Jordbruk er ein spennande kunst – med ei fin blanding av gammalt og nytt. Vi er tidlause i form av at vi sår og haustar år ut og år inn og lever av det fotosyntesen produserar. Samtidig spring utviklinga avstad og teknikkutviklinga går i eit rasande tempo. I løpet av få år har blant anna såmaskina gått frå å vera ei løftemaskin på trepunkt, til å bli ei slepemaskin med nesten ubegrensa lasteevne. I tillegg har alt anna blitt stort. Det gjer at våronna går fort når jorda er lagleg, men er desto meir krevande om vi får ein vanskeleg vår.

Blir det våronn «mellom regnskurene» er det viktig å tenke kjøremønster, lufttrykk og totalvekt. I avlingsåret er det alltid pakking av matjorda som gir størst risiko for avlingsreduksjon. I tillegg kjem effekten av skadeleg pakking av underjorda. Grensa for skadeleg pakking av underjorda ligg omkring 6 t hjullast pr. aksling. Skadeleg pakking av underjorda gir ein liten avlingsnedgang kvart år i kanskje så mykje som 50 til 100 år etterpå. Medan skadeleg pakking av matjorda kan vera reparert alt året etter, eller i løpet av noen få år.

Forholda for jordarbeiding til korn, kan variere mye frå år til år. Eit opplegg som var bra det eine året kan vera heilt feil neste år. Derfor er det viktig å ikkje å berre kjøre på rutinen, men våge hoppe ut av traktoren og gjera ei vurdering av arbeidet. Det er berre å sjå tilbake på våronna i 2018, den starta da jorda berre så vidt var såpass tørr at det gjekk å så. Etter noen dagar var det så tørt, at spirefukta forsvann som dogg for sola, om ikkje alt vart gjort rett. I starten betydde det at ein i mange tilfelle kunne sløyfe tromlinga eller vente til jorda var laglegare. Mot slutten måtte ein tromle samtidig med såinga for å berge spirefukta.

Korleis våronna blir veit ein ikkje på førehand, derfor er det viktig å ikkje legge opp til å berre kjøre på rutinen. Grav i jorda, kjenn på og bruk erfaringar til å ta dei rette vala om kva som skal gjerast og når. Dei beste hjelpemidlane er vêrprognosen og fingertuppfølelsen. Det gjeld om å avslutte jordarbeidinga når den er tilstrekkeleg bra og sjekke Yr for å vera sikker på at ein rekk å så det som er klargjort.

Kva som blir rett eller feil jordarbeiding til våren går ikkje å seie på førehand. Det blir avgjort i stunda. Det som derimot blir spesielt for dette året, er at meir areal enn vanleg ligg upløgd. Da kan mykje planterestar på jordoverflata føre til at jorda tørker seint opp. Da er det nødvendig med is i magen og god timing for å finne rett tidspunkt for jordarbeidinga.

Kontrollert trafikk

Ute i den store verda er kontrollert trafikk (CTF) eller tilfeldig spordekking (RTF = tradisjonelt kjøremønster utan faste kjørespor) det store spørsmålet. Dersom ein i tillegg tar med GPS (Global Position System), så er det meste klart for ei teknologisk våronn.

Men ser ein på tilgjengelege forsøksresultat, så er avlingsutslaga for CTF ikkje så store som ein kanskje hadde forventa. I tillegg til at kjøremønstret er basert på faste kjørespor, er ofte jordarbeidinga plogfri. Særleg på sandjord er det ofte behov for etterpakking, og kanskje ligg noko av forklaringa på dei manglande utslaga for CTF nettopp i utfordringa med etterpakking.

Skjermbilde
Kjelde: Holm, L et al.2016. Fasta körspor – skördepotential och effekt på märkstruktur. SLF-prosjekt H1233176

I Europa er mykje av jordarbeiding i CTF basert på ei grov og ganske djup jordarbeiding utan pløying med lite etterpakking, ut over det såmaskina greier. Dette gjør at jordsmonnet blir for laust, særleg når det blir tørt. No er det ikkje ofte det blir for tørt under våronna i Trøndelag, det er som regel motsett. Derfor er ikkje alt som blir gjort «lengre sør» ein sikker veg til suksess i vårt område.

