Overskrifta er lånt frå ein artikkel av NIBIO-forskarane Liv Østrem og Tor Lunnan i Bondevennen frå 2.oktober 2020. I denne artikkelen gjer dei greie for bakgrunnen for spørsmålet, kva som karakteriserer dei to artane og om resultat frå forsøk med strandsvingel både i reinbestand og i blanding på to av NIBIO sine stasjonar i Valdres og i Sunnfjord. I 2017 og 2018 la NIBIO ut ein ny serie med forsøksfelt, denne gongen i samarbeid med NLR. I Trøndelag blei det lagt ut i alt fem felt i denne serien. I denne artikkelen blir det gitt ei kort oppsummering av dei viktigaste momenta frå artikkelen i Bondebladet saman med foreløpige resultat frå felta i Trøndelag. Felta skal etter planen ligge i fire engår.


Kvifor erstatte engsvingelen?

Medan engvingel har vore hovudart etter timotei i norske frøblandingar i mange tiår, har strandsvingel ei kort brukshistorie. Norske forsøk har dokumentert at engsvingelen står lite/inkje tilbake for timotei i næringsverdi. Derimot er eit ofte framført ankepunkt mot engsvingelen at han gjer for lite av seg og såleis ikkje oppfyller den tiltenkte rolla si med å utfylle og gradvis erstatte timoteien utover i engåra. I tillegg er han utsett for bladsjukdommar, og har vorte vist å bli meir hemma av ugrassprøyting enn timotei.


Strandsvingel har stor gjenvekstevne og avlingspotensiale

Engsvingel og strandsvingel er nærslekta artar. Sjølv om strandsvingel ikkje er så kjent hos oss, vil ein del grovfôrdyrkarar likevel ha ein referanse til raisvingelsorten ‘Hykor’ som er sterkt prega av strandsvingel som foreldreart. Det som særleg talar til strandsvingelen sin fordel, er at han er yterik og varig og at han toler både tørke og oversvømmingar godt. Strandsvingelen er også konkurransesterk i blanding med timotei, og ein del har uttrykt bekymring for at han kan konkurrere ut timoteien. I vekstrytme er strandsvingel ein typisk treslåttsart med god gjenvekstevne, litt som hundegras, med tidleg skyting og ein del strå i førsteslått, medan gjenveksten er nesten berre blad. På same måte som hundegras tapar strandsvingelen seg raskt i kvalitet. I våre naboland har strandsvingel delvis erstatta engsvingel i mange frøblandingar. Hos oss kom sortane ‘Kora’ og ‘Swaj’ inn på den sortslista etter gode resultat i den offisielle verdiprøvinga og dei er å finne i enkelte frøblandingar. I nokre av blandingane finst også nokre andre sortar. Såvare av berre strandsvingel er også å få kjøpt.


Kvaliteten ikkje heilt på høgde med timotei

Dette er dokumentert i svenske fôringsforsøk der ein fann lågare fôreffektivitet i kg EKM pr kg fôrtørrstoff hos kyr som fekk surfôr av strandsvingel samanlikna med timotei, sjølv når begge grasartane blei hausta svært tidleg. Forskjellen kunne relaterast til betre fiberkvalitet og høgare fordøyelegheit i timotei. I dei svenske forsøka var det også høgare ureainnhald i mjølka hos kyr som fekk surfôr av strandsvingel og dette blei forklart med meir løyseleg protein i strandsvingel samanlikna med timotei. Strandsvingel har etter det vi veit ikkje blitt samanlikna med engsvingel i fôringsforsøk, men fôranalyser frå andre engår på Kvithamar indikerer at ‘Swaj’ har minst like god kvalitet som engsvingel.


Forsøk i Trøndelag

I 2017 blei det lagt ut fire felt i Trøndelag; Grong, Hegra og Kvithamar i Stjørdal, samt Meldal. Det femte feltet blei lagt ut på Namdalseid i 2018. I alle forsøksfelta var det i alt ni forsøksledd. Dei to strandsvingelsortane ‘Kora’ og ‘Swaj’, timoteisortane ‘Liljeros’ og ‘Grindstad’, ‘Vestar’ engsvingel og ‘Leif’ bladfaks blei alle sådd i reinbestand. I tillegg blei begge dei to strandsvingelsortane kvar for seg sådd i blanding med ‘Liljeros’ timotei og det same blei ‘Vestar’ engsvingel. Blandingsforholdet var 75% timotei og 25% strandsvingel eller engsvingel.

Felta i Meldal og i Stjørdal er planlagt med treslåttsystem, felta i Grong og Namdalseid med to slåttar. Gjødslinga er utført etter vanleg praksis og i samsvar med jordanalyseresultat hos dei respektive feltvertane. I følge planen skal førsteslåtten takast mellom begynnande skyting av timotei og ei veke seinare. Avlingsresultata frå Trøndelag avvik i liten grad frå resultata frå felt i same serie i andre landsdelar og det er også godt samsvar mellom felta i Trøndelag når det gjeld rangering av artar og sortar.

