Vånd er eit problem som dukkar opp i norsk jordbruk med ujamne mellomrom. Forsking på dyret er om lag fråverande. Derfor veit vi lite om kva som styrer opp- og nedgangar i bestanden. Det som kan registrerast er at når toppane kjem, er oppgangen nærast eksplosjonsarta. Like fort kan det vera over. Vånd blir likevel aldri heilt borte frå faunaen vår, og vi vil alltid ha små populasjonar på inn og utmark.

Biologi og levesett


Vånd (Arvicola terrestris) er ein smågnagar og høyrer til markmusfamilien. Den blir òg kalla jordrotte eller vassrotte. Dyr i denne familien er og nemnde som stumpmus. Det kjem av at dei har ei stump snute, små øyro, hårkledd rumpe og korte bein. Det som særleg skil vånd frå andre stumpmus, er storleiken. Kroppen kan bli opptil 20 cm lang og i tillegg har den ei rumpe på 5-10 cm. Pelsen er langhåra og mørk brun.
Vånd ynglar frå april til oktober og får i yngleperioden i alle fall 4-5 kull, i alt 20-30 ungar. I og med at dyret er forplantningsdyktig frå to månadars alder, seier det seg sjølv at ein populasjon kan bli rimeleg stor i ein sesong med optimale tilhøve.

Vånd finst i alle landsdelar, frå kyst til høgfjell. Den trivst eigentleg best i fuktige omgjevnader og er ein utruleg god symjar. Kryssing av vatn og elvar er derfor ikkje noko problem. Antakeleg er det i desse våte områda vi finn vånd normalt. Ved auke i ein populasjon, blir det geografisk spreiing og dermed kan vi få etablering av vånd der vi helst ikkje vil ha dei.

Vånd lever for det meste eit liv i mørke, i omfattande gangsystem under bakken. Gangane har fleire formål: dei djuptliggande for opphald, yngling og lagerplass, dei grunne for innsamling av mat.

Vånden er for det meste vegetarianar. I vekstsesongen ferdast dei på overflata for å eta grøne, ferske plantedelar, helst på nattetid. Utover ettersommaren startar ei omfattande innsamling av vinterforråd. Dette inneheld energirike røter slik som løvetann, høymol, kveke, brennesle, kløver, luserne, tilgjengelege knollar m.m. Fleire ti-talls kilo poteter er funne i eitt og same lager.

Skader


Det er ved etablering av gangsystem på grovfôrareal vi får dei største og mest omfattande skadane. Det er svært store mengder jord som blir liggande oppå bakken når eit gangsystem er under bygging. Jordinnblanding i fôr er derfor det mest utbreidde problemet ved våndangrep. Her kan det økonomiske tapet bli svært omfattande, blant anna ved at fôr må kasserast, eller ein får sjukdommar på dyra, som til dømes listeria og botulisme, som følgje av forureiningar i fôret. Vånd kan òg gjere store skadar på potet, frukttre og på skogplantingar. Det er òg eksempel på at vånd har gjort skade på bringebær dyrka i tunell.

I villahagar kan lauk, frø og knollar bli våndmat. Angrep i villahagar kan vel ikkje seiast å vera eit økonomisk problem, men er svært ubehageleg og uhygienisk i samband med til dømes vasskjelder.

Naturlege predatorar
Vånd er mat for alle typar rovfugl, ugler, måke, ramn og kråke. Rev, mår og særleg røyskatt/snømus er effektive smågnagarjegerar. Enkelte hunderaser og kattar kan òg bli flinke til fangst. I og med at vånd er eit nattdyr, avgrensar dette moglegheitene for ein del artar.

Korleis kan vi redusere våndplaga?
Det er mangelfull kunnskap på dette området. Vi kan gje råd, men ei fullstendig løysing er vi langt unna. Det mest effektive, etter dei erfaringar vi har gjort, er å gjera det så utriveleg som råd for vånda. I klartekst vil det vera å fjerne mattilgangen og redusere gode overvintringsplassar. Mattilgangen kan vi redusera gjennom førebyggjande tiltak (sjå seinare avsnitt). Det å redusere overvintringsplassar er svært vanskeleg. Meir areal enn før er ikkje slått/hausta eller beita og blir liggjande brakk med mykje gras/fynn. Dette gjeld òg vegkantar. I det store og heile er leveområda for markmusarter større enn på lenge.

Det må settast inn kollektive tiltak til for å avgrense skadane, gjerne grendevis eller helst i heile området der vånd er utbreidd.

Førebyggande tiltak


Ein viktig faktor i kampen mot vånd er førebyggande tiltak, eller sagt på ein annan måte, god agronomi. Dyra ser ut til å trivast best i eldre, ugrasbefengt eng. Tiltaka vi anbefaler kan difor ha dobbelt verknad, betre og større avling og samstundes mindre våndsskader.

1. Tiltak før attlegg:

Rotugras er ei viktig matkjelde til vånd. Det er derfor svært viktig å sette inn tiltak.

  • Fjern av rotugras med eit brakkemiddel, t.d. glyfosat. For at dette skal knekkje all kveke, må kveka ha minst 4 blad. Kveka må da være minst 25 cm høg og vere i god vekst.
  • Dersom den gamle grasmarka er full av alle typar ugras som høymol, løvetann, kveke m.m., må ein anten auke dosa med brakkemiddel eller forsterke verknaden ved blande inn eit anna godkjent ugrasmiddel, t.d. Starane. Det aller beste er å sprøyte med full dose av eit ugrasmiddel, vente ei veke og så sprøyt med eit brakkemiddel. Etter sprøyting bør kveke få ligge i minst 4 dagar om våren og 14-15 dagar om hausten før ein pløyer.
  • Dersom en ønskjer å knekke ugraset utan kjemiske middel, må ein brakke jorda ved gjentatt skålharving (tørt vært) til alle planter er utsvelta og døde. Vent til kveka har vekst opp 10 cm før du harver. Du vil da svelte ut plantene.
  • Avslutt med ei djup (25cm) og tett pløying. Viss du legg 10 cm med pakka jord over ein kort og oppkutta kvekestengel, vil den ha problem med å nå opp til overflata.

