Bonde hjelper bonde

01.11.2017 (Oppdatert: 07.12.2017) Torhild Svisdal Mjøen

Mentorordningen er i Trøndelag gjennomført i 2017 med 9 par, der ein erfaren bonde stiller opp med råd for ein ung bonde. Søknadsfrist for 2018 er 13. desember.

Fra møte mellom mentor og ung bonde. Foto: Torhild Svisdal Mjøen

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for å iverksette eit mentorprosjekt, der erfarne gardbrukarar deler sine erfaringar med yngre eller nyetablerte gardbrukarar. NLR Trøndelag har vore eit av 4 pilotfylker til å teste ut denne nye ordninga. Norges Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukerlag og Innovasjon Norge er og involvert på regionsnivå. 9 unge bønder i fylket har fått sjansen til å motta dette tilbodet dette året.

Dei fleste både unge bønder og deira mentor var samla på Stjørdal i mars dette året for introduksjon til ordninga samt for å bli kjent. Mentorane har fått opplæring i kva det vil seie å vere mentor og dei unge bønder har fått informasjon. Para skreiv ein avtale om å møtast minimum 5 gonger i løpet av sesongen. Dei snakka med kvarandre i forkant om kva forventningar dei hadde til ordninga og dei avtalte møtetidspunkt og tema for første møte. I nokre tilfelle kjente dei litt eller noko til kvarandre, andre gonger ikkje. Somme hadde foreslått kven som skulle vere sin mentor – for andre hadde prosjektet valt ein person til dem.

Rapporteringa attende til oss er at alle har god kontakt med mentoren sin og at det er svært nyttig. I tillegg til besøk har dei unge bøndene og fått ein person som dei lett kan ringe til og spørje om alt som dukkar opp i kvardagen. Det at dei har ein avtale og at dei veit at mentoren har sagt ja til dette, fortel dei at det er mykje lettare å ta kontakt og bruke av mentoren sin tid. Mentoren får og ei lita godtgjering for å vere med på dette og det kan bidra til at terskelen for å bruke mentoren er lågare.

Det er i utgangspunktet mentor som skal kome til den unge bonde, men mange har og hatt eit gjensidig besøk, da det alltid er kjekt å sjå korleis andre gjer det, og det gjer det enklare å forstå kva mentor meiner, når ein kan sjå for seg korleis han eller ho jobbar heime på sin gard.

Dei unge bøndene driv med ulike produksjonar: Mjølk, storfekjøtt, sau og grønsaker. Nokon har vore i utbyggingsfase. Ein har ikkje bestemt kva han skal drive med. For dei mest nyetablerte er temaet korleis ein praktisk løyser oppgåvene. Her har alle med erfaring kunna bidra med praktiske råd. For andre som har drevet ei stund eller har vore i utbyggingsfase har det vore mogleg å hente erfaring frå mentorar som sjølv har bygd tidlegare. Ein har nettopp fått robotfjøs og ønskte ein mentor med erfaring med dette. Nokre har ønskt å bli flinkare på den produksjon dei driver, og da har det gjerne stilt større krav til mentoren, og det blir meir ei gjensidig utveksling av erfaring på eit anna nivå.

Mentorordningen kan altså brukas både for den helt ferske unge bonde og for dem som har drevet nokre år og som ønsker å jobbe med meir spesifikke områder. Det er derfor viktig at ein finner den rette mentoren i høve til behovet. Sidan dette er eit prøveprosjekt vil og dette bli evaluert i dette og det kommande året. Erfaringane frå 2017 i alle fylker tilseier at dette møte er viktig, da en her også legger et godt grunnlag for arbeidsform og en begynner å bli kjent med sin mentor.

Mentorordningen vil halde fram i 2018 som prøveprosjekt i Trøndelag og fleire fylke. Det vil bli mogleg for å søkje om å bli med 2018 med frist den 13. desember 2017 både for unge bønder og for mentorer.

 

Meir om Mentorordninga ser du i Landbrukstidende og på nlr.no


Vil du bli med i Mentorordningen?

I tillegg til Trøndelag omfatter prøveprosjektet Aust-Agder, Hedmark og Oppland, Sogn og Fjordane. Hører du hjemme i ett av disse områdene kan du søke om å bli med som ung bonde, mentor eller par.


Søknadsfrist er 13. desember 2017.

Søknadsskjema



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.