På felta med to slåttar (Grong, Namdalseid) er det så langt ikkje funne statistiske forskjellar, verken i avling eller kvalitet mellom dei ulike forsøksledda (resultata er ikkje vist).

I felta med tre slåttar er det oppnådd størrre avling av strandsvingel enn av dei andre grasartane sådd i reinbestand. Derimot er det ikkje sikre forskjellar i avling mellom strandsvingel sådd i reinbestand og i blanding med ‘Liljeros’ timotei. På Kvithamar utgjorde strandsvingelen mindre enn 20% av avlinga i blandingsrutene i første engår. I andre og tredje engår utgjorde han hovuddelen (>90%). Til samanlikning utgjorde engsvingel berre 35-45% av avlinga i blandinga med timotei. Såleis kan ein langt på veg sei at «ryktet» om at strandsvingel er svært konkurransedyktig er stadfesta. Spørsmålet kan bli om strandsvingelen faktisk utkonkurrerer timoteien framfor å fylle etter der timoteien går ut? I denne forsøksserien fekk elles strandsvingelen kanskje eit ekstra konkurransefortrinn som følgje av dei to tørkesomrane i 2018 og 2020. Det kan sjå ut til at avlingsnedgangen utover i engåra har vore sterkare for både timotei og engsvingel enn for strandsvingel. Det var små forskjellar i avling mellom den nye timoteisorten ‘Liljeros’ og den gamle kjenningen ‘Grindstad’.

Tabell1
Figur 1. Tørrstoffavling for tre slåttar av strandsvingel (‘Kora’ og ‘Swaj’), engsvingel (‘Vestar’), timotei (‘Liljeros’ og ‘Grindstad’) og bladfaks (‘Leif’), samt blandingseng med strandsvingel og timotei eller engsvingel i tre engår. Resultata for første og andre engår (2018, 2019) er gjennomsnitt for felt i Meldal, Hegra og Kvithamar, tredje engår (2020) er gjennomsnitt for Hegra og Kvithamar.

Det er tatt ut kvalitetsanalysar av gras sådd i reinbestand, både i andre og tredje engår. Resultata for andre engår på Kvithamar er synt i Tabell 1.. Det var få eller ingen forskjellar i fordøyelegheit eller energiverdi mellom strandsvingel, engsvingel og timotei, verken i første, andre eller tredjeslått. Faktisk kan det sjå ut til at forskjellen mellom dei to strandsvingelsortane, der ‘Swaj’ kjem litt betre ut enn ‘Kora’, har vore større enn forskjellen mellom artane. Forskjellen mellom strandsvingelsortane kan blant anna skuldast ulik tidlegheit Energiverdien uttrykt som MJ NEL er rekna ut som FEm/7,075. Også m.o.t. kjemisk samansetning (råprotein, sukker, NDF) er det med nokre enkelte unnatak, avdekka få og små forskjellar mellom artane.

Foreløpig konklusjon

Strandsvingel har i feltforsøk i Trøndelag så vel som elles i landet etter to og tre engår gitt vel så store og til dels større avlingar enn både engsvingel og timotei, både med to og tre slåttar. Arten framviser stor konkurransekraft og kan potensielt fortrenge timotei når artane blir sådd i blanding. Kvalitetsanalysar frå to felt gir ingen indikasjonar på at innblanding av strandsvingel vil gi avlingar med dårlegare kvalitet enn ei tradisjonell blanding med timotei og engsvingel, verken i to- eller treslåttsystem. Kvalitetsanalysar frå fleire felt og år må leggast til grunn før ein konkluderer endeleg om dette. Likevel kan det være vel verdt å prøver blandingar med innslag av strandsvingel i tillegg til engsvingel og timotei, særleg på jord/areal der dei tradisjonelle blandingane har vist seg å være lite varige og/eller gi mindre avling enn ønska.

Tabell2
Tabell 2. Energiverdi (FEm og NEL per kg tørrstoff), innhald av råprotein, sukker og NDF (gram pr kg tørrstoff) og fordøyelegheit (% av tørrstoff) av første, andre og tredjeslått i andreårseng (2019) på Kvithamar av strandsvingel, engsvingel, timotei og bladfaks i reinbestand. Der det er ulike bokstavar bak verdiane er forskjellane statistisk sikre. Står verdiane utan bokstavar bak, er det ingen statistisk sikre forskjellar.

Den som ønskjer referansar kan ta kontakt med forfattaren.

Figur1 Svingel
Figur 1. Engsvingel og strandsvingel er nærslekta idet engsvingel utgjer ein tredel av strandsvingelarten. Strandsvingel er generelt ei meir storvakse plante enn engsvingel, mellom anna i akset. På beitestadiet kan artane skiljast på bladøyrene (sjå innringa del på bilda). Figuren er frå «Grasses» av Hubbard.