Det ble inngått avtale med kommunen om at NLR Trøndelag har ansvar for drift av jord og driftsbygningar. Det gjorde at ein frå årsskiftet 2020/2021, plutseleg fekk om lag 170 dekar jord, som var særs godt egna til forsøksverksamheit til rådigheit. I tillegg ble det etter godt arbeid og krevande forhandlingar utover våren 2021, inngått avtale om leie av jorda på Værnes Prestegard. Utleigar er Opplysningsvesenets Fond. På Værnes er det om lag 230 dekar, dominert av siltig sand. Jorda på Værnes Prestegard har vore i bruk som forsøksjord sida slutten av 1970-talet.

NLR Trøndelag gjekk derfor frå å vera heilt avhengig av mange velvillige feltvertar, som ved eit trylleslag å bli herre over nesten 400 dekar, særs godt egna forsøksjord med både leir- og sandjord. Berre det at vi har tilgang på både leir- og sandjord, har gjort det særs enkelt å gjennomføre forsøk som skal ha ein bestemt jordart.


Første sesong
i eget hus

Våronna starta for fullt dei første dagane i mai, og det kravde stor innsats i alle ledd for å få hjula i gang. Men innsatsen var upåklageleg, vêret godt og pågangsmotet stort. Og i løpet av 14 dagar var sorts-, gjødsling- , vekstskifte- og jordarbeidingsforsøk i jorda. Alle var med, og det gjekk verkeleg unna når forsøka med biorest og husdyrgjødsel vart gjennomført.

Etter at det meste av kornet var i jorda, kom det tre hektiske dagar med potet. Og før mai var omme var 6-7 dekar med potetforsøk i jorda. Ved sida av sorts- og gjødslingsforsøk, var det også satt av nok areal til at en kunne gjennomføre prosjekt med vatning, bladgjødsling med ulike fosformiddel og biostimulantar på særs godt egna areal.

På grovfôr ble det lagt ut egne forsøk med gjødsling og sortar plassert på Kvithamar. Det ble også lagt ut noen nye felt og sådd nok gjenlegg til å ha egna areal for framtidige utfordringar med grovfôrforsøk.


Utstyr

NLR Trøndelag har i løpet av sesongen investert fornuftig på utstyrsfronten. Vi har no egen traktor, plog, harv, ugrasharv og anna utstyr som er nødvendig til drifta. Når ein i tillegg har fått til eit godt samarbeid med fleire gardbrukarar i nabolaget og står på god fot med maskinbransjen i nærområdet, skal det mye til før det stoppar på utstyrssida. Det ser heller ut til at vi er i ferd med å bli attraktive for utprøving av nytt utstyr.

God tilgang på utstyr er viktig, men utan velvillige gardbrukarar hadde det blitt vesentleg meir krevande å gjennomføre bl.a. jordarbeidingsfelta på Kvithamar og Værnes.


Vekstsesongen

Årets vekstsesong var prega av periodar med særs godt vêr og lite nedbør, og kan oppsummerast som kort og hektisk. Det var krevande å rekke alle arbeidsoppgåver i tilknyting til forsøksfelta. Likevel er det lett å sjå den store gevinsten som ligg i å ha mange felt og prosjekt samla på ein plass. Det blir vesentleg mindre tid i bil, og meir tid til arbeid i felt.

Erfaringane etter ein sesong med Nye Kvithamar, lover godt for framtidig kunnskapsutvikling i regi av NLR Trøndelag til beste for trønderbonden.

Arena Kvithamar

I løpet av første sesong på Kvithamar, har det blitt arrangert fleire fagdagar, med godt besøk både av korn, potet og grasprodusentar. Målet er at en i åra som kjem skal bruke forsøk og anna aktivitet til å gjera Kvithamar til ein naturleg møteplass for bønder.

Kvithamar aktiviteten i ar
Landbruksdirektør Tore Bjørkli har innlegg under den offisielle åpning av Nye Kvithamar. Foto: Jon Olav Forbord
Kvithamar aktiviteten i ar 1
Ann Elin Hunnestad i aksjon, vekstskifteforsøket i korn på Kvithamar. Foto Jon Olav Forbord
Kvithamar aktiviteten i ar 3
Såing av gjødslingsfelt i korn på Værnes. Foto Jon Olav Forbord