NLR Trøndelag følgjer deg som dyrkar grovfôr tett opp. Rådgjevinga vert tilpassa behovet du har på din gard. Om du berre treng litt, litt meir eller mykje rådgjeving gjennom grovfôrsesongen i år, så finn du tilbod her!

NLRpluss Grovfôr er ei hjelp til deg for å auke avlinga og betre kvaliteten på grovfôret ditt. Dette vil sjølvsagt også bidra positivt på økonomien i drifta di. Du vel sjølv kva vi skal ha fokus på, men vi startar med ein avklaringssamtale og legg ein plan framover.


Her er døme på kva vi kan tilby deg gjennom sesongen:

Justering av gjødslingsplanen

  • Nøye gjennomgang og justering av planen.
  • Fokus på utnytting av husdyrgjødsla og optimal tilpassing av mineralgjødsla.
  • Om ynskjeleg kan vi vere med å vurdere enga ved gjødslingstidspunktet.


Synfaring av eng om våren

  • Situasjonsrapport og tiltak til forbetring.


Verknad av husdyrgjødsla

  • Vurdering av tørrstoffinnhald og innhald av næringsstoff.
  • Ta ut prøve av gjødsla.


Jordstruktur og jordhelse

  • Stikkprøver ved bruk av spade.
  • Jordprofil.


Val av såfrø

  • I attlegg og til reparasjonssåing.
  • Overgang til bladgrasartar eigna til tre slåttar?
  • Frøblandingar tilpassa sterk hjortebeiting.


Markvandring rett før slått

  • Vurdering av slåttetidspunkt og ugrassituasjon, basert på utviklingsstadiet i enga og verprognosar framover.


Plantevern

  • Plan for bekjemping av ugras i attlegg og i eng/beite.


Fôrbestilling frå fjøsen

  • Planlegging/avlingsprognose.
  • Tiltak for å nå oppsette måla.


Beitedrift

  • Heilheitleg beiteplanlegging for alle dyreslag, både intensiv og ekstensiv drift.


Avlingsregistrering

  • På einskildskifte eller totalt for drifta. Inkluderer fôrprøver og veging av rundballar.


Surfôrprøver

  • Uttak av prøver og tolking av resultat gjennom NLR Surfôrtolken


Oppfølging gjennom sesongen via teams, telefon

  • Ein del problemstillingar kan diskuterast og løysast utan å vere på staden.


Evaluering av sesongen

  • Kva gjekk bra og kva gjekk gale?
  • Planar for neste år?


Presisjonslandbruk

  • Rådgjevarane Truls O. T. Hansen og Sanna Krüger Persson kan hjelpe til med råd før kjøp av utstyr og kan hjelpe deg med å kome i gang (Oppstartsråd).


Maskinrådgiving

  • Rådgjevar Atle Haugnes kan gje deg råd når det gjeld kjøp av alle slags maskiner og utstyr


Grovfôrøkonomi

  • Vurdering av små og store investeringar, eige utstyr kontra leige; til dømes eige eller leige presse, investere i rake- og vendeutstyr, transportkostnadar, rundball/silo m.m. Vi kan òg ta ein full gjennomgang av grovfôrkostnadane på bruket ditt og sjå kva moglegheiter du har for effektivisering.


All utført rådgiving innan NLRpluss Grovfôr blir fakturert til medlemspris på kr 775 pr. time.

Såleis er dette opplegget godt tilpassa både for deg som vil bruke oss litt, og til deg som vil bruke oss mykje gjennom sesongen!

Bestiller du NLRpluss Grovfôr er du garantert rask respons og tett oppfølging.

Påmelding NLRpluss Grovfôr