Bilde: Modelltraktorar på kontoret til Gunstein Dyrdal, NLR Vest, alltid sortert etter salsstatistikken i Noreg. Bildet er frå februar, altså januarsalet.

Når handelsgjødsel blir dyrare, blir husdyrgjødsla meir verdt. Når dieselprisen går opp, blir det viktigare ikkje å sløse når du køyrer.

Dei siste åra, og ikkje minst dei siste vekene, har prisane på alt av innsatsfaktorar gått beint opp. Det betyr også at ressursane du har på garden får større verdi. Og det betyr også at du må utnytte alt du kjøper inn endå meir effektivt.

Og dessutan: Det løner seg meir enn før å be om hjelp, for å få litt bistand i korleis maskiner og utstyr kan utnyttast betre. Det kan vere noko så enkelt som hjelp til å stille inn ein halvgamal gjødselspreiar. Eller det kan vere hjelp til å ta inn satellittar på plassar der himmelen berre er ei lita glippe over deg.

Det treng ikkje vere dei heilt dyre tiltaka. Berre det å køyre med rett lufttrykk i dekka gir utslag. Lite nok når du køyrer mest utanfor veg, og mykje nok når du køyrer mest på hardt underlag. Då sparer du diesel, og du reduserer jordpakkinga slik at du kan ta litt større avling.

For mange vestlandsbønder er presisjonslandbruk litt framandt, kan hende til og med litt skummelt. Saman med kollegaene mine i NLR jobbar vi for å vise at teknologien både er aktuell og trygg, både for store og for små. Det er mange ulike å velje mellom. Det er der eg gjerne kjem inn. Frå den korte telefonsamtalen for å stadfeste om valet ditt er lurt, til eit djupare rådgivingsbesøk der vi går gjennom drift, mekanisering og framtidsplanar. Ofte ser vi at mykje eksisterande utstyr kan brukast også om du satsar på presisjonslandbruk. Du treng ikkje kjøpe alt nytt. Andre gonger kan det vere riktig å skifte ut enkelte reiskapar. Då kan eg hjelpe deg å velje.

Uansett om du er fødd maskinentusiast som meg, eller brukar maskiner berre fordi du må: Eg hjelper deg gjerne, for dette er jo gøy! Ring eller send meg ein epost, så finn vi ei god løysing for deg og din gard!