Møkk er ikkje «always the same shit». Både tørrstoffinnald og næringsverdi varierer mykje, og det kan være store avvik frå «normtala», avhengig av for eksempel driftsform, utforming av gjødsellager mm. Å ta prøve av husdyrgjødsla er derfor fornuftig både av hensyn til miljø og pengepung. Ekstra viktig er det om du har blanda inn biorest, eller har blanda ulike typar gjødsel. Vi har ingen normtal for slike blandingsprodukt.

Du kan ta ut prøva sjølv etter at du har skaffa ei flaske berekna på formålet. Slike flasker får du hos din lokale rådgjevar. Det er også ein del FK-butikkar, handelslag og liknande som har slike flaskar. Flaskene er gratis.

Det er særs viktig at gjødsla er godt omrørt før prøven blir tatt. Det greiaste og sikraste er å ta ut prøve frå tankvogna i samband med spreiing. Vent med å ta prøve til du har køyrt ut 20-40 cm av lagret. Fyll flaska (1 liter), merk både flaska og emballasjen i hht retningslinjene frå laboratoriet. Putt flaska i frysaren viss du ikkje rekk å sende prøva same dag. Ta gjerne nokre ekstra plastposar utanpå så ikkje skitlukta set seg i gjærbaksten som ligg ved sida av…..

Rekvisisjonsskjema for husdyrgjødsel hos Eurofins

Hugs signatur og organisasjonsnummer og sett gjerne din lokale rådgivar som kopimottakar!

For dei fleste er det mest aktuelt å velje analysepakka «Standard gjødsel». Da blir prøva analysert for tørrstoff, nitrogen (N), ammonium-N (NH4 -N), fosfor, kalium, svovel og pH. Prisen er for tida kr 995,-.

Analysesvaret får du vanlegvis etter eit par-tre veker. Har du gjort uttaket på rett måte kan verdien brukast i gjødslingsplanlegginga på garden din i fleire år framover.

Vi foreslår også at du tar ein tur innom NIBIO sin N-kalkulator for husdyrgjødsel
Her kan du legge inn/velge ulike gjødseltypar, tørrstoffverdiar og spreiemetoder/forhold, og sjå kor stor betydning det har for både N-utnyttinga og N-tapa.