Kanskje er det berre den tunge trafikken som skal gå etter faste kjørespor, i korn er det tungt utstyr for husdyrgjødselspreiing og skurtrøsking. Resten av jordarbeidinga (harving, såing og tromling), kan gjerast på vanleg måte (RTF). Da må maskiner som blir bruka utanom faste kjørespor ha høveleg (moderat) vekt og god hjulutrusting.

Harva

Harva er eit viktig reiskap i våronna. Den er effektiv mot ugras, den løyser, blandar og lufter. I Trøndelag er som regel jorda både kald og litt rå, når våronna startar. Da kjem eigenskapane til ei tradisjonell harv god med. Utfordringa er å endre bruken av harva i takt med eventuelle endringar i jorda. Blir jorda veldig tørr, er det fort gjort å harve for mykje. Da kunne kanskje andre harvtyper vera minst like egna. Men for dei fleste er det berre ein drøm å ha andre alternativ, da er kunsten å tilpasse bruk og innstilling etter jorda. For å greie det, må ein ut av traktoren og ned på kne. Grav, tenk og juster innstilling og kjørefart etter behov.

På haustpløgde areal er vanleg tindeharv som regel det sikraste. Med rett innstilling som gir kontroll på harvdjup og spirefukt, blir det sjeldan feil. På vårpløgd areal kjem andre alternativ som regel betre ut. Da er utstyr med god gjenpakking som regel viktigare. I ein tørr vår er det viktig å ta vare på jordfukta, da gir reiskap som jamnar og pakker godt betre resultat. Her finst mange alternativ, tromlar med crossboard, crosskilltrommel med det same, Väderstad sin Carrier og mange andre av liknande slag.

Klart til såing

Jorda er klar til såing av vårkorn og alt anna, når jorda i dei øvste 5-10 cm smuldrar mellom fingrane. Vent med å så til jorda er lageleg. Ta med spade og grav ein prøve ned til 20-25 cm. Om du finn eit fuktig sjikt skal du vente med jordarbeidinga for å unngå skadeleg pakking, sjølv om traktoren greier jobben. Jorda er ikkje laglege før ho er opptørka ned til minst 20-25 cm. Da blir overflata lysegrå over heile arealet.

Ulageleg jord

Ved jordarbeiding på fuktig jord er risikoen mykje klump og dårleg rotutvikling på grunn av oksygenmangel i såbeddet. Dette gir dårleg næringsopptak og ei sikker avgrensing på avlingsnivået. Resultatet kjem tydeleg fram som gule åkrar i starten av vekstsesongen. Enda verre kan det bli om vi får mykje nedbør utover i mai og juni. Da kan resultatet bli drukning, både flekkvis og over større areal.

Såbedd

I prinsippet skal såbeddet berre vera arbeidd så mykje at fukta blir verande i såbotn ved 4-5 cm. Da skal dei finaste partiklane vera i 4-5 cm djupn og grovare partiklar skal vera nær toppen. Rett sådjup er når kornet blir liggande i overgangen mellom fast fuktig jordbotn og smuldra jord.

Ved redusert jordarbeiding med kombinasjon av haustharving og vårharving, er det ikkje alltid like lett å få til fast fuktig såbotn og eit sådjup på 4-5 cm. Da er det aller viktigast å vera sikker på at jordarbeidinga er god nok til at såkornet blir liggande i kontakt med spirefukta.

Harving

I mange tilfeller er det nok med ei harving. Bli likevel ikkje for ”katolsk”. Det er mykje viktigare å få til jamn såbotn og plassering av såkornet på spirefukta enn å så etter for dårleg jordarbeiding. Uansett er kostnadene med ei ekstra harving små. Det er stor kapasitet på harvinga, og ei ekstra harving kan utgjøre veldig stor skilnad i spiring og avling. Stopp traktoren, bruk spade eller anna tenleg utstyr (foten) for å sjekke om harvbotn er jamn og fuktsona er rett plassert.

Dårleg spiring

Dårleg spiring av vårkorn, har to viktige årsaker. For djup såing på lett jord og plassering av kornet utan kontakt med spirefukta på leirjorda. I det gode såbeddet skal såkornet ligge på ein fast botn. Det gir spirefukt frå underliggande lag og varme frå eit luftig porøst lag.

På vendeteigar og bakketoppar er det som regel nødvendig med litt ekstrainnsats for å oppnå eit godt resultat. Ha spade i traktoren og sjekk jamleg om resultatet av innsatsen er godt nok.

Er jorda lageleg?