Angrep av kålmøll

14.07.2016 (Oppdatert: 09.03.2017) , Torhild Svisdal Mjøen

Det er registrert store mengder kålmøll i korsblomstra vekstar i Trøndelag.

Blad angrepet av kålmøll. Foto: Torhild Svisdal Mjøen

Det er dei vaksne hoane ein ser no. I fjellbygdene brukar invasjonen kome før fôrrapsen er kome i jorda, eller har spira, men no er den her samtidig som rapsen er komen opp. Den legg 150-200 egg per hun og etter 5-7 dagar klekk egga og larvene et blada og slik gjer skade. Det et i 10-28 dagar (alt etter været), før dei forpuppar seg. Da kan ein rekne med at heile rapsåkeren er ete opp!!


Ein generasjon tek alt frå 3-7 veker. I 2014 tok det 4 veker her i Oppdal, medan i 2015 fekk vi ikkje ein andregenerasjon i det heile - det var ikkje varmt nok i august.
No ser ein at det er ny tilførset av hoer over lengre tid, det er lenge sidan dei første kom.

Det er viktig å bekjempe larvene som sit på undersida av blada, fær dei et opp heile planta. Larvene og puppene er grøne og sigarforma. (sjå bilete). Det kan vere nødvendig å repetere behandlinga fleire gongar.

Pyretroidene (Fastac, Karate og Sumi-Alpha) er effektive og godkjent i fôrrapsen. (Sjekk behandlingsfrist for dei ulike produkta.)   I tillegg har Steward effekt. Biscaya har ikke/svak effekt.
 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.