Kurset er eit 32 timars sikkerheitskurs som er minstekrav for å føre "masseforflyttningsmaskiner" med motorstyrke over 15 kW (20,4 Hk). Dette omfattar gravemaskin (også traktorgravar), hjullastar (også minilastar), dumper, veghøvel, bulldosar osv. Kravet gjeld og for landbruket og på eigen gard.

For å få rett til å køyre slike maskinar, må ein - i tillegg til dette kurset - gjennomføre ein praktisk eksamen for kvar maskintype. Kravet er minst 40 timar praksis på kvar maskintype. Kursdeltakarane må sjølv skaffe seg køyrepraksis og ein fadder som kan sjå til med den praktiske opplæringa.

Fagleg ansvarleg

Kristiansand Truckopplæring ANS (sertifikatnummer ATS-041 og sertifisert av ASAS)

Program

  • Torsdag 2/12: Start kl. 16.00 Informasjon om kurset, utfylling av dokument, introduksjon
  • Fredag: Full teoridag
  • Laurdag: Startar med teori, avsluttar med øvingskøyring av ulike maskintypar etter lunsj
  • Søndag: Startar med teori, avsluttar med 1 times skriftleg eksamen

Pris:

  • Medlemmar i Norsk Landbruksrådgiving: 8.900 kr
  • Ikkje medlemmar i Norsk Landbruksrådgiving: 9.900 kr

Kursprisen inkluderer forelesningar, kursbøker og anna kursmateriell, praktisk øving under kurset, teoriprøve, praktisk prøve/oppkøyring (når 40 timars-kravet er nådd), utsteding av kompetansebevis samt middag og kaffi/småmat alle dagar.

Vi må ha meir enn 13 deltakarar for å gjennomføre kurset.

For nærmare informasjon og påmelding kan du og kontakte Bjørn Steinar Skarbø.