Prognosene blir laga ved bruk av NIBIO sin Grovfôrmodell https://www.vips-landbruk.no/roughage/nutrition/, kalibrert for analyserte prøver og/eller andre registreringar (høgde og fenologisk utvikling) i timoteidominert eng ulike stader i Trøndelag. Langtidsvarslet frå Meterologisk Institutt blir lagt til grunn for prognosen som dermed vil kunne strekke seg 9 dagar fram i tid.

Dei første kalibreringsprøvene og registreringane blir tatt ut denne veka, og dette held vi fram med kvar veke fram mot førsteslåtten på dei ulike lokalitetane. Prøvene blir sende til NIBIO Særheim der dei analyserte. Litt avhengig av postgang og kva vekedag vi får tatt ut prøvene vil det jamt over ta ei veke frå prøva er tatt ut til vi har analysesvaret og får lagt det ut på nettsidene. Vi legg ut resultata av prøvene så snart dei ligg føre, men er ikkje avhengige av desse for å lage prognoser.

Dessverre er det hol i datagrunnlaget på svært mange av klimastasjonane i Trøndelag. Dette gjer at Grovfôrmodellen – og dermed prognosering av avlings- og kvalitetsutvikling – berre er muleg å køyre for Rissa, Kvithamar og Frosta. Vi er dei første til å beklage dette, men dette er ikkje noko vi rår over. Vi er imidlertid i god dialog med Landbruksmeteorologisk Tjeneste, NIBIO som har lovt å begynne arbeidet med å «tette» desse datahola allereie denne veka. Forhåpentlegvis vil det bli muleg å køyre modellen for fleire stasjonar allereie neste veke.


Status Rissa og Kvithamar tysdag 25.mai

Tysdag 25.mai, var graset både i Rissa og på Kvithamar om lag 20 cm høgt, målt grashøgdemålar. Utviklinga var komen litt lenger i Rissa enn på Kvithamar, men begge stader er strekningsveksten godt i gang. På Kvithamar hadde dei fleste skudda ein leddknute, men det var også mange med to. I Rissa var det flest skudd med to leddknuter. Ved å legge desse opplysningane inn i Grovfôrmodellen blei det berekna ei avling for den aktuelle datoen på 246 kg begge stader og ein FEm-konsentrasjon på 0,95-0,96. Tabell 1 viser prognosene for både fenologisk utvikling, avling og kvalitet pr 2.juni som er så langt langtidsvarslet går i skrivande stund. Vi har også teke med data frå Tingvoll på Nordmøre og Tjøtta på Sør-Helgeland for å få med ei sannsynleg variasjonsbreidde for Trøndelag frå sør til nord ettersom vi har få stasjonar å rekne på i eigen region.

Normaldata for Kvithamar viser at vekst og utvikling enn så lenge er om lag «som normalt». Skal ein ha fôr med meir enn 0,90 FEm pr kg TS må ein slå i slutten av neste veke, både i Rissa og på Kvithamar. Med varmen og mangelen på nedbør som er meldt den komande veka, vil det - om det ikkje blir endring i vêrlaget etter 2.juni – bli stagnasjon i avlingstilveksten på Kvithamar. Dette er illustrert i Figur 1 og 2 som viser data frå Grovfôrmodellen når denne er køyrd med to ulike værscenarier fram mot 15.juni, både for Rissa og Kvithamar. I scenario 1 er det lagt til grunn ein gjennomsnittstemperatur på 16° og ingen nedbør. Scenario 2 er basert på ein gjennomsnittstemperatur på 12°C og 10 mm nedbør pr dag fram til 15.juni.


I neste veke går toget for å få fôr med over 0,90 FEm på flatbygdene

Endringar i værscenaria ser ut til å ha mindre innverknad på utviklinga av FEm-konsentrasjonen enn avlingsutviklinga i Grovfôrmodellen. Uansett scenario ser det ut til at fristen for å få fôr med over 0,90 i fôreiningskonstrasjon går ut rett over helga for grovfôprodusentar i flatbygdene i den sørlege enden av Trondheimsfjorden, anten dei er på aust eller vestsida. Dei som ønskjer 0,85-fôr kan vente ei veke lenger, ca. 5.-7.juni.


Prognose for utviklingsstadium, avling og FEm-konsentrasjon i timoteidominert eng 2.juni 2021. Prognosen for Rissa og Kvithamar er kalibrert for registrering av høgde og fenologisk utvikling 25.mai. Prognosane for Tingvoll, Frosta og Tjøtta er utan kalibrering.

Mean stage by count

– numerisk skala

for fenologisk utvikling

Beskriving av
fenologisk utvikling

Avling,
kg TS/daa

FEm-
konsentrasjon

Tingvoll

2,54

Stengelstrekking,
m/ca 3 leddknutar

541

0,92

Oppdal

-

-

-

Meldal

-

-

-

Soknedal

-

-

-

Skjetlein

-

-

-

Rissa

2,68

Stengelstrekking,
m/3-4 leddknutar

491

0,89

Kvithamar

2,64

Stengelstrekking,
m/ca 3 leddknutar

478

0,90

Frosta

2,47

Stengelstrekking,
2-3 leddknutar

536

0,93

Mære

-

-

-

Skogmo

-

Tjøtta, Helgeland

2,24

Stengelstrekking,
2-3 leddknutar

393

0,97