 150 ml Renol/Mero

• 1 x 40-80 ml Gozai + 150 ml Renol/Mero, 1 x 100 ml Spotlight Plus

• 1 x 100 ml Spotlight Plus

(Rekkefølga er tilfeldig og ikkje på bakgrunn av eit forsøk på rangering, ein kan også velje andre dosar)

Behandlingsfristen for Gozai er 14 dagar og for Spotlight Plus 7 dagar. Gozai har I tillegg krav om 10 meter vegetert buffersone på areal som heller meire enn 2 meter ned mot vatn, når avstanden er mindre enn 50 meter. Spotlight Plus kan berre brukast kvart tredje år på same areal. Avdriftsreduserande tiltak er nødvendig for å redusere avstandskrav til vatn for begge middel.

Lagringspotet

Fukt ved opptak og manglande opptørking etterpå, gir størst risiko for smitte på knollane.

Graveprøver

Åtets graveprøver er i hus og resultata til utrekning. Kort oppsummert ligg dei fleste sortane litt etter fjoråret i utvikling. Men det er ikkje mye. Vi fann heller ikkje tørråte på noen knoll under kvalitetsbedømminga. Lite skurv og generelt god kvalitet. Det kan bli bra…..

Litteratur:

Betydning av Reglone for tørråtesmitte. Ragnhild Nærstad et al., Bioforsk Fokus 1, 2006. 132-133.

Potetkorg 1 002