Skal du ta prøver av husdyrgjødsla?

08.05.2020 (Oppdatert: 08.05.2020) Astrid Johansen

Møkk er slett ikkje «always the same shit». Både tørrstoffinnald og næringsverdi varierer mykje, og det kan være store avvik frå «normtala», avhengig av for eksempel driftsform, utforming av gjødsellager mm. Å ta prøve av husdyrgjødsla ein gang i blant kan derfor være fornuftig både av hensyn til miljø og eigen pengepung. Særleg viktig er det om du har blanda inn biorest, eller har blanda ulike typar gjødsel. Vi har ingen normtal for slike blandingsprodukt

Vet du hva husdyrgjødsla di inneholder? Foto: Ragnhild Borchsenius

Du kan ta ut prøva sjølv etter at du har skaffa ei flaske berekna på formålet. Slike flasker får du hos din lokale rådgjevar.

Uansett når/koss du tar ut prøva er det viktig at gjødsla er godt omrørt før prøven blir tatt. Det greiaste og sikraste er å ta ut prøve frå tankvogna i samband med spreiing. Vent med å ta prøve til du har køyrt ut 20-40 cm av lagret. Fyll flaska (1 liter), merk både flaska og emballasjen i hht retningslinjene frå laboratoriet. Putt flaska i frysaren viss du ikkje rekk å sende prøva same dag. Ta gjerne nokre ekstra plastposar utanpå så ikkje skitlukta set seg i gjærbaksten ved sida av…..

Rekvisisjonsskjema for husdyrgjødsel hos Eurofins: https://cdnmedia.eurofins.com/european-east/media/2851780/bestill-gjoedsel.pdf Hugs signatur og organisasjonsnummer!

For dei fleste er det mest aktuelt å velje analysepakka «Standard gjødsel». Da blir prøva analysert for tørrstoff, nitrogen (N), ammonium-N (NH4 -N), fosfor, kalium, svove og pH. Prisen er for tida kr 995,-.

Du kan sjølvsagt også be om hjelp frå NLR til uttak av gjødselprøver. Vi tar oppdraget for kr 700 pr time hos våre medlem.

Analysesvaret får du vanlegvis etter eit par-tre veker, og har du gjort uttaket på rett måte kan verdien brukast i mange år i gjødslingsplanlegginga på garden din.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.