I høyringa om å heve minstefarten på motorveg er dette oppgitt som bakgrunnen:

Endringsforslagene har til hensikt å utjevne hastighetsforskjellene blant kjøretøy på norske veier, og på den måten bidra til bedre trafikkflyt, forbedret fremkommelighet og økt trafikksikkerhet.

Den delen som er relevant for oss som køyrer traktorar og landbruksmaskiner, går på å heve minstekravet til konstruktiv hastigheit for å kunne køyre på motorveg og motortrafikkveg (tidlegare motorveg klasse A og B) frå 40 til 60 km/t.

Mykje å ta tak i

NLR og Bondelaget peikar på at høyringsutkastet er mangelfullt utgreidd:

  • Det er knapt lagt fram dokumentasjon som viser at saktegåande køyrety er til så stort hinder for trafikkflyt og framkomelegheit at det krevst inngripande tiltak av dei grunnane.
  • Vurderinga av ulukkessituasjonen ser ikkje ulukkene i eit større bilete.
  • Der er ingen omtale eller vurderingar av kva konsekvensar høyringsforslaget har for trafikksituasjon og trafikktryggleik på alternative vegar. Det er heller ikkje drøfta kva som faktisk finst av reelle parallellvegar som traktorane og landbrukstrafikken kan bruke.
  • Endringa vil kunne gi Noreg vesentleg strengare regelverk enn nabolanda.
  • Dei direkte og indirekte økonomiske konsekvensane for brukarane av traktorar og landbruksmaskiner ser ikkje ut til å vere vurderte.

Det at høyringsdokumentet er såpass mangelfullt fører til at svaret frå NLR og Bondelaget er desto grundigare. Totalt er svardokumentet på 11 sider, og dei to organisasjonane har lagt ned eit omfattande arbeid i å skaffe fram både fagleg dokumentasjon og praktiske døme.

Ber om inga endring og mange endringar

NLR og Bondelaget ber om at dagens regelverk for minstehastigheit på motorveg blir halde uendra.

Samtidig har høyringa vist at det stadig er stort behov for å ta tak i ei lang rekkje andre tilknytte problemstillingar. NLR og Bondelaget meiner difor at desse punkta må takast tak i:

  1. I krava for å sette opp skiltet «Motorveg» er det stilt krav om at der skal finnast eit tilfredsstillende parallellvegnett. Dette kravet meiner vi også må stillast for å bruke skilta «Motortrafikkveg» og «Forbudt for traktor».
  2. Vegvesenet og representantar frå landbruket bør saman utvikle ei felles forståing for kva som ligg i omgrepet tilfredsstillende parallellvegnett for traktorar og landbruksmaskiner.
  3. Kravet om å ha eit tilgjengeleg parallellvegnett må også gjelde landbruksmaskiner ved midlertidige omkøyringar.
  4. Det vil vere rimeleg å finne ordningar som ikkje forskjellsbehandlar traktorar og landbruksmaskiner frå andre saktegåande køyretøy.
  5. Vegvesenet, saman med representantar frå landbruket, må starte eit arbeid som sikrar at traktorar og landbruksmaskiner blir tekne omsyn til i Vegvesenet sine handbøker og alle andre krav til utforming og planlegging av vegar og transportårer, og til trafikkhandteringa på desse.

Landbruket blir ikkje teke omsyn til

Eit grunnleggande problem både i denne saka og veldig ofte elles, er at Statens Vegvesen ikkje har nokon samordna strategi for korleis traktorar og landbruksmaskiner skal handterast. Det tydelegaste dømet på det er ei handbok som heiter N100, som regulerer utforminga av vegar og gater.

I N100 er det definert kor brei plass gåande med førarhund treng, kor stor høgde ein syklist må ha, kva svingradius der er på brannbilar med stige og kor lang ein strekning bør vere ved gitte trafikktal før det er aktuelt med 90 km/t som fartsgrense.

