Gjødsling til 2.slåtten?

14.06.2018 (Oppdatert: 14.06.2018) ,  Torhild Svisdal Mjøen | Nyhet

Med redusert avling på førsteslåtten vil det vere sansynleg at det er att ein del gjødel i jorda etter vårgjødslinga. Men no er det viktig å få ein stor andreslått og vi vil derfor anbefale å gjødsle som normalt.

Foto: Ragnhild Borchsenius

Der ein vurderer om ein skal ta 2 eller 3. slåtter er det viktig å legge strategien no. Tenker du at det blir 2 slåtter gjødsler du som normalt, du kan ta slåtten såpass seint at det blir meir fokus på mengde enn på kvalitet. Og hugs da ingen tredjeslått i september, sjølv om graset blir langt, all erfaring tilseier at det fører til dårleg overvintring, om ein er ved kysten eller i høgare strøk!

Tenkjer du 3 slåtter, og prioriterer god kvalitet kan du vurdere å redusere ned litt gjødslinga til andre slåtten, da du vil kunne rekne med ettervirkning av vårgjødslinga. Gjødsling til 3.slåtten, bør ikkje vere for stor, kontakt din rådgjevar om dette når du kjem så langt.  

 

Kva så med husdyrgjødsla? Sjølv om det er tørt vil vi anbefale å kjøre ut husdyrgjødsla rett etter høstinga. Det er viktig å unngå tilsølt gras pga sporer, feilgjæring mm. Bland inn så mykje vatn som du kan (alt med måte der ein må kjøre med tankvogn .. ), meir vatn bind godt nitrogenet og får vaska næringa ned i jorda. Kjør helst når det er utsikt til regn (om ein er så heldig), og ikkje i solsteiken.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.