Beiting og fôring i ammekuproduksjonen

08.12.2015 (Oppdatert: 09.03.2017) Siri Langmo

Produksjon av storfekjøtt ved bruk av kjøttferasar i ammekuproduksjonen kan vere ein rasjonell produksjon om forholda ligg til rette. Hovedfokus bør ligge på å produsere billeg fôr til dyra, og bruke mykje beite der ein har mulegheit til det, samtidig som ein leverar gode slakt.

Ammekyr på utmarksbeite

Kostnadane til gras på rot er først og fremst kostnader til frø, kalk, plantevern og gjødsel. Når ein skal hauste og konservere fôret stig kostnadane raskt. Både til arbeidstimar, diesel, og investeringar i maskiner som er nødvendig. Rundt kalving og i sluttfôringsperioden er kravet til fôret stort, og det er viktig å ha fôr tilgjengelig som har tilfredstillande kvalitet og energi- og proteininnhald. Dette kan krevje investeringar i maskiner slik at ein får slått raskt og til rett tid. Legg ein opp produksjonen slik at dyra går på beite når dei treng det beste fôret, kan ein heller leie maskiner på eit seinare tidspunkt når grasutviklinga har kome lenger. I sinperioden treng ikkje ammekyrne fôr med høgt energiinnhald, men heller motsett, fôr med lågt energiinnhald slik at dei kan ha noko å ete og drøvtygge til tross til lågt fôrbehov og for at dei ikkje skal bli for feite før kalvinga.

Behovet til ammeku med kalv ligg på 9-10 FEm per dag. Ein kalv frå 0,5 til 1 år ligg på 3-4 FEm, mens ein kvige frå 1-1,5 år skal ha 4-5 FEm per dag. På beite bør dyra ha tillegg av mineral.

Ein kan ha ulike strategiar i ammekuproduksjonen avhengig av kva slags beite ein har tilgang på. Vårkalving bør ein velje om ein har gode innmarksbeite. Vinterkalving er meir aktuelt om ein har lite innmarksbeite. Då kan ein utnytte mykje av utmarksbeite, men det vil vere nødvendig med noko meir kraftfôr i tida etter kalving.

I økologisk ammekuproduksjon med oppfôring av kastratar er haustkalvingar meir aktuelt. Da kan kastratane utnytte beite både den første og andre sommaren før dei blir slakta. Kastratar er rolege beitedyr og kan beite ilag med andre storfe og sau. Dei vil også kunne utnytte utmarksbeite godt.

Kostnader til hus er utelatt frå vurderingane her.

I eit eksempel fann ein at ein vil ha behov for 4,7 daa fulldyrka areal, 5,4 daa innmarksbeite og 19-43 daa utmarksbeite per ku ved vårkalving. Ved vinterkalving treng ein 5,7 daa fulldyrka areal, 0,9 daa innmarksbeite og 29-67 daa utmarksbeite per ku. (Asheim, Haukås, Øvreås, Rivedal).

Eksempel: Samanlikning av fôrkostnad ved vårkalving kontra vinterkalving

I eit rekneeksempel er det rekna på kor mykje fôrkostnaden blir ved ulik kalvingstidspunkt. Behovet til ulikt fôr er satt opp som i tabell 1:

FEm

Kalving 1. april

Kalving 1. januar

Grovfôr

1535

1456

Kraftfôr

256

538

Innmark

836

589

Utmark

625

668

Totalt

3252

3252

Tabell1: Fôrbehov per ammeku.

Fôrbehovet er altså satt likt her, men vi ser at kua som kalvar om vinteren må ha meir kraftfôr enn kua som kalvar om våren.

Grovfôrprisen inkludert faste kostnader er satt til kr 2,6 pr. FEm, kraftfôrprisen kr 3,50 pr. FEm, innmarksbeite kr 0,60 pr. FEm og utmarksbeite kr 0,10 pr. FEm. Tabell 2 viser kva total fôrkostnad blir for 40 ammekyr i dei ulike regima. Behovet til kalven etter avvenning (8 mnd.) er ikkje tatt med.

Kostnader, kr

Kalving 1. april

Kalving 1. januar

Grovfôr

159 650

151 452

 

Kraftfôr

35 808

75 277

 

Innmarksbeite

20 066

14 145

 

Utmarksbeite

2 498

2 673

 

Totalt

218 023

243 546

 

Tabell 2: Fôrkostnader for 40 ammekyr

Tabellen viser ein differanse på kr 25 500 i fôrkostnad, der den største forskjellen ligg på kraftfôrforbruk. Bruk av halm vil kunne gje noko rimelegare fôr i innefôringsperioden/ grovfôrperioden.

I ammekuproduksjonen kan ein utnytta storfeet sin eigenskap for kompensasjonsvekst. Det betyr at dei tåle redusert energitilgang og tilvekst i periodar, som de så tek igjen i form av kompensasjonsvekst når næringstilgangen igjen blir god. I praksis kan ein altså fôre dei moderat gjennom vinteren, men sjå at dei veks godt når dei kjem ut på gode innmark- og utmarksbeite.

Oksar har stor evne til kompensasjonsvekst. Dette kan utnyttast ved å fôre oksane moderat i ung alder for så å auke fôrstyrken seinare. Fôrstyrken aukast ytterlegare i sluttfôringsperioden, dvs. dei siste to til tre månadene før slakting.

På kvigene bør bruk av kompensasjonsvekst brukast med omhug, med tanke på at dei skal nå ein viss storleik før kalving. Går kvigene derimot direkte til slakt er det mogleg å fôre moderat om vinteren og heller la dei vekse på gode beite om sommaren.

Ideelt beitegras til storfe har ein høgde på 12-15 cm. Om våren veks graset raskt, samtidig som det tek nokre dagar før kyrne tek opp store mengder beitegras. Derfor kan kyrne sleppast på beite allereie når graset er 6-8 cm høgt. Då er det viktig å tenke på overgangsfôring. Surfôr er betre enn rein høyfôring før beiteslepp. Tilleggsfôr med kraftfôr og gjerne høy/ tørt rundballesurfôr den første tida på beite. Kraftfôrautomat til kalvane kan vere aktuelt i kalvegøyme både inne og ute på beite.

Fôrbehovet hos beitedyr i vekst aukar utover sommaren, samtidig som grasveksten og energiinnhaldet i graset minkar. Ein kan derfor med fordel la åringsdyr og eldre dyr som skal slaktast gå ilag, og slakte ut dyr etter kvart som sommaren går. Det er rekna på at beitearealet per dyr må vere dobbelt så stort i slutten jamført med starten av beiteperioden. På hausten bør ein tilleggsfôre.

For å unngå parasittar på innmarksbeite er det viktig å lage seg nokre førebyggande strategiar. Eldre storfe er meir immune og vil ikkje smitte ned beita slik som ungdyr. Beita bør derfor få eit «friår» frå ungdyr. Sambeiting med hest/ sau er gunstig for å redusere smitten. Eller ein kan bytte beite med hest/ sau annakvart år. Eventuelt så kan ein ta ein slått av beitearealet annakvart år. Ta gjerne kontakt med veterinær for å sette opp ein plan for behandling av parasittar gjennom året, gjerne basert på prøver av dyra.

På innmarksbeite skal ein ha tilsyn og kontakt med dyra kvar dag. Dei må ha tilgang på reint og frisk vatn og ha nok ly for regn, vind og sol. På utmarksbeite skal storfe ha tilsyn minimum 2 gonger per veke.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.