Jord og alle dei tilhøyrande emna har fått særleg fokus i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) den siste tida. No skal ei gruppe rådgjevarar utgjere nasjonale fagressursar som skal arbeide med kompetanseheving og utvikling av rådgivingstilbod.

– Dei skal systematisk bygge kompetanse som skal kome både rådgivarar og medlemmer i NLR til gode. Jord er eit krevjande fagfelt, seier Kjersti Berge, fagkoordinator økologisk i NLR.

Dei nye rådgivingstilboda vert omtala i informasjon frå din region så snart det er klart.

Jord spelar inn på mykje

Berge peikar på mange faktorar kor god jordhelse spelar inn. Ho er klar på at bonden treng råd som er tilpassa sin gard og si drift, og særleg når ein snakkar om klimatilpasning.

– Det er store variasjonar over landet. Difor vil ein gjennomgang med ein rådgjevar på din gard vere nyttig. Jord vil også vere ein naturleg del av ein diskusjon kring utslepp av klimagassar på den enkelte gard, seier Berge.


– NLR sitt rådgivingstilbod innanfor jord skal vere tilpassa alle. Det vil seie at ein skal ha like stor nytte om ein driv konvensjonelt som økologisk. Ein kjem aldri i mål med arbeidet for god jord, seier Kjersti Berge som er fagkoordinator økologisk i Norsk Landbruksrådgiving.

Skjermbilde 2021 02 19 kl 11 05 32

Ikkje berre for økologisk

Sjølv om det økologiske landbruket og økologiske prinsipp vektlegg jord og jordhelse sterkt, og i så måte har vore i førarsetet når det gjeld å tenkje på jord, vil ikkje den auka satsinga frå NLR berre vere for dei økologiske produsentane.

– Vårt rådgivingstilbod innanfor jord skal vere tilpassa alle. Det vil seie at ein skal ha like stor nytte om ein driv konvensjonelt som økologisk. Ein kjem aldri i mål når det gjeld å arbeide med god jord, seier Berge.

Dersom du har stor interesse for jord, oppmodar Kjersti Berge om å abonnere på fagbladet Økologisk Landbruk, der dette er eit av mange tema som det jamleg vert skreve om.