Grøntproduksjon i Fjellandbruket

01.11.2016 (Oppdatert: 09.03.2017) ,  Anne Karin E. BotnanTorhild Svisdal Mjøen

Klimamessig ligg Oppdal litt på grensa når det gjeld produksjon av grønnsaker. Produksjonen av Fjellmandel er stor i Oppdal, og det er interesse for å kunne dyrke grønnsaker, spesielt gulrot for det lokale markedet.

Eit allsidig utvalg av grønnsaker dykra i Oppdal. Foto: Oppdal Landbruksrådgiving

Når vi no skulle i gang med utprøving av gulrot ønsket vi også å prøve med anna grønnsaker for å sjå kva som er mogleg å få til. 2015 var første året vi prøvde ut dette og som du kan lese om her. Resultata frå 2016 er i skrivande stund ikkje klar enda.

Vi vil takke Fjellandbruket i Oppdal og Rennebu for økonomisk støtte til dette prosjektet. Vi har også fått økonomisk støtte frå Norsk Landbruksrådgivning. Stor takk til Øystein Riise for lån av areal, duk og god hjelp. « …der lå en pjokk og lukte i turnipsåkerns gress…» ekstra sommarhjelp har vore nødvendig,  takk til Hannah, Ola, Bernt og Martina for god hjelp!

Dyrking av grønnsaker
Optimismen var stor da vi i april planla feltet, og optimismen heldt seg bra da vi bestilte planter og frø utover mai månaden. Det vart ein ekstrem kald og dårleg vår, og vi gikk og venta på å kunne så. Frå Frosta fekk vi melding om at plantene vi hadde bestilt kom seint på grunn av den kalde våren der også. Med ein så kort vekstsesong som vi har, byrja dette å bli kritisk, sjølv om vi skulle bruke duk på det meste av plantene.

Vanlegvis kan ein nok så gulrota rundt 20.-25. mai, i år blei det utsett til den 12.juni. Same dag kom småplantene frå Frosta, men på grunn av dårleg ver måtte dei stå i drivhuset til den 20.juni før dei kunne plantast ut. Fram til denne datoen hadde middeltemperaturen i mai vore på 5,1 grader og i juni 6,7 grader, dette er temperatur der graset nesten ikkje vekst!

Denne dagen sådde vi kålrot, reddik (både lang og rund type) og sukkererter. Vi planta ut småplanter av sommarkål (nykål), grønnkål, kålrot, romanesco, knutekål, brokkoli, høstkål, savoykål, salatløk, knutekål og blomkål. Vi planta urtene som vi hadde kjøpt i potter; sitronmelisse, oregano, blomkarse, kruspersille, sitrontimian og ringblomst. I tillegg sådde vi solsikker (lave), lin og agurkurt.

29.juni sådde vi mainepe og 9.juli fikk vi endeleg dei siste småplantene frå Frosta; vårløk, kinakål, mangold, ruccola, bladsennep, epazote og squash. Beskjeden som fulgte med var at dei bør ha over 20 grader for ikkje «gå i stokk/ gå i frø» som  betyr at dei sett stenglar og knoppar og vert trevlete, samtidig med at blada ikkje vert så god lengre. Spesielt skal kinakålen vere utsatt. Frå 20.juni til 9.juli hadde middeltemperaturen vore på 11 grader, så vi hadde eit heller lite håp for desse…

Vekstsesongen

20.juli starta vi med å høste reddiken, både den lange og den runde var store nok. Den kom fort og det som ikkje vart høsta no gikk i stokk/frø. Salsapparatet var ikkje klart og derfor blei resten ståande. Vi lot plantene stå slik at vi kunne vise fram på markdagene at planter går i stokk/frø.

7.august var vi på inspeksjon og mykje av plantene hadde vokst godt! Middeltemperaturen til no i august var på 12,5 grader og under duken var det nok ein grad eller to varmare.  Gulrøtene er små, men dei veks ikkje mykje før det blir mørkt om natta, så med gode temperaturar framover er det håp.

2.september starta høstinga av grønnsakene. Dei plantane som hadde gått i stokk var ruccolasalaten, men kinakålen hadde greid seg bra. Blomkålen er svert liten, og blir nok ikkje noko serleg. Høstkålen er ikkje ferdig, men den blir. Nepa og kålrota som vi sådde blir det ikkje noko av, delvis fordi dei blei sådd for seint, og fordi kveka har teke overhand. Kålrota som blei planta blir ok. Vårløken blir heller ikkje stor. Solsikkene har ikkje starta blomstringa enno, men det er store knoppar. Men vi er imponert over resten!

