I kortversjonen starta det brukbart i april og ein del kom godt i gang med våronna. Men med mai kom vinteren tilbake med nysnø og minusgrader. Det vart full stopp i våronn og vekst i tre veker, inntil betre tider frå 20. mai. Resten av våronna gjekk fort og hektisk, og det meste av kornet var i jorda få dagar før mai var omme.

Den 15. mai var jordtemperaturen i 20 cm 5,2 °C. Innan utgangen av mai var den dobla til 10,4 °C. Det meste av kornet kom derfor opp med «rakettfart», i tillegg kom det ei bra skur første helga i juni. Alt såg derfor særs lovande ut til kornet var på buskingsstadiet. Utover i juni vart det berre varmare og varmare. Veksten gjekk med same fart heilt til det vart bråstopp pga. vassmangel.

På nytt skifta vêret temmeleg markant. Frå sist i juni til først i august, kom det jamt med nedbør. Kombinasjonen av nedbør, moderat temperatur og mye tynn og kort åker gjorde at det etter kvart vart grønare og grønare i dei trønderske kornåkrane i august. Denne etterrenninga var for mange avgjerande for avlingsnivået. Det store spenningsmomentet var om modning og trøskevêr kom samtidig.


I grevens tid

Vêret i september ga all grunn til bekymring. Det kom nedbør omtrent kvar dag. Det var berre temperaturen som gjorde at ein heldt motet oppe. Temperaturen var omtrent som normal for årstida. Modninga av kornet gjekk derfor i tråd med krav til veksttid for dei fleste sortane. Det meste var klart til trøsking da godvêret endeleg slo til 26 september. Det kom i grevens tid. Saman med dei første fire dagane i oktober, var det meste av skuronna unnagjort. Og godt var det. Resten av oktober gjekk utan spesielt godt trøskevêr. Det vart derfor november før siste rest av skuronna i Trøndelag var ferdig.

I to lange månader gjekk diskusjonen varmt om glyfosat til tvangsmodning eller ikkje. Når ein ser tilbake på hausten, så var nok mangelen på godvêr ei større utfordring.


Avlingsnivå

Avlingsåret 2020 blir ikkje noe toppår, men det gjekk ikkje heilt i dass. Avlinga ser ut til å bli vel 80 % av gjennomsnittet for dei siste 5 åra. For dei fleste er avlinga stor nok til å unngå å søke om klimabetinga avlingsskadeerstatting. Så langt har fylket mottatt 249 søknader. Steinkjer kommune «toppar lista» med 94 søknader, resten er bra jamt fordelt på kommunane med kornproduksjon.

Etter som den siste trøskedagen var 1. november, som er etter søknadsfristen, er det grunn til å tru at ein del fekk hausta nok areal til at behovet for avlingsskade går litt ned.


Krevande produksjon

Avlingsnivået i korn er eit produkt av naturgitte faktorar og dyrkingsopplegg. Når avlinga er stor bidreg driftsopplegget med ein større part enn når avlinga er lita. Men mot tørke er det liten hjelp i kunnskap og erfaring.

Trøndelag ligg mot ytterkanten av dyrkingsområdet. For å ha litt margin, er det viktig å tilpasse gjødsling og sortsval. Det er ikkje gitt at alle skal ha berre artar og sortar med den lengste veksttida på alt areal. I tillegg betyr det mykje om arealet heller mot nord eller mot sør.

Ein veit at tidspunkt for modning kan variere mykje mellom år i Trøndelag. Somme år er toppår og mykje av skuronna er over når august er omme. Andre år har langt lågare gjennomsnittstemperatur. Det gir skuronnstart i september og heilt andre utfordringar. Opp gjennom åra har trønderbonden vore god til å takle varierande vêr. Det var blant anna bakgrunnen for at det på dei fleste bruk vart bygd kaldlufttørke på 60- og 70 talet. Kanskje treng enkelte å tenke gjennom behovet for å investere i eiga korntørke, etter kvart som kornarealet ein driv aukar vesentleg i omfang.


Tørkeår

Den dominerande arten i Trøndersk kornproduksjon er bygg. Tørke i tida frå strekking til skyting, har størst negativ effekt på avlinga. Noen har god tilgang på vatn. Investering i vatningsutstyr kan også vera rekningssvarande sjølv om ein «berre» driv med korn. 1980 var eit tørkeår, da gav vatning i vårkveite ei meiravling på om lag 400 kg pr dekar på Tautra. Så store utslag er ikkje årleg, men i noen områder kan kornvatning gi god betaling.


Risikospreiing

Risikospreiing må vera med i all planlegging. Å satse alt på eit kort, kan gi stor gevinst, men som regel er fallhøgda tilsvarande. I områder kor det er lang nok veksttid til bygg, havre og vårkveite, er det som regel mye å vinne på å fordele arealet på minst to arter kvart år. Noen år er havreår, medan andre er byggår. Sjansen for å oppnå stabilt høge avlingar er derfor best når ein har begge delar kvart år.

Lærdom av 2020?

Tja…… Om ein ser bort frå den generelle lærdommen om at dei fleste kornprodusentar i Trøndelag kom velberga gjennom koronaåret 2020, så har ekstremvêret demonstrert effekten på vekst og utvikling av bl.a. korn. Men med ei blanding av flaks og dyktigheit gjekk det «bra til slutt». Forøvrig trur ein det er best å gløyme 2020 fortast muleg. Erfaringane frå vekstsesongen 2020 ligg for langt frå «normalen» til å brukast til noe.

Kornsesongen 2020 i Trondelag
Foto: Jon Olav Forbord