Dei som var heldige og fekk sådd sist i april, måtte vente lenge. Men etter knapt 3 veker kom det ein forkjøla spire opp av jorda. Varmen dei siste dagane har fått fart på veksten, og opptaket av nitrogen frå jorda er endeleg i gang. På www.vips-landbruk.no finn du ein kalkulator for opptak og utvasking av nitrogen i ulike kulturar. Basert på ei vårgjødsling med 10 kg N ved såing, viser kalkulatoren ved å bruke data frå Kvithamar ei muleg utvasking av nitrogen mellom 0,5 til nesten 4 kg avhengig av jordart. Muleg utvasking etter jordart er:

Lettleire 1,5 kg N/daa

Sandjord 3 - 4 kg N/daa

Silt 0,5 kg N/daa

Mellomleire 0,5 kg N/daa

Etter som kornet ligg langt etter i utvikling, er det god tid til å avgjere N-behovet i ei planlagt delgjødsling. Sjølv om det er bruka berre 9 kg N ved såing, har ein tida fram til midt i juni før det tar til å haste med delgjødslinga. Det gjer at vi kan bruke Yara N-sensor til å måle N-opptak i tida som kjem, for å gi betre råd om eventuell endring i den planlagde delgjødslinga.

Delgjødsling

Om ein i staden for eit opplegg med delt N-gjødsling til korn, hadde gitt alt ved såing, viser modellen at det hadde gått tapt 5 kg N/daa om det på sandjord hadde blitt vårgjødsla med 14 kg N/daa. Noe som understreker kor lurt det er å bruke delgjødsling som ein generell strategi i Trøndersk korndyrking. Sjølv om utslaget er størst for sandjord i år, kan ei anna nedbørsfordeling gi store tap på alle jordartane.

Haustkveite

I haustkveite er det eit opplegg for måling av N-opptak i regi av NIBIO Apelsvoll og Yara, kor det blir registrert N-opptak i 7 gjødslingsforsøk frå Fredrikstad i sør til Stjørdal i nord. Det blir gjort målingar kvar veke, og resultata ligg på Yara kvar onsdag. (https://www.yara.no/gjoedsel/hjelpemidler-og-service/n-prognose/)

Målinga starta i veke 19, men Trøndelag kom først med denne veka. Ein tynn Ozonåker har ikkje hatt det godt gjennom seinvinteren i mai. Det er først den siste veka at veksten kom i gang. N-opptaket er derfor særs lågt. Så langt er det berre tatt opp 1 kg N, og utviklinga ligg langt bak dei andre felta.

Det er andre haustkveiteåkrar som er vesentleg frodigare enn den aktuelle Ozonåkeren. I veka som kjem planlegg vi derfor å bruke N-sensoren i fleire praksisåkrar for å sjå på opptaket og gi råd om N-behov ved 1. delgjødsling. Normalt er det aktuelt å gjennomføre 1. delgjødsling i haustkveite ved BBCH 31-32, som er når ein kjenner første eller andre leddknute. Med godvêr i pinsa, går det fort til 1. delgjødsling bør vera unnagjort.

Ugras i haustkveite

Ugraset i hauskveita har også fått i gang veksten, det er derfor tid for å ta ei siste vurdering av behov for ugrasbekjemping. For noen middel er det berre kort tid før utviklinga av haustkveita kjem for langt.

Ugrasharving i korn

Ugrasharvet havre pm kvam 1 juni nr 2

Det er på kort tid sådd mye korn, som vil spire i pinsa eller like etter. Langtidsvarselet er lovande. Dei som kan og har tilgang til egna utstyr, kan derfor rekne med eit godt resultat av ugrasharving i år. Det er ikkje nødvendig med spesialutstyr. Ei vanleg harv med presis innstilling av harvdjup er minst like godt egna som vanlege ugrasharver. Vel og merke ved første harving. Om det ar aktuelt med ein ekstraomgang, er det best å bruke spesialutstyr.

Tilråding og praktiske erfaringar

For at ugrasharvinga skal gi resultat er det fleire faktorar som er viktige:

  • Kjørehastighet
  • Den viktigaste enkeltfaktoren for godt resultat
  • 8-15 km/t ved tidleg harving er tilrådd
  • 4-6 km/t ved sein harving (ca. 3 blad)
    • Jamt såbedd, med jamn sådjupn
    • Rett harvedjup er om lag 1 cm grunnare enn sådjupna
    • Tindevinkel
  • Bakovervendt ved laus jord
  • Meir aggressiv innstilling på tyngre jord og skorpedanning
    • Kjør når ugraset er svakt og kornet sterkt!
  • Frøugraset er svakast for ugrasharving frå det er i ferd med å bryte jordskorpa til det har fått første varige blad.
  • Det er avgjerande at jorda er smuldringstørr, så det er lett å dekke ugraset.
  • Da kan ein rekne med 50-70 % tyning av frøugraset

Ugrasharving i trønderklima er ikkje alltid enkelt, da det er best at ugrasharvinga blir gjort like før spiring eller seinast noen få dagar etter spiring. Det bør også vera utsikter til opphaldsvêr i tida etter harving for å unngå ny spiring av ugras.

Det skal vera ein del ugras som har spira etter 1. harving før ei ny harving skal lønne seg. Om det er planlagt såing av gjenlegg eller underkultur saman med ugrasharving, bør ein gjera det ved 1. harving, rett og slett for å vera sikker på å få frøet i jorda.

Erfaringane med ugrasharving viser at kornet toler mye juling. Tilrådinga er derfor å harve når vêret er gunstig, framfor å vurdere tidspunkt etter utviklingsstadium til kornet. Dei tilfeller kor ein har sett skade på kornåkeren, er ved for djup harving i tida etter oppspiring til 1-2 bladstadiet av kornet.

Vips-ugras

Det kan gå fort til ugrassprøyting, om vi blir heldige med vêret i tida som kjem. I mellomtida kan ei stifte kjennskap med den nye versjonen av ugrasmodellane i korn, som ein finn på www.vips-landbruk.no. Den nye versonen heiter VIPS-Ugras 2.0. Vi har saksa egenomtalen av den nye versjonen frå nettsida:

VIPS-Ugras 2.0 er en ny versjon av VIPS-ugras. IPM Consult har utviklet systemet og som på dansk heter IPMwise. Det er tilpasset norske forhold av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Det er nye beregninger og tilpasninger, men det er mye det samme innholdet som gamle VIPS-Ugras. VIPS-Ugras 2.0 krever innlogging. Fordelen med innlogging er at systemet kan huske skiftene dine. Systemet er gratis i Norge. Du kan velge å bruke ferdig innlagte effektkrav eller velge dine egne effektkrav. For en optimal plantevernløsning for de fleste forhold anbefaler vi at du bruker systemets effektkrav.

Prøv sjøl. God pinse.