29.september høsta vi førsøksfeltet med gulrot. Dei fleste av grønnsakene vart òg høsta ferdig no. Høstkålen får stå litt til. Brokkolien som var høsta 2.september hadde no fått store sideskot og kunne høstast på nytt! Grønnkål, knutekål, sommarkål (nykål) og savoykål var stor og fin! Linet stod i blomst no, og solsikkene har så vidt kome med blomster.

Konklusjon

Eit normalt år så ville vi ha heilt normale avlingar av det meste her, vel og merke under duk!

 

Fjellrot

Utprøving av åtte ulike gulrotsorter

Feltet vårt var eit enkeltståande felt. Det var 8 ulike gulrotsortar som blei utprøvd, nokre velkjende andre nye nummersorter valt ut med hjelp frå LOG. Klimamessig ligg Oppdal på grensa når det gjeld gulrotproduksjon, det blei derfor bestemt at forsøket skulle gjennomførast med dekking av fiberduk heile sesongen.

Såing, sortar og fiberduk

Gulrotfeltet blei sådd 12.juni med ei ettfrøsåmaskin av moderne type, på bedd og dekt med fiberduk som låg på heile vekstsesongen. Sortene som vart sådd:
NUN 89141, Natuna, Romance, BEJO, Nominator, Norwalk, NUN 13076 og Jerada.

Vær og Vekst i vekstsesongen
Det vart ein ekstrem kald og dårleg vår. Vanlegvis kan ein nok så gulrota rund 20.-25. mai. Juli vart kjøleg og våt. «Viss det blir noko grønnsaker dette året så blir det alltid». 
 
Avling

Med fare for frost, så blei feltet 29.september. Høsterutene var 3 meter. Jobben blei gjort med greip som jordløsner og handplukking. Gulrotgraset er heilt friskt.

  • Graset på dei kvite røtene ( NUN 89141) var merkbart lengre og mørkare grøn enn resten
  • Det var stor skilnad på storleiken på røtene. Røtene blei teke opp med graset på og veid. Med graset på blei dei lagt i store potetkasser av tre, der botnen  var dekt med plast. Vi la også plast på toppen, dvs. luftinga blei mellom borda på sidene. Dei blei køyrd inn på potetlageret, men etter nokre få dagar blei dei levert til markedet. Det var lite skade på røtene med ei slik opptaking
  • Røtene blei sortert i to fraksjoner; «Knaskegulrøter» og vanlige gulrøter. Dei minste kunne ha blitt på ein vanleg sommar i Oppdal, når ein brukar duk
  • 1 NUN 89141 var kvite røter, desse var lange og tynne, og hadde stort gras. Desse kan nok gi ei stor avling med litt lengre vekstsesong. Ved smaksprøver var dei involverte svert ueinige om smaken på dei kvite, enten så likar ein dei svert godt, elles så ikkje

 

Avlingsregistrering

Tabell viser avling på tre ruter som tilsvarer 40,5 m2, og avling pr. daa med og uten gurotgraset på.

Sort

 Kg 3 ruter

Kg pr. daa med gras

CA Kg pr. daa bare røter (72%)

 kommentar

1 NUN 89141

52,1

3859,26

(2779

Medium

2 Natuna

60,6

4488,89

(3232

Store!

3 Romance

59,9

4437,04

(3195

Små

4 BEJO

67,1

4970,37

(3579

Mix (små på 1 rute, store på 1 rute)

5 Nominator

77

5703,70

(4107

Små

6 Norwalk

68,9

5103,70

(3675

Små/medium

7 NUN 13076

62,7

4644,44

(3344

Mix (små på 1 rute, store på 1 rute)

8 Jerada

80,7

5977,78

(4304

Medium/stor

 

Ut i frå vektene gav nr 8 Jerada størst avling, og hadde medium/store røter. Nest største avling var 5 Nominator, men her var røtene små, sesongen vart nok litt kort.
Oktoberveret vart heilt supert og gulrota voks heilt til slutten av oktober, og store deler vart «salgbar avling». 
 
For å finn om graset utgjer mykje av den avlinga vi fekk, vart noko veide med og utan gras. Rota utgjorde ca.72 % av avlinga.

 
Konklusjon

På tross av ein svert dårleg vektsesong, blei det ok avling dette året. Med fiberduk heile sesongen kan ein får bra avlingar i Oppdal. I den utvida åkeren som ikkje hadde duk, såg vi heilt klart forskjell med og utan duk. Når jorda er fri for kveke, etter nokre år med potetproduksjon, er det heilt overkommeleg å luke noko frøugras med handredskaper. På større områder vil radrenseutstyr vere nyttig. Dette kan bli ei bra supplering for dei som allereie har fjellmandelproduksjon på graden.