Bekjemp kveke og tyn andre rotugras i modent bygg

13.08.2019 (Oppdatert: 13.08.2019) Jon Olav Forbord

Jon Olav Forbord (Original laga i 2012, revidert august 2019)Kvekebekjemping før trøsking er normalt meir effektivt enn bekjemping i stubben. I tillegg får andre rotugras som tistlar, dylle m. fl noe tyn, dersom dei er i god vekst ved sprøytinga. Dårleg stell av vegkantar og anna kantvegetasjon har etter kvart god effekt. Åkertistel, åkerdylle, burot og andre rotugras er på full fart inn i kornåkrane. I tillegg har tidleg frøugrasbekjemping med lågdosemiddel opna for dei same rotugrasa.

Når tistelen først får tak blir det fort mange

Før trøsking er kveka veldig følsam for glyfosat, på grunn av stor bladmasse i forhold til mengda av underjordiske utløparar. Det gir ein vesentleg betre transport av glyfosat ned til rotsystemet, enn ved sprøyting i stubben når bladmassen er vesentleg mindre. (Ved tidleg trøsking, god gjenvekst og sprøyting seint i oktober, kan dei to metodane nesten likestillast.)

 

Sprøytetidspunkt

Det skal sprøytast når kornet er så modent at det er vanskeleg å dele kjernen med neglen. Da er vassinnhaldet under 30 %. Behandlingsfristen ved bruk av glyfosat i modent bygg er 7 dagar for dei fleste produkta. Unnataket er Glypper som har 10 dagar. I praksis tilsei det å unngå bruk av Glypper i modent bygg og sprøyting når det normalt er vel ei veke til trøsking. I forsøk er det berre funne små avlingsreduksjonar ved sprøyting i ein jamt gulmoden byggåker, når vassinnhaldet er nede i om lag 37-38 prosent. ( Tilsvarer nesten to veker før normal tresking)

 

Såkorn

På areal med såkornkontrakt er det ikkje lov å sprøyte med glyfosat i modent bygg. ( Gjev sterilitet.) Om ein skal ta ut eget såkorn er det same risiko for sterilitet.

Havre og kveite

Det er ikkje lov å bruke glyfosat før trøsking i havre og kveite.

 

Forhold under sprøytinga

Sprøytinga bør utførast som morgonsprøyting for å utnytte luftfuktigheita – men ikkje på blaute plantar. For å vera sikker på full effekt bør det gå 4-6 timar før det kjem nedbør, når ein bruker dei vanlege midla

Best resultat av sprøytinga mot kveke får ein når det blir bruka mindre enn 15 liter vatn pr dekar og kjørefarten bør ikkje vera større enn 6-7 km i timen. For stor fart gir mindre nedtrenging i kulturen.

 

Unngå avdrift ved bruk av glyfosatmiddel. Det kan gi skade på uønska områder. I stille vêr er ei ISO 02 eller 025 lågtrykksdyse gode val. Bomhøgda skal ikkje vera meir enn 40 cm over kulturen.

 

 

Dosering

Mot kveke før trøsking er det i følgje dansk landbruksrådgjeving nok med 100 gram aktivt stoff pr dekar. Det betyr for middel som inneheld 360 gram aktivt stoff pr. liter at 275 ml pr. dekar er nok.

 

Kveke i modent bygg (ca 5 dagar etter gulmodning)

Middel Dose for 100 g Maks dose Regnfast etter Behandlingsfrist
Roundup Ultra 275 ml 300 ml 5-7 timer 7 dagar
Roundup Eco 275 ml 300 ml 5-7 timer 7 dagar
Gallup super 275 ml 300 ml 5-7 timer 7 dagar
Glypper 275 ml 300 ml 5-7 timer 10 dagar
Roundup Flex 210 ml 225 ml 1 time 7 dagar
Roundup Powermax   200 g 1 time 7 dagar

 

Effekt på andre rotugras

Åkertistel og andre rotugras kan i prinsippet bekjempast med glyfosat. Men i følgje Dansk Landbruksrådgiving må dosen opp i 125 – 140 gram glyfosat pr dekar, for å få god effekt. I tillegg må åkertistelen og dei andre rotugrasa vera i god vekst. Det vil seie at plantene ser grøne og friske ut. Er dei brune og tørre, er bruk av glyfosat i stubben eit betre val. Etter som vi med maks dose på 300 ml berre får ut 108 gram aktivt stoff pr dekar, kan vi likevel ikkje vente fullgod effekt ved sprøyting i modent bygg.

 

Mye kveke auker risiko for legde

 

Sideeffektar

Samtidig med bekjempinga avkveke og rotugras, vil behandlinga sikre nedvisning av botngras og grønskott. Mot store mengder botngras er det nok med 150 -200 ml pr dekar.

Det er ikkje lov å sprøyte med glyfosat mot grønskott.

 

Pass på åkerkantane!

Bruk aldri glyfosatmiddel på åkerkantar og anna tilgrensande areal. Nedsviing av gras, kløver, tiriltunge og andre blomster som pyntar opp, og er til glede for humle og bier, opnar for fri etablering av burot, tistel, hundekjeks og anna svineri. Hald avstand til åkerkanten og bruk andre aktuelle middel mot åkertistel med fleire. Kantslått er eit godt tiltak. MCPA , Ariane S og Flurostar m. fl er vesentleg betre val enn glyfosatmiddel og kan brukast som eit planmessig tiltak på problemområder.

 

 

Bekjemping av kveke og rotugras i stubb

Når du sprøyter i stubben med glyfosatmidlar, kan du samtidig med kvekebekjempinga få bra effekt på åkertistel, burot, åkerdylle, hestehov og fleire andre artar av rotugras. Føresetnaden er at både kveke og rotugras kjem langt nok før sprøyting.

 

Kveka skal har mist 3-4 fullt utvikla blad før sprøyting. Det er først når planta blir såpass stor at saftstrømmen går ned til rota. Noe som er ein føresetnad for å transportere ned glyfosat.

 

Om vi får noe nedbør etter trøsking, er det også gode sjansar for at åkertistel, burot, hestehov og kanskje noen til vil utvikle tilstrekkeleg store plantar til å transportere glyfosat ned til rota. Vi kan derfor få god effekt av ei sprøyting i stubben mot mange rotugras om vi berre ventar lenge nok. Avhengig av trøsketidspunkt gir det sprøyting på fine dagar utover i oktober.

Kor stor dose som er nødvendig for å få god effekt, er noe usikkert. For dei fleste rotugrasa må ein opp i 450 ml for å få bra effekt. For hestehov må ein minst opp i 500-600 ml og borreartar treng 7-800 ml. Her ser ein fort at det er lukkerativt å bekjempe rotugrasa medan det enno er nok med flekksprøyting. Etter kvart som flekkane med åkertistel går over til større åkrar, blir det fort dyrt.

Når det blir sprøyta ut over i oktober må det minst gå 14 dagar før jordarbeiding/pløying med vanlege glyfosatmiddel, for å vera sikker på å få effekt. Dersom ein bruker Roundup Flex er det nok med 2 dagar ved optimale vilkår før jordarbeiding (pløying).

Ved planlagt sprøyting i stubb er det viktig å ha ein plan for halmhandteringa. Pressing og fjerning er det aller beste. Kveke dekka av halm overlever.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.