Fersk bonde - no kan du få eigen mentor

29.10.2020 (Oppdatert: 24.11.2020) Torhild Svisdal Mjøen

Lærerikt og nyttig, er haldninga frå deltakarane i Mentorordninga i landbruket. Her er det rom for alle dei underlege spørsmåla ein nyoppstarta bonde har. Påmelding innan 1. des.

Deltakarar i frisk øving i kommunikasjon på oppstartmøte i januar 2020. (Foto: Torhild S. Mjøen)

Mange meiner at mentorordninga mesta burde vore obligatorisk for alle som startar opp i landbruket. 

– Det er vesentleg å ha tilgang på ein god og objektiv diskusjonspartner, og kunnskapsoverføring i praksis, kjem det frå tidlegare deltakarar.

– Deltakarane er klare på at mentorordninga har vore lærerik og nyttig, fortel Torhild Svisdal Mjøen som er regionkontakt i NLR Trøndelag.

Mentorordninga blir halde fram som ein svært viktig arena for diskusjon, og råda går ikkje berre den eine vegen.  Ordninga innebær at dei ferske bøndene har rett på inntil fem møter med mentoren som dei har gjort ein forpliktande avtale med.

Gjennom mentorordninga får den nyetablerte bonden ein diskusjonspartnar som har sagt seg villig til å stille opp, og som får godtgjering for jobben. Det senkar terskelen for å ta kontakt og stille alle dei underlege spørsmåla ein nyoppstarta bonde sitter med. 

 

Erfarne mentorar

– Ein del søkarar ber om ein spesifikk mentor når dei søkjer, og nokre mentorar søkjer sjølv om å få vere med. Utanom det er det regionkontaktane, i samarbeid med faglaga og Innovasjon Noreg, som finn passande produsentar. I Trøndelag har vi mange erfarne mentorar og også nokre vi ikkje har fått brukt enno, fortel Mjøen.

– Vi prøver å unngå for stor geografisk avstand samt å finne nokon som har kunnskapar i den spesifikke produksjonen, og da treng vi mange mentorar å velje i.

For å opprette kontakt mellom partane, vert det arrangert ei obligatorisk oppstartssamling for alle del­takarane i kvar region. Der vert dei blant anna kursa i kommunikasjon og får møte representantar frå faglaga og Innovasjon Norge. På slutten av året har dei ei felles evalueringssamling for alle deltakarane i kvar region, der  blant anna fysiske møter mellom mentor og fersk bonde, telefonkontakt og samlinga blir evaluert.

Mange har rapportert at dei har hatt stort utbytte av samarbeidet. Det har vore litt ekstra utfordringar dette  året med corona, men dei fleste har greid å løyse dette på gode måtar og så no.

 

Ei positiv erfaring for båe partar

Tilbodet er gratis for deg som fersk bonde.  Når vi har kontakt  med dei som har delteke på slutten av året, seier både den nye bonden og mentoren at samarbeidet har vore lærerikt. Den nye bonden har fått svar på mange spørsmål og nyttige råd for drifta si.

Mentoren på si side, har fått moglegheit  til å tenke litt igjennom kvifor han faktisk driv på den måten han gjer. Mange er også veldig glade for å kunne dele av erfaringa si og sjå at det kjem nye, friske krefter inn i landbruksnæringa. 

 

Vil du vere med?

Det er plass til om lag 15 mentorpar i Trøndelag i 2021. Både inna tradisjonelt landbruk med alle produksjonar, og bygdenæringar er svært aktuelle.

– Vi har også deltakerar som vil ha mentor som driv med Inn på tunet, gardsutsal eller alternative produksjonar. Det einaste som er viktig, er at ein må ha ei klar målsetjing om kvifor ein vil ha ein mentor, slik at ein kan få best mulig utbytte, forklarer Mjøen. 

– Mentorordninga passar for yngre bønder der den erfaringsbaserte kunnskapen vert vektlagt, og som ønsker praktisk læring.

 

Søknadsfrist

For å få tildelt ein mentor, må ferske bønder søkje inna 1. desember.

 

Vil du dele di erfaring med yngre bønder?

Vi trenger kontakt med erfarne bønder som kan vere mentorar, har du lyst vonar vi å høyre frå deg! Det blir oppstartsamling der para treff  kvarandre første gongen i januar. Deretter skal de ha kontakt gjennom eit helt driftsår med diskusjonar omkring dei ulike arbeidsoppgåvene på garden. 

Har du spørsmål om ordninga, kontakt Torhild Svisdal Mjøen som er regionkontakt for Trøndelag. Mobil 955 57 932.

 

Fleire artiklar om mentorordninga:

Mentorordninga i landbruket

Mentorhjelp for grønne dyrkere

Avgjørende mentorhjelp i starten som bonde

Nå driver jeg med sau



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.