Frøblandinger 2018

11.05.2018 (Oppdatert: 30.05.2018) , Torhild Svisdal Mjøen , Anne Karin E. Botnan

Nok og god nok avling, er avhengig av artar og blandingar som passar til klima, vekseplass og bruksmåte.

Velg ei frøblanding som er tilpassa lokale vekstforhold. Foto: Elin Thorbjørnsen

Bruk 3-3,5 kg såfrø per dekar av alle eng og beiteblandingar.

 

Til beite og slått
I kombinasjonsblandingar til slått og beite vil ein ha ein stor del timotei og engsvingel samtidig som at beitegras som engrapp er med.

  • Sørnorsk timotei (Grinstad): ok ved to høstingar, eller høsta ein gong og beita med storfe, men nordnorsk( eks Lidar) har betre overvintring.
  • Beiting vår og høst i tillegg til 1 slått = nordnorske timoteisortar
  • Engrapp: tett eng (betre med engrapp enn ugras), sølvsagt til eng som blir beita
  • Engsvingel: god gjenvekst = høstbeite.
  • Kløver: kvitkløver meir hardfør enn rødkløver. Vinterklimaet på vokseplassen er viktig, det må være nok snø, men den må ikkje ligge for lenge
  • Fleirårig Raigras der denne overvintrar

 Viss ein skal ha eit kort omløp kan ein ha få artar, de lengre omløp, de meir allsidig blanding. Meir beite -> meir engrapp (og kvitkløver)!

 
Vånd og val av såfrø
Ei tett eng utan ugras og kløver er det viktigaste rådet mot vånd. Viss vi vel å ha rødkløver i enga må vi vere klar over risikoen vi tek.

 

Slått
I slåtteblandingar vil det vere ein stor del timotei og engsvingel. Rødkløver er vanleg i slåtteblandingar, medan kvitkløver er vanleg i beiteblandingar.

 

Spesialblandingar
Også i år leverer Felleskjøpet dei to Oppdalsblandingene «Oppdal Surfôr/Beite ekstra vintersterk»(Oppdal sau) og «Oppdal surfôr/beite vintersterk» (Oppdal ku.) Dette er to blandingar som er godt tilpassa fjellstrøka. Båe inneheld engrapp, og dei er utan kløver. Som nemnt vil engrapp tette enga og hindre nye ugrasfrø i å spire, og dei er utan kløver. Spør etter blandingane for Oppdal når du handlar, dei ligger ikkje i lista.

 

Beite
Viss ein veit at enga skal beitast, (eller den vert beita av hjort og elg,) bør ein velje blandingar med meir eller mindre beitegras. Beitegras kan være: engrapp og fleirårig raigras. (Fleirårig raigras berre der det er milde vintrar). Kvitkløver egnar seg godt til beiting. Engkvein og rødsvingel gjev låg avling men er hardfør. Engrapp finns i fleire sortar med varierande avlingspotensiale og hardførhet. Engrapp etablerer seg seint, men når han først er etablert har den stor evne til å dekkje botn og tette hol i enga. I beiteblandingar er det ofte med litt timotei og engsvingel for å kunne gje bra avling dei første åra før engrappen har etablert seg skikkeleg.

 

Fleirårig raigras
Fleirårig raigras finn ein i fleire sorter. Sortar som egnar seg godt til slått er med i typiske slåtte-blandingar, medan sorter som egnar seg godt til beite er med i typiske beiteblandingar.

 

Blandingar til varig eng og beite

De lengre omløp, de meir allsidig blanding!Til areal som er tenkt til langvarig eng bør ein bruke beitefrøblandingar. Dette er allsidige blandingar som konkurrerer godt med ugraset ut over engåra. Det er for seint å bestemme seg for at ei eng skal være langvarig når ein har sådd ei vanleg blanding. FK Spire beite vintersterk eller Norgesfôr frøblanding nr 5 passer godt i fjellstrok (men ver obs på at båe desse inneheld kløver). Langs kysten høver FK spire beite normal eller Norgesfôr Strand nr 13.

 

Økologisk såfrø

På sauebruk har Felleskjøpet Natura surfor nord og Natura surfor vintersterk, men desse manglar engrapp, noko som er uheldig. Ein bør blande inn 20 % engrapp sjølv, men det er usikkert om det finnes økologisk frø av Knut Engrapp. Norgesfor har Frøblanding nr 31 – Nordlig øko, som passer i fjellstrøka, og frøblanding nr 30 for gode strøk i Midt-Noreg, båe med noko engrapp. På kubruka vil ei blanding med sørnorsk timotei kunne gå; Felleskjøpet sin Natura Surfôr/beite vintersterk passer her, eller Norgesfor sin Frøblanding nr 30 – Sørlig øko, men den manglar nordnorsk timotei. I fjellstrøka bør ein blande inn 20 % nordnorsk timotei, men det er usikkert om det finnes økologisk frø av det. Viss ikkje kan ein bruke same frøblandinga frå Norgesfor som til sauebruka. Langs kysten kan ein bruke Natura surfor/beite normal.

  

Grønfôr
Vi får en del spørsmål om grønfôrvekstar. Lurer du på det så ta kontakt! Om du tenker å bruke grønfôr som dekkvekst er det nokre få regler som gjeld: de høgare til fjells de mindre mengde såvarer pr. daa. Bruk berre 6-8 kg reint korn (ikkje erter, vikke mm dei kveler graset). Bruk havre viss dette skal vere til sau (snerpen på byggen setter seg i halsen på sau). 

I dei beste strøka i Trøndelag kan ein bruke 15-20 kg korn som dekkvekst. Her går det ann å bruke blandingar med erter og vikke også som dekkvekst. Skal grønfôret brukast som dekkvekst, må ein ungå blandingar som inneheld italiensk raigras, da det kveler graset utover høsten.

Dekkvekst hjelper ikkje nok mot ugraset, regelen er av vi må sprøyte mot åkerugraset likevel.

 

Frøblandingar i handelen; frå Norgesfor (Strand) og Felleskjøpet (FK).

Dei er ordna slik at vintersterke blandingar kjem først

 
Spire surfor Ekstra vintersterk (FK ) og Strand nr 1, 2, 3, og nr 5

1 slått + beiting, blandingar kan brukas i områder i Trøndelag der ein veit at ein har problem med vinterskader i eng, eller der ein vil ha ei langvarig og haldbar eng. (Timoteisort: Noreng og Lidar).

Spire surfor Vintersterk(FK) og Strand nr 7, 8,9 og 10 blir ofte bruka i indre og høgareliggande strøk i Trøndelag. 1 slått og beite eller 2 slåttar. Desse blindingane gjev høgare avling enn ekstra vintersterke blandingar. Dei egnar seg og om ein ønsker litt langvarig eng. (Timoteisort: Lidar åleine eller Lidar i blanding med Grinstad)

Spire surfor Normal og Strand nr12,13,14 blandingar egnar seg godt i lågareliggande strøk i Trøndelag med to slåttar. Men dei kan og brukast i indre og høgareliggande strøk, viss ein er forberedt på å forny enga oftare (etter ca 3-4 år). Normalblandingar gjev litt betre gjenvekst og avling i 2.slått enn ”vintersterke blandingar”. Enkelte normalblandingar kan brukast i et 3-slåttsystem. (Timoteisort: Grinstad)

Spire surfor pluss og Strand nr 15 og 16

Milde vintre blandingar inneheld fleirårig raigras og egnar seg der ein veit at fleirårig raigras overvintrar, f.eks i kyststroka. Blandingane med fleirårig raigras bør høstast minst 3 gonger.

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.