Biletet er frå marknadshagen hjå Anders Flatlandsmo som også er fotograf.

FN sin klimarapport oppfordrar alle nasjonar til å auke sjølvforsyninga, men for oss nordmenn er det vanskeleg å sjå for oss eit scenario med tomme butikkhyller. Framleis kan vi kjøpe oss ut av problema, og forbrukaren har ofte eit val mellom norske og utanlandske produkt når han står framfor butikkhylla. Korleis skal vi få forbrukaren til å velje norsk mat?

Dei fleste av oss har ikkje tilstrekkeleg kunnskap til å seie noko om korleis maten blir produsert i andre land. Importert mat kan ha betre kvalitet enn vår eigen, men skilnaden er at ALL norsk mat må produserast etter høge standardar om dyrevelferd og dyrehelse. Nedover i Europa er det større variasjon i systema for produksjon av kjøt og mjølk. Generelt er det slik at dei nordiske landa kan vise til lite antibiotikabruk og lågare forbruk av plantevernmiddel samanlikna med resten av Europa.

I tillegg til medisinbruk så ynskjer vi å ha eit lågast mogleg forbruk av plantevernmiddel. Når dyr blir sjuke og treng medisin, har vi ein tilbakehaldsfrist på kjøt og mjølk. Det same har vi ved bruk av plantevernmiddel. Etter å ha sprøyta er det eit krav om at det skal gå ei viss tid (ulikt mellom middel) før ein kan hauste eller beite plantane. Dette for å sikre at det ikkje er restar av plantevernmiddel i maten vår. Det er mange tiltak mot skadegjerarar og hovuddelen av pensum i opplæringa til bønder om plantevernmiddel handlar om å kjenne til alle metodane som ikkje involverer plantevernmiddel. Sprøyting er «siste utveg». Bønder må dokumentere at dette blir følgt i plantevernjournalen.

Den norske bonden skal produsere trygg og næringsrik mat, men er avhengig av at nokon vil betale. For å produsere rein mat må vi ha kunnskapsrike bønder. Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel gir bonden eit godt kunnskapsgrunnlag for å ta gode avgjerder slik at vi hindrar resistens og plantevernrestar på avvegar, samt sikrar god helse hjå forbrukaren og bonden sjølv.

Berekraftig matproduksjon vil dessverre kunne bli konkurrert ut av utanlandske aktørar som ikkje har dei same strenge krava. Resultatet av dette er at problem med resistens mot antibiotika og plantevernmiddel vil bli større. Berekraftig matproduksjon må vere lønsamt!

Det har vore vurdert om ein skal innføre eit bærekraftstempel på mat. Orkla har starta å klimamerke sine varer, svenske Lantmännen arbeider i lag med Yara om å skape eit fossilfritt matvareselskap og EU har vurdert om dei skal innføre eit merke for berekraft. Nasjonale standardar kan nyttast om grunnlag for å utvikle merkeordningar og system for sertifisering.

Det må stillast same krav til norske og utanlandske produkt. Vi kan ikkje stille strengare krav til andre land; då bryt vi våre forpliktingar i WTO. For å kunne nytte standardar til berekraft må krava til produkta og produksjonen vere basert på eit fagleg godt grunnlag. I Noreg har slaktegrisprodusentane utvikla eit nytt dyrevelferdsprogram. Dette vart implementert i forskrift om hald av svin i juni 2020. Dette blir då ein nasjonal standard som stiller minstekrav til produksjonsmåten. Det same gjeld den tidlegare nemnde bruken av plantevernmiddel. Dette er lovfesta gjennom forskrift om plantevernmiddel. Regjeringa har moglegheit til å stille dei same krava til utanlandsk mat som vert seld i Noreg.

NIBIO har gitt ut to rapportar om korleis vi skal forstå matsikkerheit. Seniorrådgjevar og prosjektleiar for rapporten, Siri Voll Dombu, skriv at i tillegg til at det globale risikobildet endrar seg som følgje av klimaendringar og auka handel, kan også genetiske endringar/mutasjonar hjå skadegjerarar endre skadebildet og trusselbildet dramatisk. Dette gjeld både endringar som aukar skadegjerarane sin resistens mot kjemiske bekjempingsmiddel, men òg endringar som gjer dei si stand til å overkomme plantane sin resistens mot skadegjerarar. Eit eksempel som vert nemnd er svartrust i kveite. Det er i følgje rapporten avgjerande å ta vare på og utvikle kompetanse på nye og kjende skadegjerarar (både truslar og tiltak for bekjemping) i tillegg til kunnskapsbasert forvaltning og utvikling av regelverk. Varsling av angrep, risikoanalysar og beredskapsplanar er svært viktig med tanke på å møte utfordringar på plante- og dyrehelseområdet framover.

Ta autorisasjonskurs gjennom NLR Vest!

Norske bønder har eit strengt regelverk for å nytte plantevernmiddel og må gå gjennom kurs med påfølgjande bestått eksamen. NLR Vest tilbyr kurs for både nye brukarar og dei som ynskjer å fornye plantevernsertifikatet. På våre kurs går vi gjennom pensum og nyttar aktuelle situasjonar for å få ein betre forståing for stoffet. Det vert eksempel både frå jordbruk og hagebruk. Du har høve å stille spørsmål om det som du lurer på under kursa og vi er òg tilgjengeleg for spørsmål i forkant og i etterkant av kurset.

Gardbrukaren skal gjennom kursinga få eit godt utgangspunkt til å ta gode avgjerder i eiga gardsdrift. Med kunnskap i botn, saman med evaluering og erfaring, skal maten den norske bonden produserer framleis vere trygg og rein.