Det treskes så det suser i Trøndelag

24.09.2020 (Oppdatert: 01.10.2020) Jon Olav Forbord

Noe av kornet som var grønt på mandag er gult i dag. Det treskes med vassprosenter helt ned i 14-18%, men stor variasjon. Noe utfordringer i logistikk av containere, men det er viktig at utnytte været til å treske, og å tørke ned for de som har egen tørke. Les mer i artikkel fra forrige uke om midlertidige lagringsmuligheter, vassinnhold og temperatur

Langtidsvarselet på Yr gir håp om lysning i horisonten – det går mot skuronn i Trøndelag. Foto J.O Forbord

 

Fuktig og/eller varmt korn skal handterast med ein gong etter trøsking. Dersom rått og varmt eller spira korn blir ståande i ein hengar for å vente på levering eller plass på korntørka, går det raskt ut over kvaliteten. Rask nedbryting av dei lettast fordøyelege fraksjonane i kornet set i gang prosessen med nedbryting av tørrstoff og frigjering av CO2, varme og vatn. Etter kort tid er det akselererande varmgang, og utviklinga av lagersopp er i full gang.

 

 

Ved sida av redusert tørketrekk, er det kanskje vel så viktig at trøsking av tilnærma tørt korn gir mindre risiko for kvalitetstrekk. Dei fleste må rekne med litt trekk for vêrskade. I tillegg er det registrert aks med enkeltkorn av tvilsam kvalitet. Uansett om det er på grunn av fusarium eller andre årsaker, blir ein større del av tvilsame enkeltkorn utsortert på trøska når kornet er tørt ved trøsking. Når vassprosenten er oppover på 30-talet ved trøsking, blir det «graut» og det meste blir med inn.

 

Godt langtidsvarsel

Dersom langtidsvarselet held fram med å vera godt, er argumenta for å starte forsiktig opp med trøskinga fleire.

  • Mottakskapasitet
  • Unngå stopp
  • Betre kornkvalitet
  • Større kapasitet på egne tørker
  • Større kapasitet og mindre slitasje på egen trøske
  • Jordpakking, fuktig jord og tunge maskiner

           

Korttidslagring

Mellomlagring direkte på betonggolv kan i pressa situasjonar vera ei god løysing. Nedanfor er det gjengitt ein figur som viser samanhengen mellom korntemperatur, vassinnhald og muleg lagringstid. (Orginalen er litt hardt medfare). Trekk ei rett line frå temperatur i kornet til vassprosent. Maks lagringstid i dagar kan da lesast av i figuren. Når vassprosenten i hausta korn er under 23 % kan det i dei fleste tilfelle lagrast utan ventilasjon på golv.

 

Figur 1. Samanheng mellom vassprosent, korntemperatur og korttidslagring. Korntemp på 13°C og vassprosent på 22, gjer at kornet kan mellomlagrast 10 – 12 dagar fritt på golvet.

 

 

Liten tørkekapasitet

I situasjonar med for liten tørkekapasitet, er det viktig å utnytte muligheitene til kjøling og tørking best muleg. Så lenge kornet er varmare enn utelufta:

  • Kjør vifta, det viktigaste er å sikre ein låg temperatur
  • Tørk noen bingar – avkjøl resten om natta
  • Omrøring eller omkjøring gir raskare nedtørking

 

Når vassprosenten i kornet er over 21%, skal vifta gå kontinuerleg uavhengig av veret. Sjølv i regnvêr kan det bli opptørking av bygg, når vassprosenten er meir enn 22,4 % og utetemperaturen over 5 °C. Men det er ikkje muleg å komme lengre ned om relativ luftfukt ikkje går under 90 %, når temperaturen er låg.

 

Til hjelp for nedtørking og kjøring av vifta i ei kaldlufttørke, har vi tatt med likevektstabellen mellom relativ luftfukt og vassinnhald i korn. For best muleg utnytting av kaldluftstørka, er eit hygrometer til måling av relativ luftfukt eit godt hjelpemiddel.

 

            Relativ luftfukt i prosent

Art

50

60

65

70

75

80

85

90

Temperatur

Bygg

12,3

13,9

14,8

15,7

17,0

18,3

19,9

22,4

  5 º C

Kveite

12,7

14,0

14,8

15,7

16,8

17,8

19,5

21,0

  5 º C

Havre

11,8

13,0

13,8

14,5

15,9

17,5

19,8

23,1

  5 º C

Bygg

10,3

13,7

14,8

15,5

16,8

18,1

19,7

22,0

10 º C

Kveite

11,2

13,8

14,6

15,5

16,6

17,6

19,3

20,8

10 º C

Havre

10,2

12,8

13,6

14,3

15,7

17,3

19,6

22,9

10 º C

Bygg

10,1

13,4

14,3

15,2

16,5

17,8

19,4

21,9

15 º C

Kveite

11,0

13,5

14,3

15,2

16,3

17,3

19,0

20,5

15 º C

Havre

10,0

12,5

13,3

14,0

15,4

17,0

19,3

22,6

15 º C

Bygg

9,8

13,2

14,1

15,0

16,3

17,6

19,2

21,7

20 º C

Kveite

10,7

13,3

14,1

15,0

16,1

17,1

19,1

20,3

20 º C

Havre

9,7

12,3

13,1

13,8

15,2

16,8

19,1

22,4

20 º C

Tabell 1. Samanheng mellom relativ luftfukt i % og lufttemperatur ved korntørking med kaldluft

 

For å oppnå lagerfast vare av bygg, må lufta ha lågare relativ luftfukt enn 70 % når lufttemperaturen er 10 º C under siste del av nedtørkinga.

 

Tilskottsvarme

Ved bruk av tilskottsvarme til kaldluftstørka, er grensa for oppvarming av lufta om lag 4 -5 ºC. Ved å auke ut over 5 grader, er det risiko for kondensdanning i øvre kornlag. Varmekjelde må veljast etter kapasiteten på vifta.

 

Dersom kaldluftstørka har ei vifte på 10 hk (7,5 kw), ligg ytinga omkring 43000 m³ luft pr time ved normal lagringshøgde. For å oppnå ønska temperaturauke på om lag 5 ºC, trengs om lag 1,7 kw pr 1000 m³. Det krev ein varmekjelde som yter 72 kw.

 

For å tørke ned eit tonn korn 4%, må det fjernast 50 kg vatn. Det krev i underkant av 70 kWh, som tilsvarar energimengda i 8 liter olje, 22 kg halm eller 0,10 m³ skogsflis. Tala er henta frå ein artikkel av Gunnar Schmidt, 2012, som var landbruksteknisk rådgivar i Hedmark forsøksring.

 

God skuronn.

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.