Artikkelen har tidlegare stått på trykk i Økologisk Landbruk nr. 2-2022, og kjem her i ei lett omarbeidd utgåve.


FANTASTISK URASJONELT

Det ber bratt oppover frå Fjordavegen til garden Nes i Hardanger. Her har det vore frukthagar så lenge fruktdyrking har vore praktisert i Noreg. Det dyrka arealet er spreidd utover eit karakteristisk vestlandsterreng, bratt og kupert. Frukttrea står i korte rekkjer hist og her der det finst rotfeste mellom knausar og steinar.

– Arealet her heime er jo heilt fantastisk urasjonelt, seier Jan Ove med eit smil.

– Men eg ønskjer å nytte det og halde det i hevd fordi det er her eg er frå. Det er her eg bur og her eg har røtene mine.

Men jorda her er ikkje berre oppstykka og tungdriven, ho er også rik:

– Jorda her er aldeles fruktbar! Fyllitten i berggrunnen forsyner jorda med kalium. Jorda held dessutan godt på vatn og krev lite vatning samtidig som behovet for tilført gjødsel er moderat. Dessutan ligg teigane rett utanfor husveggen, i ei sørvendt helling kor våren kjem tidleg.

MINDRETALSDYRKAR

Som økologisk fruktdyrkar tilhøyrar Jan Ove eit mindretal i Hardangerregionen. I gamle Hordaland fylke er om lag 5 prosent av fruktarealet økologisk. Økologisk drift byggjer i stor grad på førebyggjande tiltak og ei styrking av plantane si eiga motstandsdyktigheit. Mangel på effektive direkte tiltak om ein skulle få sjukdomsutbrot og ugraskampen kan vere vanskeleg.

Traktor med utsikt over nytt eplefelt
Traktor med utsikt over nytt eplefelt. Foto: Privat

EI INVESTERING I JORDA

Etter Jan Ove si erfaring finn ein den viktigaste effekten av økologisk drift i jordsmonnet. Fordelane av økologisk drift på jordhelse var vanskeleg å oversjå når han samanlikna heime-arealet med leige-arealet. Nokre kilometer lenger inn i Sørfjorden leiger han 42 mål. Her er (relativt) flatt traktorland, men til gjengjeld har ikkje jorda dei same kvalitetane. Her var det tidlegare intensiv epleproduksjon med bruk av kunstgjødsel og Roundup (ugrasmiddel med glyfosat). Jorda var sand og grus med lavt innhald av organisk materiale. Diverre er ikkje endringar i jorda umiddelbare eller direkte synlege for det utrente auget.

BRATT GIR VEG FOR FLATT LENDE

Store flater gir høve til meir intensiv drift, men frukt har tradisjonelt vore dyrka i fjordlandskap. – Før betydde det mindre om arealet var flatt eller bratt — ein nytta dei same reiskapane uansett!, fortel Nes. Å arbeide oppe i bratte bakkar ga unnabakke på veg heim og ein kunne dessutan la tyngdekrafta hjelpe seg med transport av avling. Under den første verdskrigen vart det til og med dyrka korn oppi bakkane på Nes! Det er ei påminning om at det er krava til effektivitet som innskrenkar det drivverdige dyrkbare arealet i landet vårt, ikkje plantene sin fysiologi eller vår kunnskap om agronomi.

Jan Ove og Lucy
Jan Ove og Lucy med fjordutsikt. Katten Lucy følgjer med og held oppsyn med kva Jan Ove føretek seg på garden. Foran dei ber det bratt ned til Sørfjorden. Det vakre landskapet byr både på utfordringar og moglegheiter.

DET GJEKK EIN FAEN I MEG

Me skal tilbake til Jan Ove sin motivasjon for å starte økologisk epleproduksjon. Han flytta heim til Nes for å overta garden etter fullført studium i jord og hagebruk på Ås og nokre år som lærar. Han fekk med seg lite optimistiske råd:

– Det var ein fagkonsulent på landbrukskontoret som ikkje hadde kjempetru på dyrking av økologisk eple, for å sei det mildt. Han fortalde meg at økologisk plomme kunne gå an, men økologisk eple — det går ikkje. Då gjekk det ein liten faen i meg. Eg ville motprove han. Sjølvsagt er ikkje økologisk dyrking utan utfordringar, det er heller ikkje konvensjonell dyrking. Men ein må tenke seg litt om, tidleg nok. Jan Ove erfarer at det er to ting som er avgjerande for å lukkast:

1) velgje riktige sortar

2) setje inn tiltak til rett tid

– Eit døme på sortsval er at Summerred og Gravenstein kunne gitt gode smakar til sideren eg lager, men dei er uaktuelle i økologisk produksjon då dei er lite motstandsdyktige mot sjukdom, seier han.

