Torrstoff husdyrgj
Frå demonstrasjon av husdyrgjødsel med ulik vassinnblanding spreidd med slangespreiar. Husdyrgjødsla hadde eit tørrstoffinnhald (frå venstre) 8%, 7%, 6%, 4%, 3% og tynn fraksjon etter separering med 5% tørrstoff helt til høgre. Foto: Ane Harestad

Kva skjer eigentleg med næringsinnhaldet i husdyrgjødsla når ho vert separert? I 2022 gjennomførte NLR Rogaland ei kartlegging av separert husdyrgjødsel. Det vart tatt ut analysar både før og etter separering hjå fem svineprodusentar og 12 storfeprodusentar. Resultata viser at det meste av næringsstoffa framleis er i den flytande fraksjonen etter separering, medan den tørre fraksjonen er relativt næringsfattig og med låg eigenvekt.

Næringsstoff

Plantenæringsstoffa i husdyrgjødsel er vassløyselege. I blautgjødsel vil derfor brorparten av næringsstoffa vere løyst opp i væska og mykje av næringsstoffa bli med vidare over i den flytande fraksjonen etter separering. Kartlegginga viser at sjølv om den flytande fraksjonen etter separering har eit lågare tørrstoffinnhald enn før separering, er innhaldet av næringsstoff forbausande likt. Men etter separering er det meir fosfor i tørrdelen og mindre fosfor i blautdelen

Ved fyrste augekast på analyseverdiane, kan det sjå ut som at det er høg konsentrasjon av næringsstoff i den faste fraksjonen etter separering. Men analyseverdiane er oppgitt i kg/tonn. Det er med andre ord ingen korrigering for endra tørrstoffnivå. I datagrunnlaget vårt var det eit gjennomsnittleg tørrstoff før separering på 7,4 %. Den faste fraksjonen etter separering hadde i gjennomsnitt eit tørrstoff på 28 %. Det er dermed mindre næringsstoff pr kg tørrstoff i den tørre fraksjonen etter separering enn det er i useparert gjødsel.

Eigenvekt og volum

Eit anna moment er eigenvekta til gjødsla. Blautgjødsel har ei eigenvekt på 1. Det vil seie at ein m3 husdyrgjødsel har ei vekt på eitt tonn. Det same gjeld den flytande fraksjonen etter separering. Kva som er eigenvekta til den tørre fraksjonen etter separering avhenger ein del av kor kraftig ein separerer, og dermed kor høg tørrstoffprosent det er i den tørre fraksjonen. I NLR Rogaland si kartlegging ver eigenvekta i gjennomsnitt 0,44. Det vil seie at ein m3 med nyseparert tørr fraksjon berre veg 440 kg. Som nemnt over, vert næringsinnhaldet i husdyrgjødsel målt i kg pr. tonn, ikkje pr. m3. Ved å måle næringsinnhaldet i den tørre fraksjonen finn vi auke i fosforinnhold pr tonn, men grunna lav volumvekt vil det i dei aller fleste tilfelle vil vere mindre fosfor/ m3 tørr fraksjon etter separering, enn det var før separering. Etter separering vert blautfraksjonen ofte redusert med litt over 10 %.

Frigjort spreieareal

Dersom målet med separering er å frigjere spreieareal, er truleg ikkje separering den mest effektive måten å gjere det på. Ved å køyre bort 100 m3 ordinær storfegjødsel vil du frigjere 18 - 19 daa spreieareal. På grunn av den låge eigenvekta, vil 100m 3 av den tørre fraksjonen etter separering berre frigjere 16-17 daa spreieareal. Dette basert på gjennomsnittsverdiar for storfegjødsel i datagrunnlaget. Talla i datagrunnlaget varierer noko, men dei aller fleste tilfella følger same mønster som dømet ovanfor.

Erfaringar viser at det går svært lett varmgang i ein haug med tørr fraksjon etter separering. Når det går varmgang, vil haugen synke saman, og eigenvekta vil auke. NLR Rogaland har ikkje analyseverdiar som kan setja tal på næringsinnhaldet i den tørre fraksjonen etter at det har gått varmgang.

Endring i viskositet

Ein påfallande effekt av separering er at den tynne fraksjonen etter separering flyt svært lett. Sjølv med eit tørrstoffnivå på 5 % flyt den tynne fraksjonen etter separering lettare enn useparert gjødsel som er halvblanda med vatn (3% tørrstoff). Me observerte òg at den tynne fraksjonen etter separering i mindre grad klistrar seg til bladverket på graset. Med separering vil du dermed oppnå ein del av dei same fordelane som du får ved å halvblanda gjødsel med vatn, men du treng ikkje køyre ut like mange m3 med gjødsel.

