Lengre vekstsesong

Liv Østrem er tydeleg på at vekstsesongen er lengre i dag enn før, og endå lenger vil den bli. «Skal ein klare å utnytte dette til å produsere meir grovfôr må ein bruke artar/blandingar som også produserer godt i siste del av sesongen. I tillegg må enga klare å førebu seg til vinteren slik at overvintringa vert god» seier Liv.

Går ein for eit driftsopplegg med tre slåttar, eller to slåttar og haustbeite, viser resultata frå Nibio at timoteidominerte blandingar har svak gjenvekstevne til tredjeslått. Frøblandingar med 35-50 % timotei og resten ulike bladgras eignar seg klart betre enn blandingar med 70 % timotei.

Bladgras

Grasartane engsvingel, strandsvingel, raigras, raisvingel og hundegras er alle bladgras som er meir «i vinden» i dag enn for nokre år sidan. Dei toler tre slåttar godt, og dei har ein rask gjenvekst etter slått som gir godt vern mot at ugras etablerer seg. Bladgras har litt høgare vassinnhald enn timotei ved slått, som gjer at fortørking og/eller bruk av eigna ensileringsmiddel er viktig.

Spire Vestland 02062020
2. juni 2020: Andreårs eng av artsrik frøblanding med 35 % timotei og sju andre artar av bladgras og kløver står svært tett og fin ei veke før hausting. Det var liten skilnad i utvikling mellom artane, og energiinnhaldet i fôret ved hausting var 0,91 FEm/kg TS.

Mykje og energirikt fôr = 3 slåttar

Kva fôrkvalitet ein ynskjer å produsere vil variere. Til mjølkekyr og slaktedyr er det som regel eit ynskje om å hauste eit energirikt grovfôr, medan det til sau og vårkalvande ammekyr er behov for eit fôr med moderat energikvalitet gjennom vinteren. For å kunne produsere eit energirikt grovfôr (0,87-0,92 FEm/kg TS) må ein ta førsteslått tidleg i juni og andreslått 20.-25. juli på dei tidlegaste stadane i fylket. Då er det framleis mange veker att av vekstsesongen som bør nyttast.

Liv Østrem ivrar for at bønder som vil ha store avlingar med høg fôreiningskonsentrasjon må legge om til tre slåttar – iallfall på deler av arealet. «I eit treslåtts-system er frøblandingar med overvekt av bladgras langt å føretrekkje framfor ei blanding med høgt timoteiinnhald. Bladgrasa toler godt hyppige slåttar samstundes som dei gir god avling, og vil utgjere ein aukande del av avlinga utover i engåra» seier Liv.

Liv meiner at i realiteten er ei blanding med 70 % timotei ei «90:10-blanding», sidan timoteifrøet er lite og lett. Timotei spirer raskt, og enga vil framstå som ei rein timoteieng i starten. Dersom ein ynskjer ei eng med andre artar i tillegg, må desse artane få etablere seg frå starten i attlegget. Då må ein nytte blandingar der timotei utgjer mindre enn 50 % av såfrøet.

Ugras

Forskingsresultata frå Nibio Fureneset viser at val av rett frøblanding alt etter hausteregime er viktig også m.o.t. ugras. Blandingar med høg timoteidel som vert hausta tre gonger, får etter kvart ein gresen grasbotn, og det kjem inn mykje ugras (t.d. krypsoleie). Frøblandingar dominert av bladgras konkurrerer godt mot ugras i begge hausteregima.

Krypsoleie 005
Krypsoleie: Forskingsresultat frå Nibio Fureneset viser at val av rett frøblanding i høve til driftsopplegg er viktig. Breiblada ugras vil raskt etablere seg i eng sådd med grasartar som ikkje toler tre slåttar.

Tilpassingsevne

Mange faktorar påverkar utviklinga i ei eng over tid; lokalklima, jordtype, dreneringstilstand, beiting m.m. vil variere mykje og gje ulike utslag. Liv Østrem meiner at gevinstane ved å nytte frøblandingar med mange artar er openberre; artane som taklar tilhøva godt vil utvikle seg positivt medan andre vil bukke under. Sannsynet for at det er artar som vil trivast og halde oppe eit høgt avlingsnivå i enga over tid er større i ei frøblanding med 7-8 artar enn med berre 3-4 artar.

Sommaren 2020 var vi i NLR Vest rundt på mange markdagar i juni rett før slått. Då registrerte vi at enger sådde med same frøblanding med åtte artar i 2018, hadde svært ulik botanisk samansetting. På to av stadane var hundegras dominerande art, sjølv om frøblandinga berre hadde 7 % hundegrasfrø. Begge stadane er plaga av hardt beitetrykk av hjort store deler av året. Dette er eit godt døme på det Liv Østrem kallar plastisitet – eller tilpassingsevne i breie artsblandingar.

Mykje vatn og høg temperatur

Enga si evne til å overleve ein lang og kald vinter har hatt høg fokus i grovfôrdyrkinga tidlegare. Klimaet har endra seg mykje på få tiår, og Liv Østrem er i dag meir oppteken av korleis mildvêr og vassmetta jord over lang tid påverkar enga si varigheit. Daglengde og temperatur styrer herdingsprosessen i graset om hausten. Daglengda er som før, men temperaturen har stige, og i kombinasjon med våtare haustar vert det til dels svært ugunstige vilkår for graset i heile perioden frå sisteslått til neste vår. Liv Østrem seier at grasartane må evne å førebu seg til vinteren seinare om hausten og under mindre gunstige vêrtilhøve enn før. Timotei har tidlegare vekstavslutting enn mange av bladgrasa, og ein lang haust kan føre til tæring på opplagsnæringa allereie før vintermånadane set inn. Sjølv om vintrane er korte og milde treng graset ein «nistepakke» for å klare seg.

Fureneset Liv Ostrem kloverfelt
Liv Østrem