2. Tiltak i attlegg:

  • For å unngå at løvetann, høymol og andre ugras skal etablere seg på nytt frå frø, bør uraset bekjempast effektivt med eit godkjent ugrasmiddel, t.d. Express og MCPA.
  • Er det fare for angrep av vånd, bør ein ikkje så kløver eller luserne. Om dette òg gjelder bladfaks, er litt usikkert. Timotei, raigras, grønfôr, engsvingel mfl. lagrar lite opplagsnæring i røter og jordstenglar og er derfor ikkje så interessant for vånden.

3. Vedlikehald av eng:

  • Trakkskade eller overvintringsskade kan lett gi sår og opningar i grasmarka. Her vil ugras lett etablere seg. Har du mykje av dette, kan det løne seg å reparere enga med ny såing. Det kan òg bli nødvendig å bekjempe slikt ugras med eit selektivt middel, t.d. Starane.
Kvige
Skader av vånd på beite. Foto: Torhild Svisdal Mjøen

Bekjemping av etablert vånd


Dette er ikkje lett. Etter våre erfaringar, er det mest effektive å brakke bort alt gras og ugras, og dyrke raigras og grønfôr i 2-3 år. Beit raigraset eller gamalenga hardt med ammeku eller mjølkeku om hausten. Fôr òg dyra med fôrhekkar på same arealet utover hausten. For å forstyrre vånden maksimalt, bør fôrhekkane til stadigheit flyttast.

Er det mogleg å pusse jordeskantane med beitepussar eller liknande, er det en stor fordel å gjere det vår og haust. Dukkar det opp våndbauk om hausten, bør ein køyre moseharv rett før telen kjem. Dette gjer at ein forstyrrar vånden og gjer det vanskelegare for den å overleve vinteren. Haustpløying har òg vist seg å vere eit godt tiltak mot vånd, da dette øydelegge våndgangar og moglegheitene til vånden å overleve vinteren. Dersom det er mykje vånd ved pløying, kan det vera naudsynt med hjelp til avliving av dyr som kjem opp på overflata.

Ein kan òg prøve med eksos, kalsiumkarbid (kan kjøpast på Felleskjøpet og lokale møller) eller rottefeller. Felles for desse metodane er at dei er arbeidsame og lite effektive dersom ein har 100-vis av ynglande vånd. Er angrepet lite og berre i starten, kan metoden være verdt å prøve.

  • Gift
    Vanleg rottegift er ikkje brukbar til nedkjemping av vånd. Motgifta mot rottegift er K-vitamin som finns i store mengder i plantematerialet som vånd et. Alternativet er mosegrismais, eit dansk middel (mosegris er det danske namnet på vånd). Vi har prøvd det i praksis, men er svært lite tilfreds med resultatet. I den grad det skulle fungera, er bakdelen at dette er eit akkumulerande middel. Det vil seie det hopar seg opp vidare i næringskjeda. Likeeins er det med eit anna dansk middel, fosforbrinte. Dette er i tillegg svært farleg å handtere og berre tillate å bruke for fagfolk i godkjente skadedyrfirma. Kostnaden blir derfor svært høg, og gjer det derfor uaktuelt.
  • Feller
    Vi har prøvd ut fleire typar feller. Kassefeller, saksefeller og vanleg norsk rottefelle. Det er ofte sagt, det enkle er det beste. Rottefelle er overlegent rimelegast og best. Bruk vissen gulrot som åte, set fella ved eit utgangshol som du trur er i bruk, set over ei svart bøtte og tett godt. Tips: For å finne ut kva for utgangar som er i bruk, tett alle du finn og vent ei natt. Da vil vånda opne det ho brukar. Set fella ved dette holet. Felle kan vera effektivt ved første gongs angrep på våren og er særleg aktuelt for villahagar. Fellefangst ved større angrep er svært arbeidsamt og dermed og uaktuelt.
  • Eksos og karbid
    Desse metodane har vore nytta gjennom lange tider. Det kan fungere ved små angrep der gangsystemet er lite, men har nok mindre verknad ved større angrep. Vånda registrerer gassane og tettar mest sannsynleg gangane.

Skadeavgrensing ved angrep på eng


Når våren kjem, bør ein køyre moseharv for å slette jordpølser og haugar som vånd har grave i løpet av vinteren.

Som oftast er det lite vånd å sjå frå våren til 1.slåtten. Mengda av vånd aukar mykje utover seinsommaren/hausten. Dersom ein tek ein tidlegg 2. slått i byrjinga av august, blir ikkje problemet med jord i fôret så stort. Ventar ein derimot med 2. slåtten til månadsskiftet august/september, er det stor sjanse for at ein får øydelagt mykje fôr på grunn av jordinnblanding.

I tilfelle tilveksten av gras er stort etter ein tidleg 2. slått, bør enga beitast eller pussast av med beitepussar.

Advarsel!!!
Hugs eingongshanskar ved all handtering av smågnagarar og utstyr til bruk ved fangst og avliving. Musepest/harepest er ein svært farleg sjukdom.

Mai 069
Slik kan våndskade se ut om våren. Foto: Torhild Svisdal Mjøen