Du som bonde har gjennom faste regulativ god kontroll og oppfølging på vedlikehald av jorda gjennom gjødslingsplanar, jord- og fôrprøver m.m. Dette gjev eit jamt og godt vedlikehald som gjev gode avlingar og best mogleg økonomi ut frå føresetnadane. Dette har direkte innverknad på det økonomiske resultatet på garden.

Vedlikehald av bygningane på garden kan bli sett på som ei stygg ekstrautgift og kan dermed bli utsett. Ved å utsette vedlikehald aukar du vedlikehaldskostnadane grunna at det går over til reparasjonskostnadar. Vedlikehald er i dei aller fleste tilfelle noko som du klarer å utføre sjølv, men reparasjonar er ofte meir komplisert og ein treng å leige fagfolk.

Kva er eit godt vedlikehald?

Eit godt vedlikehald er å ha ein plan for ettersyn av bygningane. Ta den årlege runden rundt både inne og ute med kontrollpunkt som vil bevisstgjere deg på kva som må gjerast det neste året. Då kan du kan planlegge tidsperspektiv for arbeidet og i god tid planlegge innkjøp på ein økonomisk god måte. Det fine med vedlikehald er at det ikkje er nokon som tvingar deg til det, men du kan hauste fordelane med jamne låge kostnadar og flotte bygningar som toler neste haust og vinter. Førebu deg til uvêr og nyt finvêr!

Renovering:

Er bygningane dine av eldre årgang, eller har hatt manglande vedlikehald, er det ofte behov for ei større eller mindre renovering. Ved renovering står ein ovanfor fleire val av materialar og konstruksjonsløysingar. Mange er raskt ute med at dei skal ha vedlikehaldsfrie materialar - dei finst ikkje. Det du derimot kan gjere er å finne rette konstruksjonsløysingane til dei rette materialane, og sørge for at det blir utført på ein handverksmessig god måte for å utnytte levetida til kvar enkelt material.

Tilstandsrapport:

Ein tilstandsrapport er ein rapport som fortel om tilstanden på bygget slik det står i dag. Rapporten blir til gjennom ei heil rekkje sjekkpunkt som skal vurderast på bygget. Gjennom dei ulike funna i denne sjekken blir det skrive ein rapport. Dette er ikkje ein rapport som du skal vere redd for å gjere, den skal vere til hjelp for deg slik at du ikkje får seinskadar på bygget som vil koste deg dyrt.

Tiltak:

Dersom funna i rapporten ikkje hjelper deg vidare kan vi hjelpe til med ein plan for utbetring av bygget. Den inneheld prioriteringar på kva som må gjerast først og sist, løysingar og synleggjering av kostnadar du må forhalde deg til. I tillegg vil du følgt opp med jamlege vedlikehaldsplanar som ivaretek det som er intakt på bygget.

Fleire fluger i ein smekk:

Går du med planar om å bygge om/ut, men er ikkje heilt sikker på om eksisterande bygg er i ein slik stand at dette vert lønsamt eller forsvarleg? Gjennom ein slik tilstandsrapport kan vi då få ein del svar som gjer at ein kan kome til ein hjelpande konklusjon.

Førstebesøk:

Hos oss i NLR Vest kan du få ei vurdering av bygget, ved å bestille byggrådgjeving via bestillingsskjema, eller ringe til ein av oss bygningsplanleggarane i NLR Vest.

Besøket kostar kr 3000 eks mva.