Ein påfallande effekt av separering er at den tynne fraksjonen etter separering flyt svært lett.


Kostnadar

Det er gjort litt, men foreløpig ikkje mange økonomiske utrekningar. Separering gir økonomisk fordel og mindre arbeid ved at det vert litt redusert blautgjødselvolum, då det er ikkje behov for ekstra vatn før utkøyring med nedleggar/stripespreiar. Vidare gir det fordelar i samband med opprøring av lageret og pumping av gjødsel. Men separering kostar, anten ein leiger inn eller eig sjølv.

Berekningane viser at separeringskostnaden for innleigd, eller med eigeneid maskin, må koma ned på 15 – 20 kr per m3 du har i lageret før separeringa. Er dei høgare, aukar dei totale møkkhandterings-kostnadane samanlikna med før, då gjødsla vart fanespreidd ved 7 % tørrstoff eller spreidd med nedleggarvogn etter ekstra vassfortynning ved 5,5 – 6 % tørrstoff.

Me finn også at innkjøpt separator må brukast til minimum 1 000 m3 gjødsel i året for kvar 100 000 kr investert. Separator til 650 000 kr må altså brukast til totalt ca 6 500 m3 gjødsellager i året. Dette vil også seia at å leige denne tenesta til 15 – 20 000 kr til eit lager på 1 000 m3 også er innanfor det me reknar som økonomisk.

Med separering vert det i tillegg ein tørr fraksjon som også må handterast. Fastdelen har låg eigenvekt og er relativt næringsfattig, samanlikna med andre former for tørrgjødsel. Om fastdelen er over 35 % tørrstoff, så kan den ofte brukast til strø igjen. Elles er beste disponering å molda den raskt ned i åker/gjenlegg. Det må vere nok open åker til fastgjødsla. Om fastgjødsla må brukast på eng, så vert fort økonomien dårleg. På eng er verknaden av fastgjødsel dårleg og sein, og du får heller ikkje miljøtilskot for miljøvenleg spreiing. Når blautdelen får mindre volum, så aukar handterings-kostnaden per tonn som er igjen, fordi dei årlege faste kostnadar må fordelast på færre tonn.

Somme bønder separerer så lenge at det vert for lite tørrstoff i blautdelen. Å separera til lågare tørrstoffinnhold enn 3 – 3,5 % tørrstoff i blautfraksjonen gir inga betring i nitrogenutnytting, separeringa kostar meir og gir sterk auke i fastgjødselvolum som du må handtera.

Dersom målet med separering er å frigjere spreieareal, er truleg ikkje separering den mest effektive måten å gjere det på.


Oppsummert

Separering gir fordelar, men også ein del nye utfordringar. Separering er mest aktuelt å vurdere for dei som har lang transport over 6 km, avgrensa lagervolum og for lite spreieareal. Men me treng fleire erfaringar, vurderingar og økonomiberekningar for ulike gardsbruk og situasjonar.

Ubehandla

Separert flytande fraksjon

Separert fast fraksjon

Eigenvekt kg/liter

1,0

1,0

0,52

Tørrstoff prosent

6,5

3,4

30,9

Total nitrogen kg/tonn

4,76

4,30

6,40

Ammonium_Nitrogen kg/tonn

2,20

2,23

1,89

Fosfor kg/tonn

0,98

0,84

2,18

Kalium kg/tonn

1,92

1,80

1,88

Svovel kg/tonn

0,39

0,29

1,15

Tabelltekst: Eigenvekt, tørrstoffinnhald samt innhald av makronæringsstoff - Gjennomsnittsverdiar husdyrgjødsel frå gris, fem analysesett.

Ubehandla

Separert flytande fraksjon

Separert fast fraksjon

Eigenvekt kg/liter

1,0

1,0

0,40

Tørrstoff prosent

7,8

5,0

27,1

Total nitrogen kg/tonn

4,45

4,43

5,97

Ammonium_Nitrogen kg/tonn

1,69

1,76

1,46

Fosfor kg/tonn

0,66

0,52

1,47

Kalium kg/tonn

4,36

5,12

4,05

Svovel kg/tonn

0,48

0,45

1,00

Tabelltekst: Eigenvekt, tørrstoffinnhald samt innhald av makronæringsstoff - Gjennomsnittsverdiar husdyrgjødsel frå storfe, 12 analysesett.


Lastebil med semihenger
Krefter i sving. Sørvest Bioforedling AS har lastebil med stor semihenger med dieseldrevet gjødselseparator. Den har stor kapasitet og får ut fastgjødsel med høyt tørrstoff. Foto Sørvest Bioforedling AS