Den 120 sider tjukke publikasjonen har klare føringar på nær sagt alle område for gående, syklende, kollektiv-, gods og personbiltrafikk, for å sitere direkte. Mellom anna er det spesifisert behovet for samanhengande hovednett for gåande, syklande, kollektivtrafikk, godstrafikk og personbiltrafikk.

Alt dette er bra, og bidrar til at vegane for det aller meste blir godt laga og skikkeleg utforma. Likevel: Ordet «Traktor» er nemnt null gongar i denne normalen. Landbruksmaskin er omtalt null gongar. Landbruk er i det heile omtalt null gongar. Det same ser vi elles i dokument og grunnlagsmateriale for bygging av veg og regulering av trafikk: Landbruksmaskinene, dimensjonane på desse og omsynet til behova for å kunne ta seg fram langs veg er ikkje-eksisterande i planverktøya og retningslinjene som styresmaktene skal følgje.

Difor er eit av dei viktigaste krava etter denne høyringa nettopp at det blir starta eit arbeid som tar inn traktorar og landbruksmaskiner i vegnormalar og liknande. Både Bondelaget og NLR har meldt seg for å bidra i eit slikt arbeid.

Trafikktryggleiken

Viss det blir forbode med køyrety med lågare fart enn 60 km/t på motorveg og motortrafikkveg, betyr ikkje det at desse blir borte eller ikkje lenger har behov for å flytte seg. Det betyr berre at desse køyretøya må velje andre vegar. Nokre gongar er dei alternative vegane langt meir farlege å køyre på enn dei breie og raske vegane. Somme gongar må du gjennom eit bustadfelt med hekkar og leikande born. Andre gongar gjennom bykjernen, eller langs ein trong veg med mindre trafikk, men der det er vanskeleg å sleppe forbi dei som kjem bakfrå. Av og til er situasjonen så grei at der er ein god og nesten trafikkfri gammalveg i god stand, parallelt med den nye og raske vegen.

NLR og Bondelaget meiner det er heilt i orden å forby traktorar og andre saktegåande køyretøy føresett at det finst ein god og trygg parallellveg. Viss ikkje, må den samla trafikktryggleiken vurderast grundig. Ofte viser erfaringa at det då er den breiaste og finaste vegen som gir best trafikktryggleik samla sett, sjølv om det er der skilnaden i fart kan vere høgast.

Vegvesenet sin eigen statistikk viser at det er temmeleg få påkøyrsler av traktor bakfrå på dei raske vegane. Der er faktisk ti gongar så mange påkøyrsler bakfrå på alle andre vegar, som der er på dei raske vegane. Traktorulukkene på motor- og motortrafikkveg utgjer 0,01 prosent av trafikkulukkene totalt her i landet. I den perioden Statens Vegvesen har samla statistikk til den store trafikkulukkesdatabasen sin, har det skjedd færre ulukker med traktor på motor- og motortrafikkveg enn der var ulukker på gang- og sykkelveg i første halvår i 2019, berre for sette ting litt i perspektiv.

NLR og Bondelaget slår difor fast at dei føreslåtte tiltaka langt frå ser ut til å vere proporsjonale med den mogelege gevinsten.

Høyringssvaret frå landbruket kan du lese her (PDF-fil til nedlasting):

Hastighetsforskjeller på veg – saktegående kjøretøy og bil som trekker tilhenger. Høringssvar fra Norsk landbruksrådgiving og Norges Bondelag

Høyringsdokumenta finn du her (ekstern lenke til Statens Vegvesen)

Forslag til endringer i diverse forskrifter for å redusere hastighetsforskjeller mellom kjøretøy på veg


Traktor motorveg jma
NLR og Bondelaget ber om at det blir teke omsyn til traktorane og landbruket sine behov, og den totale trafikktryggleiken, før landbruksmaskiner blir utestengde frå motorvegar og for den del kva som helst slags andre vegar.