Det er stor skilnad frå gard til gard, men med same fôring vert prøvene ganske like frå år til år. Derfor vil vi anbefale at du tek ei prøve av gjødsla i kjellaren no i vår for å få tal frå din gard. Med høge prisar på handelsgjødsla vert det viktig å optimere bruken av husdyrgjødsla, men ein må ikkje over- eller undervurdere innhaldet i den. Handelsgjødsel er ein stor post i regnskapet og utgifter til ei husdyrgjødselprøve er ei lita og god investering. Det tek omtrent 10 dagar før ein har prøvesvaret og ei kjemisk analyse av husdyrgjødsla hjå Eurofins kostar om lag kr 1300,- for ein standard analyse. Hjå Ofotlab er prisen om lag kr 1000.

Ei gjødslingsplan blir ikkje betre enn dei verdiane ein legg inn i plana og husdyrgjødsla er jokeren. I dag justerer vi gjødslinga på grunnlag av jordanalysar, avlingsnivå og fôranalysar. Har vi i tillegg husdyrgjødselprøver vil vi kunne gje nøyaktige råd om gjødslingsmengder. Avvik frå standard-verdiar kan gjere at det blir vesentleg feil i plana. Tabellen under viser variasjonen i innhaldet når ein har rekna om til same TS%.

Tabell husdyrgjodsel

Du tar helst prøve fra tankvogna i forbindelse med spredning, når gjødsla er godt omrørt og du har kjørt ut 20-40 cm fra lager. I tillegg anbefaler vi dykk å kjøpe ein tørrstoffmåler, om de tilsett meir vatn i vekstsesongen, dette for å sjå endring i TS%. Flytevekt gir tørrstoff-innhold, og total-N og fosfor er knytta til tørrstoff.

Hysdyrgjodselprove 4 TSM uttak av prove fra tankvogna
Foto Torhild Svisdal Mjøen

Kor mykje blautgjødsel du har og innhaldet i den vil avgjere kor mykje du skal spreie og dermed kor stort areal du kan dekke med den husdyrgjødsla du har på garden. Mange i fjellbygdene har større areal pr dyr, da vi tar mindre avlingar, og vil oppleva at ein har for lite husdyrgjødsel til åkrane og til all enga, til to slåttar.

Laboratoria krev no prøver på ca 1 liter. Flaske kan du få frå oss eller bestille sjøl. For å være sikker på å unngå lekkasje, trekk ein plastpose utanpå og knyt att denne. Merk pakka utanpå med «Husdyrgjødsel».

I tillegg vil vi anbefaler dykk å kjøpe ein tørrstoffmåler, om de tilsett meir vatn i vekstsesongen, dette for å sjå endring i ts%. Dette er ei lita flytevekt som er svert lett å bruke.


Når ting ikkje går som det var tenkt:

Om ein ikkje får brukt husdyrgjødsla slik det er sett opp i gjødslingsplan, til dømes om møkka vert kutta ut, er det viktig at det vert brukt Fullgjødsel som erstattar planlagt tilførsel av fosfor og kalium om ein skal få nok avling. Også for innhaldet av næringsstoff i fôret og for overvintring er dette viktig. Vert møkka brukt der det ikkje er planlagt, vil ei handelsgjødsel med mindre fosfor og kalium bli aktuelt å supplere med. Dette sparer både miljøet og pengeboka.


Kontakt oss i landbruksrådgivinga så tar vi ein skitprat!