Det er muleg å unngå omfattande tap og oppnå tilfredsstillande gjæringskvalitet og høgt stivelsesinnhald av heilgrødesurfôr med bruk av tradisjonelle rundballepresser. Dette var hovudkonklusjonane frå eit storskala hauste- og konserveringsforsøk som blei gjennomført av NIBIO og NLR Trøndelag i Orkdal i 2016.
Forsøket var ein del av "Heilgrødeprosjektet" og resultata frå storskalaforsøket blei presentert under ein internasjonal konferanse i Tyskland i juli 2018. Det skriftlege bidraget på engelsk blir gjengitt under, men her følger ei kort norsk oppsummering: I det aktuelle storskalaforsøket blei det parallelt med ei tradisjonell haustelinje for rundballekonservering også pakka rundballar med ein Orkel Compactor (B3). Den tradisjonelle pressa blei køyrd både utan (B1) og med (B2) knivane tilkopla. At Compactor-ballane var mykje hardare pressa enn dei vanlege ballane, hadde ingen effekt på gjæringskvaliteten i dette forsøket. Drysstapa var betydeleg høgare når pressa blei køyrd med knivane tilkopla enn utan, og kutting ga ikkje betre konserveringsresultat. Også i andre delar av "Heilgrødeprosjektet" var det indikasjonar på at omfattande prosessering (kutting, knusing) av seint hausta heilgrøde kan bidra til auka tap av stivelse under konserveringa. Tilsetting av syrebasert konserveringsmiddel reduserte det totale gjæringsomfanget uansett hauste- og ballemetode, men var utan betydning for innhaldet av stivelse i ferdig surfôr. Det kan nemnast at det var store mengder vånd og jordhaugar etter desse på feltet i Orkdal, noko som gjorde det litt utfordrande å slå. Det var likevel ingen ballar som blei øydelagde av vånd under lagring.
Praktiske tilrådingar for hausting og konservering av heilgrøde med tradisjonelle rundballepresser:
Foredraget finner du her: Baled whole crop wheat silage: Harvesting losses, bale density and silage quality
Norsk Landbruksrådgiving Trøndelag SA
Telefon: 977 04 500
E-post: trondelag@nlr.no
Org.nummer: 970406999