Skal sjekke radioaktivitet i norsk grovfôr

24.10.2019 (Oppdatert: 24.10.2019) Astrid Johansen

Som ledd i ein beredskapsplan i forhold til framtidige atomutlykker ønskjer myndigheitene å kartlegge statusen for innhald av radioaktive stoff i vinterfôret som blir brukt i norske husdyrbesetningar rundt om i landet. NLR har teke på seg oppgåva med å samle inn prøvene.

Sau som har beita i utmarka sjekkes stadig i enkelte kommunar, men vi kjenner dårligare til radioaktivitet i norsk grovfôr fra innmarka. (Foto: Astrid Johansen)

Det har gått 33 år frå ulykka ved atomkraftverket i Tsjernobyl i Russland. Som følgje av at radioaktivt nedfall kom med regn austfrå i dagane etter ulykka, blei også deler av det norske landbruket ramma. Omfattande tiltak blei iverksett, med nedfôring, innlegging av bolusar og tilsetting av ulike stoff i kraftfôret som skulle hindre opptak av dei radioaktive stoffa frå fordøyelseskanalen hjå dyra.

Ettersom fleire av dei radioaktive isotopane er langliva, må gardbrukarar i 37 kommunar rundt om i landet fortsatt fôre ned dyra sine etter at dei kjem heim frå utmarka.

Dei radioaktive stoffa hopar seg bl.a. lett opp i sopp, og beitedyra êt mykje sopp utover hausten. Gode soppår bidreg såleis til å forlenge tidsperspektivet for nedfôring, og dette er ei ekstra utfordring som i første rekke rammer sauenæringa.

Kartlegging og beredskap 

Sjølv om det fortsatt er oppfølging av dei mest utsette kommunane, blir målingane i første rekke gjennomført på dyra og beitevekstene i utmarka. Ein kjenner imidlertid ikkje statusen for radioaktivitetsinnhaldet i dyrka grovfôr og koss denne eventuelt varierer.

I tilfelle det skulle skje ei ny ulykke, ønskjer myndigheitene å ha ein beredskap både i forhold til koss ein kan organisere ei effektiv innsamling av prøver for å kartlegge situasjonen etter ulykka, men også for å få kunnskap om «normalsituasjonen».

NLR har fått i oppdrag frå Folkehelseinstituttet å organisere og gjennomføre innsamlinga av surfôrprøver slik at denne blir mest muleg representativ, både når det gjeld geografi og grovfôrkvalitet.

Innsamling av surfôrprøver

Oppdraget er såleis at vi skal samle inn 180 surfôrprøver fordelt over heile landet, frå kyst til innland, frå lågland og fjell. Kriteria for utvelginga er at bruka det blir henta prøver frå ikkje skal ligge ved sida av kvarandre, at det skal være fôr frå førsteslåtten, og at prøvene blir merka med gards- og bruksnummer frå der dei er teke ut.

Prøvene skal være overlevert Veterinærinstituttet innan 1. desember 2019.

NLR vil få tilgang på resultata så snart dei er klare og vil formidle desse vidare til deltakarane. Ei oppsummering av prosjektet og resultata vil også bli presentert på fagmøter og/eller på våre nettsider

Vi håper på, og oppfordrar til, positiv velvilje dersom DU er ein av dei som blir kontakta av din lokale rådgjevar om å bidra med ei prøve på 500 gram til slike målingar.

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.