
Har du ikkje tatt ut fôrprøver av årets grovfôr enda? Her følger ei kortfatta oppskrift på framgangsmåten, dersom du vil gjøre det sjøl. Ønsker du hjelp – ta kontakt med din rådgiver!
Fôrprøver frå eigen produksjon er det beste utgangspunktet for planlegging og styring av produksjonen i innefôringssesongen. Fôrprøvene frå i fjor er ubrukelege - dette er ferskvare!
Det beste er å bruke eit silobor til uttak av prøver, både i rundball og plan/tårnsilo. I plan og tårnsilo er det eigentleg ikkje noko reellt alternativ. NLR Trøndelag har (motorisert) bor, men vi har dårleg erfaring med utlån, så derfor kjem vi heller på besøk med bor og drill i bilen, og hjelper deg.
Her er oppskrifta dersom du ønskjer å ta ut prøver sjølv, utan bor:
Du har i prinsippet tre valmulegheiter for laboratorium når du skal sende inn prøvene til analyse; Eurofins, Ofotlab eller Felleskjøpet Rogaland Agder. Vi har ikkje grunnlag for å hevde at eitt laboratorium er betre enn det andre, så dette er opp til den enkelte å avgjere. Alle tre laboratoria har gode beskrivingar på sine nettsider om framgangsmåten for å sende inn prøvane, men generelt gjeld at:
Eurofins – https://www.eurofins.no/agro-testing/analysetjenester/analyse-av-grovf%C3%B4r-til-droevtyggere/ Standardpakka hos Eurofins (NIR næringsinnhold gressensilasje) kostar kr 763,- . Analysepakka kan nyttast til grassurfôr med inntil 90% kløver. Ved innblanding av meir enn 10% ANDRE vekstar (korn, raps, reddik, beter... ) må ein bestille kjemisk næringspakke (kr 1874,-). Nb! Dersom ein også skal ha mikrobiologiske analyser (hygienisk kvalitet; mugg, gjær, smørsyresporer etc) må det sendast inn to prøver à 0,5 kg av surfôret. Eurofins tar ekstra betalt betalt for hakking av prøver som har partikkellengde over 3 cm.
Ofotlab: https://www.ofotlab.no/tjenester/ruminants.html . Prisen for standardpakken er her kr 646,-. Hos Ofotlab får man også analyseresultat for fôrets innhold av smørsyre i tillegg til melkesyre, eddiksyre og propionsyre. Smørsyre er ikke med i grunnpakka fra Eurofins.
Felleskjøpet Rogaland Agder: https://www.fkra.no/plantekultur/analyser/bestill-grovforanalyser-hos-felleskjopet-rogaland-agder-article7949-453.html Pris: 925,- m/gjæringskvalitet. Tar muligens ekstra betalt for hakking av langpartikla prøver.