EIN SPYDSPISS I UGRASKAMPEN

Jan Ove er eit oppfinnsamt vesen. Han er glad i å eksperimentere og prøve ut nye metodar. Han veit å skape eigne erfaringar og finne løysingar som passar for sin gard. Han framhevar at ugraset heilt klart er den største utfordringa med økologisk epledyrking. For å hanskast med ugraset har Jan Ove ein allsidig maskinpark. Han er ivrig i utprøvinga av ulike reiskap og samlar på maskinar som kan frese og klippe gras:

– Då eg var på reise i Italia besøkte eg fleire vingardar og kom i kontakt med eit familiefirma som produserte ei maskin dei brukte til ugrasreinsking i vinhagar. Eg fekk bestilt meg ei slik for å ta med meg heim, og i dag er det fleire titals bønder som nyttar denne maskina som er kjent som Orizzonti.

Og den funkar bra?, spør me.

– Eh, ja. Den funka.

Han verkar godt på tørr bakke, ikkje like godt etter fire veker med regn. Det er no ein gong sånn at norsk vêr kan fråvike noko frå middelhavsklimaet i italienske vindistrikt…

Epleplukking med internasjonalt team
Epleplukking med eit internasjonalt team. Foto: Privat

NÆRING FRÅ LOKALE KJELDER

Også når det kjem til næringstilførsel viser Jan Ove at han ikkje er redd for å prøve ut ulike metodar. Og han kan å nytte ressursane han har tilgjengeleg; både kompost, eplemask og heimelaga gjødsel-blandingar med brennesle finner vegen ut under frukttrea.

– Eg har ikkje forskingsgrunnlag for å hevde noko eksakt om effekten av dei ulike gjødslingane, men graset gror!

Og det later til å verke. I fjor hausta han rekordstor avling..

NÅDELAUS TYNNING

Sjølv om Jan Ove nyttar mykje av frukta til press står han fast ved at det er vel så viktig å gjere eit godt tynningsarbeid. Ved å avgrense avlingsmengda per tre oppnår ein betre kvalitet, fruktstorleik, smak og sukkerinnhald. Ein vil kanskje tenke at frukt til press ikkje trenger å halde topp kvalitet, men det kan ha mykje å seie for kvaliteten og smaken på sideren.

– Eg tynner knallhardt, og minst like mykje i pressfrukt som i frukt til konsum.

Dette gjer han for å heva kvalitet og få betre smak på epla, og med omsyn til rasjonell hausting:

– Erfaringa frå eit år me ikkje rakk å tynna all Aroma var at tre som ikkje vart tynna slett ikkje gav større avling, men mange fleire små frukter.Og det er talet på frukt som styrer kor lang tid haustinga tar.

GARDEN NES

KVEN. Jan Ove Nes

EPLE I MANGFALD, MEN BERRE EPLE.

No spesialiserer Jan Ove seg på eple til siderproduksjon og er inne i ein lenger prosess med å fase ut morell- og plommefelt. At morellhagen ikkje er økologisk gir ekstra utfordringar i Debio-sertifiseringa for garden:

– Eg opplevde prosessen med sertifisering som heilt grei og uproblematisk. Men no driver eg blanda, altså med både konvensjonell og økologisk drift innan same verksemd, og dette påfører meg ei straffeavgift.

Det er slik at parallellproduksjon medfører ein del særskilde krav i Debio-regelverket. Kva angår plommer er Jan Ove oppgitt

over marknaden.

– Det er lite motiverande å dyrke økologiske plommer når nesten ingenting vert omsett som økologisk, og meirprisen er så låg som han er.

Frå 2010 til 2018 sank andelen økologiske plommer omsett som økologisk frå 100 prosent til 25 prosent. Der var attpåtil store marknadssvingingar med alternerande over- og underproduksjon, laber etterspurnad og prisfall. Plomme og morell er på hell, men eplehagen til Jan Ove veks. Og eplehagane rommar eit mangfald av sortar, inkludert mange som ikkje er så vanlege å finne i moderne eplehagar.

EI SPRUDLANDE FRAMTID Epla som Jan Ove dyrkar leverast ikkje til fruktlageret og er difor ikkje å finne i dei vanlege butikkhyllene. Han sel noko konsum-eple til gardsbutikken på Stend, men presser det meste sjølv og lager Hardanger sin einaste økologiske sider. Ein nøkkel til lønnsemda og framtidsoptimismen er vidareforedling av frukta på garden. I år er det plantestopp på Nes då tid og kapital vert investert i ei nydriftsbygning for lagring, pressing, tapping, sal og servering av sider.

Tre lave og stein SOF
Tre, låve og stein. Vårsola kjemtidleg i bakkane på Nes. Denne dagen varmar ho så godt at ein nesten forvekslar tidleg vår med sommar, men dei snødekte fjella minnar oss om at vinteren ikkje er langt bak oss.