I alt er det 11 værstasjonar i Landbruksmeterologisk tjeneste https://lmt.nibio.no/ sitt nettverk i Trøndelag. Av desse er fem stasjonar (Oppdal, Rennebu, Rindal, Meldal og Soknedal) eigd og drifta av NLR Trøndelag. Desse stasjonane står ute berre i vekstsesongen, medan LMT sine eigne stasjonar er heilårstasjonar.

Stasjonane i Rennebu og Soknedal har vore ute av drift nokre år, men i fjor fekk vi gjennomført ei teknisk oppgradering av alle dei fem stasjonane som er våre, takk vere økonomisk støtte frå kommunane der dei er utplasserte. Dessverre oppstod ny skade/feil på to av stasjonane (Rennebu og Rindal) i løpet av fjoråret. Dei er enda inne til reparasjon, og såleis ikkje drift pr dato. Vi håpar å snart kunne ha dei på plass og i full drift att!

Tabellen viser koss vi ligg an i 2021 samanlikna med dei to føregåande åra (2019 og 2020) når det gjeld tidspunkt for vekststart og døgngrader (graddøgn, varmesum) og nedbør etter vekststart. Det kan være grunn til å understreke og minne om at vekstforholda våren i 2019 var tilnærma «normale», medan våren 2020 (spesielt mai) var uvanleg kald.

Når «vekststart» er har ein per definisjon når det har vore tre påfølgande femdøgnsmiddel over 5°C (sjå faktaboks). På Frosta var det i år vekststart allereie 28.mars. Dette er visstnok rekordtidleg. Etter dette blei det imidlertid kaldt, ikkje berre på Frosta, men også i resten av Trøndelag. Slik blei tidspunktet for vekststart om lag som normalt dei fleste andre stader, d.v.s. rundt 20.april i låglandet og mellom 12.-14. mai i Meldal, Soknedal og Oppdal.

Med døgnmiddeltemperaturar på omkring 3-4 grader i perioden 20.april til 9.mai blei det lite påplussing av døgngrader før vi passerte 10.mai. Såleis var det mellom 74 og 85 døgngrader mindre frå vekststart og fram til 17.mai i år, samanlikna med «normalåret» 2019 på stasjonane i låglandet frå Skjetlein i sør til Mære i nord. Med ein «normal» døgnmiddeltemperatur på 8°C inneberer dette at ein her ligg om lag 10 dagar «etter skjema».

På grunn av manglande data er det ikkje mogleg å samanlikne status inneverande år med dei føregåande åra på stasjonane i sørdelen av fylket. Verken i Indre Namdal eller langs kystlinja frå Ørlandet til Leka finst værstasjonar tilknytta LMT-nettverket. Frå Meterologisk instistutt sine data (www.yr.no) kan vi likevel rekne oss fram til at det i år var vekststart på Trones i Namsskogan 11.mai, Kvelia i Lierne 15.mai og Rørvik i Nærøysund 13.mai, m.a.o. om lag «som normalt» også i desse områda.

Så langt er inntrykket at enga har overvintra godt, og at vi er betre rusta samanlikna med i fjor vår. Det er heller ikkje meldt om soppskader av betydning, men her kan sjølvsagt lokalt klima vere avgjerande, heilt ned til søkk og kuler på den enkelte teigen. Eit par gode regnskurer før helga ga tiltrengt jordråme og dei tidlegast sådde kornåkrane brodda like etterpå. Grønfargen er også i ferd med å trekke oppover i høgda. 14.mai var lufttemperaturen på Oppdal på det meste 20,4°C og jordtemperaturen ved 10 cm djupn ser no ut til å ha krabba over 5°C på permanent basis.

Dato for vekststart, døgngrader og nedbør frå vekststart til 17.mai i 2019, 2020 og 2021 ulike stader i Trøndelag. Døgngradene er berekna med 0°C som basistemperatur. Kjelde: Landbruksmeterologisk Teneste.

Vekststart tabell

Forklaringer