Ny medarbeider i NLR Trøndelag

06.09.2018 (Oppdatert: 06.09.2018) | Nyhet

Vi presenterer nyansatte i NLR Trøndelag. Denne gangen er det nytilsatt rådgiver i grovfôr, Astrid Johansen.

Astrid Johansen er nytilsatt som rådgiver i NLR Trøndelag. Foto: Knut Ivar Fiskum

Hei!

Eg har nettopp begynt som grovfôrrådgjevar i NLR. Eg er 56 år og er fødd og oppvaksen i Skorovatn i Namsskogan kommune. Sidan 1995 har eg budd i Stjørdal saman med mann og to born. Borna er blitt vaksne og har flytta ut for å studere, så til dagleg er det berre to katter i tilegg til meg og mannen i heimen.  

Eg er i den heldige situasjonen at eg kjenner mange av dei nye kollegene mine i NLR frå før, så "bli kjent"-runden har gått veldig greitt. Likeins var overgangen til nytt kontor svært enkel: Eg flytta berre eit par rom lenger opp i gangen i kontorbygget på Kvithamar i Stjørdal der eg har vore fast tilsett som grovfôrforskar i NIBIO (tidlegare Planteforsk og Bioforsk) sidan 1999. Før eg kom til Kvithamar var eg med på oppstarten av det treårige husdyrstudiet ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (no: Nord Universitet), og før der att budde eg fem år i Bodø. Der tok eg først ein doktorgrad på surfôr av engsvingel, og deretter var eg fagkonsulent i TINE eitt års tid. Eg har også prøvd livet som budeie og landbruksavløysar, men det var i prehistorisk tid. Grunnutdanninga har eg frå husdyrstudiet ved Norges Landbrukshøgskole/NMBU. Som forskar har eg særleg hatt fokus på (grov)fôrkvalitet og koss denne vert påverka av ulike driftsmåtar, beite- , hauste- og konserveringsstrategiar, og sjølvsagt også bruk og utnytting av fôret til storfe og sau. Eg har også arbeidd med fôr til gris og hest. 

Sjølv om eg skal ha fast kontorstad på Kvithamar i Stjørdal, håpar eg å etter kvart bli kjend med brukarar frå Lierne i nord til Oppdal i sør. Eg ser fram til å dele og bruke ein del av kunnskapen eg har med meg frå mi tidlegare yrkeskarriere, men er også viss på at eg har mykje å lære både av dyktige kolleger og av dykk som er brukarar!

Ta gjerne kontakt – mi avtalebok for hausten og vinteren er ikkje full enda.  

 

Astrid



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.