Uttak av fôrprøver – når og korleis

Dersom ein i første rekke skal bruke prøvene til å avdekke eventuell mangelfull eller skeiv mineralforsyning til plantene, er det aller best å ta ut prøver før fôret er konservert. Skal ein bruke resultata til fôrplanlegging vil vi utan tvil anbefale å ta ut prøver av ferdig konservert fôr. Om lag seks veker etter at fôret blei pakka i rundball eller silo er konserveringsprossessen ferdig og kvaliteten stabil, og da er det ingen grunn til å vente med prøvetakinga lenger. Hugs at det tar tid før svaret frå laboratoriet ligg føre!

Representative prøver av dei ulike fôrkvalitetane er viktig, anten ein skal bruke resultata til fôrplanlegging, til å vurdere gjødslinga eller til begge deler. Frå areal som blir hausta samtidig og elles blir drive på same måte (jord, gjødsling, botanisk samansetjing, fortørkingstid) klarer det seg derimot med ei samleprøve, men også da gjeld at ein bør ta ut prøver frå fleire område av jordet, frå fleire rundballar eller frå ulike sjikt og deler av siloen (både på kantane og på midten) deretter blande det heile godt i ei bøtte eller ein plastsekk og til slutt ta ut ei prøve på omlag 500 g som sendast til laboratoriet. For tørt materiale (>40% TS), klarer det seg med mindre, for svært fuktig materiale bør ein ha større prøvemengd (inntil 1 kg). Her er ein video som viser koss du tar ut fôrprøvane dersom du vil gjøre dette sjøl: https://www.youtube.com/watch?v=ZchuqWDHkaA .

Frakt/sending av prøvene

Tida det tar frå ein ferdig frankert prøve er levert på posten til han er framme hos laboratoriet kan variere, og tida aukar med avstanden frå «sentrale strøk». Lang leveringstid kan føre til at det skjer kjemiske reaksjonar i prøvematerialet og dermed resultere i «feil» analysesvar.

Ferskt gras må i prinsippet tørkast på 60 grader før det sendast til laboratoriet. Det er viktig at temperaturen ikkje er høgare enn 60 grader og at ein tørker så lenge at vekta av prøven er stabil. NLR Trøndelag har tørkeskap på dei fleste kontora, og kan være behjelpeleg med slik nedtørking dersom ein ikkje vil bruke eigen steikeomn.

Prøver av surfôr og høyensilasje må leverast på posten/post i butikk på ein måndag, seinast tysdag. Sjekk fristen for pakkelevering på ditt lokale postkontor! Det kan ofte være ein fordel å fryse ned prøva før sending, og gjerne pakke posen med prøvemateriale inn i aluminiums-folie før ho blir lagt i den ferdigfrankerte konvolutten. Dette reduserer risikoen for at kvaliteten blir forringa før prøva er framme på laboratoriet. Det aller beste er å vakuumere surfôret eller høyensilasjen ved hjelp av ein vakuumpakkar av den typen ein bruker på kjøkkenet til å pakke kjøtt eller fisk. Vi anbefaler at den forsegla vakuumposen i tillegg blir lagt i ein vanleg brødpose eller prøvepose som ein knyter/lukker godt. Da kan ein også ta sjansen på å levere prøven på postkontoret seinare i veka.

Prøver av lagringstørt høy (>85% ts) kan sendast når som helst , men også for slike prøver er det viktig å forsegle posen godt, etter at ein har pressa så ut så mykje av lufta som muleg.

Fleire laboratorium – velg eitt

Det er fleire laboratorium å velje mellom når ein skal ha utført grovfôranalyser. Dei laboratoria vi i første rekke kan anbefale er Eurofins (www.eurofins.no) , Ofotlab (www.ofotlab.no) og Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA, www.fkra.no/plantekultur/analyser/). Vi har ikkje grunnlag for å hevde at det er forskjell på kvaliteten av tenestene som blir levert av dei ulike laboratoria. Derimot kan det av ulike årsaker være nivåforskjellar i resultata, alt etter kva metodar og kalibreringsgrunnlag dei ulike laboratoria bruker og har. Det er derfor viktig å bruke same laboratorium på dei ulike kvalitetane innom år.

Prismessig er det litt forskjellar mellom laboratoria, men det er også forskjellar i kva parametrar som inngår i dei ulike analysepakkane dei har å tilby (sjå tabell). Nytt av året er at også Eurofins oppgir kation/anion-balansen når du bestiller mineralpakke. Det same gjer FKRA, medan du må rekne det ut sjølv ut frå analyseresultata frå Ofotolab. Ofotlab og FKRA gir meir utfyllande svar på gjæringsmønstret i surfôret enn Eurofins der ein berre får innhaldet av mjølkesyre og eddiksyre i tillegg til ammoniakk og pH. Hos Ofotlab får ein ikkje bestemt innhaldet av smørsyresporar i surfôret, men derimot kan hestefolk få oppgitt fôrkvaliteten både etter svensk og norske energivurderingssystem (FEh vs MJ omsetteleg energi). FKRA gir opp næringsinnhaldet både etter Norfor-systemet der prøvene er tørka på 60 grader, og etter det tradisjonelle FEm og AAT-PBV-systemet der prøvene er tørka ved 103 grader. Det siste gir lågare TS-verdi og høgare innhald pr kg tørrstoff av dei ulike næringsemna og kan særleg være av interesse dersom ein ønskjer å samanlikne eigne fôrprøvar med litt eldre tabellverdiar.

Er du i tvil om kva laboratorium du skal velje og/eller kor du skal krysse av på bestillingsskjemaet (det siste er viktig!) – ta kontakt med din rådgjevar!

Priser (kroner) på dei mest aktuelle tenestene hos Eurofins, Ofotlab og FKRA pr august 2019.

Skjermbilde 2021 02 21 175313

NLR Trøndelag sitt tenestetilbod

Vi kan bistå, både med uttak av fôrprøvar, veging av rundballar, evt tørking og innsending av prøver, tolking av analyseresultat (surfôrtolken) og avlingsberekningar. Ettersom hausten er ei travel tid, oppfordrar vi alle som ønskjer hjelp til ein eller fleire av desse oppgåvene, om å melde frå så snart som muleg til sin rådgjevar. Da kan vi planlegge og utføre arbeidet meir rasjonelt!

Nytt frå i år er at vi tar betalt pr time utført arbeid, og ikkje som før ein oppmøtepris + stykkpris per prøve eller vege rundball. For deg som kunde blir det prismessig liten forskjell frå tidlegare praksis. Medlemsprisen er 700 kr per time og tida det tar å køyre til garden betaler ein ikkje for. For ikkje-medlem er prisen 1400 kr per time, og køyretida kjem attpå den tida sjølve arbeidet tek.