Modning av etterrenning i korn – status 3 veker inn i august

28.08.2020 (Oppdatert: 28.08.2020) Jon Olav Forbord

NLR Trøndelag lova ved førre korsveg at det skulle bli gjort ei fagleg vurdering mot slutten av august på status i modning av korn. Ein skulle også vurdere om det var aktuelt å starte arbeidet med ein dispensasjonssøknad for å få lov til å bruke glyfosat til tvangsmodning av etterrenning i korn. Denne vurderinga er no gjort, og den enkle oppsummeringa er at utviklinga i åkeren er god. Tida er derfor ikkje inne til å endre standpunkt. Utsiktene er gode til at naturleg modning vil løyse utfordringane for dei aller fleste. Ny vurdering vil bli gjort etter kvart som ein ser utviklinga i modninga.

I dei første åkrane som fekk etterrenning, går det med full fart mot gulmodning. (Foto: Jon Olav Forbord)

Trøndelag har hatt ein lengre periode med godt vêr frå siste veka i juli til no. Med temperaturar i overkant av normalen, har det gjort godt for modninga i mange åkrar. Varmesummen for målestasjonen på Kvithamar, er 63 graddagar høgare i perioden 23/7 – 23/8 enn om vêret hadde vore normalt. Med ein normal middeltemperatur på 9,8 °C for september, betyr det gode vêret den siste tida at vekstsesongen har blitt om lag 6 dagar kortare enn forventa. (Det kan vera mindre avvik frå målestasjon til målestasjon.)

Når temperaturen er høgare enn normalt, er det ikkje berre grad for grad effekt på modninga. Samanhengande periodar med god temperatur, framskynder modninga meir enn målt temperatureffekt. I tillegg har vi ein langdagseffekt, som gjer at kravet til varmesum i Trøndelag, er noe kortare enn dei varmesummane som kjem fram i litteraturen. Generelt er kravet til varmesum basert på forsøk på Austlandet, men det er ein god peikepinn på når ein kan vente gulmodent korn.

Val av sort og art, blir av dei fleste gjort på grunnlag av klima, erfaring og sortseigenskapar. Basert på sortsforsøk i perioden 1991-98, har Mauritz Åssveen og Unni Abrahamsen laga ein tabell med krav til varmesum i sorter og arter av korn. Denne artikkelen stod i Grønn Forskning nr 2, 1999. Dei fleste av sortane frå den gong er ikkje i bruk i dag. I tabellen nedanfor er omtrentleg krav til varmesum satt opp for eit utval av aktuelle sortar og arter. I tabellen er Tyra bruka som utgangspunkt, og dei nye sortane plassert på grunnlag av krav til veksttid. Det gir følgjande krav til varmesum for å nå gulmodning:

Brage                  1250 graddagar

Tyra                     1320      ”

Thermus             1370       ”

Ringsaker            1330       ”

Belinda                1410       ”

Bjarne                 1470       "           

Zebra                  1500       "

I tilgjengeleg faglitteratur er ikkje veksttida inndelt i varmesum før og etter skyting. Men basert på ei vurdering for tid mellom såtid og skyting, er truleg varmesummen litt mindre enn halvparten frå såing til skyting. For ein sort som Brage blir det knapt 600 graddagar fram til skyting og vel 650 frå skyting til gulmodning.

Mye av etterrenninga var ferdigskote 20. juli. Varmesummen frå 23/7 til 23/8 er 483 graddagar. Da manglar 160-170 graddagar til gulmodning. Med normaltemperatur for Kvithamar på 12,8 °C i august og 9,8 °C i september, gir det gulmodning omkring den 6.-8. september. For sortar med lengre veksttid tar noen fleire dagar.

Vassprosent

Dersom etterrenninga utgjer 20 % av avlinga, blir vassprosenten ved trøsking i underkant av 20, dersom 1. generasjon er på 15 % og etterrenninga 37 % ved trøsking.

Om etterrenninga utgjer 50 % av avlinga ved trøsking, 1. generasjon er på 15 % og ein venter til etterrenninga har blitt 30 % (3-4 dagar i godvêr), blir vassprosenten i heile avlinga om lag 22,5 % levert direkte frå åkeren. Det blir noe tørketrekk, men er langt i frå håplaust. Om vêret er med oss, blir det mye trøsking midt i september.

Avling

Ved grønmodning (BBCH om lag 79), har bygg og kveiteavlinga nådd om lag 75 % av full avling (Strand 1984). For havre er avlinga om lag 85 %. Full avling er ved gulmodning, når vassprosenten er om lag 37 %. Ved ei kornavling på 400 kg pr dekar, auker avlinga med 12 -15 kg pr dag i første ¾ periode av matinga. Mot slutten går avlingsauken nedover mot 0. Når etterrenninga utgjer ein stor del av plantebestanden, er derfor kvar dag fram til gulmodning viktig for å oppnå så stor avling som råd.

Som regel er etterrenninga høgare enn opphavleg plantebestand. Etterrenninga skjermar dermed den delen av avlinga som først blir moden mot regn og vind. Det er også gjort eit formidabelt foredlingsarbeid og avla fram nye sortar med stadig betre vêrresistens, som gjer at dei toler å stå etter fullmodning. Når det er mye etterrenning aukar derfor den samla avlinga for kvar dag som går mot gulmodning.

Litteratur:

Strand, Einar. (Red.) 2020. Jord- og Plantekultur 2020. Forsøk i korn, olje- og belgvekster, engfrøavl og potet 2019. NIBIO bok 6(1)

Strand, Erling. 1984. Korn og korndyrking. Landbruksforlaget 1984

Åssveen, M., Abrahamsen, U., 1999. Grønn forskning 2/99, s 55-59. Planteforsk.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.