Kornhandtering utover i september

15.09.2016 (Oppdatert: 09.03.2017) Jon Olav Forbord

Det står framleis mye korn ute i Trøndelag. Noe av det kan bli trøska med relativt høgt vassinnhald. Det gir press på mottakkapasiteten. Noe som auker verdien på gamle kaldlufttørker eller gir behov for kortidsoppbevaring før levering.

Havreåker Foto: Heidi Rohde, NLR Nord-Trøndelag

Fuktig og/eller varmt korn skal handterast med ein gong etter trøsking. Dersom rått og varmt eller spira korn blir ståande i ein hengar for å vente på levering eller plass på korntørka, går det raskt ut over kvaliteten. Rask nedbryting av dei lettast fordøyelege fraksjonane i kornet set i gang prosessen med nedbryting av tørrstoff og frigjering av CO2, varme og vatn. Etter kort tid er det akselererande varmgang, og utviklinga av lagersopp er i full gang.

Mellomlagring direkte på betonggolv kan i pressa situasjonar vera ei god løysing. Nedanfor er det gjengitt ein figur som viser samanhengen mellom korntemperatur, vassinnhald og muleg lagringstid. (Originalen er litt hardt medfare).

Bilde: Trekk ei rett line frå temperatur i kornet til vassprosent. Maks lagringstid i dagar kan da lesast av i figuren. Korntemp på 13°C og vassprosent på 22, gjer at kornet kan mellomlagrast 10 – 12 dagar fritt på golvet.

 

Liten tørkekapasitet

I situasjonar med for liten tørkekapasitet, er det viktig å utnytte muligheitene til kjøling og tørking best muleg. Så lenge kornet er varmare enn utelufta:
•  Kjør vifta, det viktigaste er å sikre ein låg temperatur
•  Tørk noen bingar – avkjøl resten om natta
•  Omrøring eller omkjøring gir raskare nedtørking

Når vassprosenten i kornet er over 21%, skal vifta gå kontinuerleg uavhengig av veret. Sjølv i regnvêr kan det bli opptørking av bygg, når vassprosenten er meir enn 22,4 % og utetemperaturen over 5 °C. Men det er ikkje muleg å komme lengre ned om relativ luftfukt ikkje går under 90 %, når temperaturen er låg.

Til hjelp for nedtørking og kjøring av vifta i ei kaldlufttørke, har vi tatt med likevektstabellen mellom relativ luftfukt og vassinnhald i korn. For best muleg utnytting av kaldluftstørka, er eit hygrometer til måling av relativ luftfukt eit godt hjelpemiddel.

 

For å oppnå lagerfast vare av bygg, må lufta ha lågare relativ luftfukt enn 70 % når lufttemperaturen er 10 ºC under siste del av nedtørkinga.

Ved bruk av tilskottsvarme til kaldluftstørka, er grensa for oppvarming av lufta om lag 4 ºC. Ved å auke ut over 4 grader, er det risiko for kondensdanning i øvre kornlag.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.