Sauedrift: Den kalde våren, vil den påverke økonomien i sauehaldet?

08.12.2015 (Oppdatert: 09.03.2017) Siri Langmo

Veksttorget på NLR sine nettsider kunne rapportere om store snømengder i fjella og utmarksbeite som kom seint i gang i veke 25. Sauene på Vestlandet måtte framleis gå heime i låglandet mange stader. Fjellregionen rekna også med at sauene måtte vere heime i endå 1-2 veker, slik at endå meir av enga måtte gå til forsommarbeite. Været hadde også gjort at ein kom seint i gang med jordarbeiding, såing, spiring og vekst.

Ein god start har mykje å seie for tilveksten til lamma heile sesongen

Når våren kjem seint i gang vil økonomien i sauehaldet kunne bli påverka på fleire områder. I første omgang blir sauane gåande inne og vente på våren. Det betyr at ein i staden for friskt vårbeite må fôre med kostbart kraftfôr i tillegg til surfôret. Kanskje ein må kjøpe inn meir fôr fordi innefôringa blir unormalt lang. Lamma utviklar tenner etter 14 dagar, noko som klør. Dette kan føre til sår på spenane og jurbetennelse i fjøsen der smittepresset er stort etter lamming. Dyretalet har tross alt tredobla seg i løpet av lamminga. Når graset endeleg har komme i gang og ein kjenner seg trygg på at lamma skal greie dei kalde temperaturane som var i mai/ juni, kan ein endeleg sleppe ut sauane. Då er det om å gjere å gje dei optimalt vårbeite så lamma får ein god tilvekst. I år kom beite seint i gang i utmarka og, så då har det vore ei stor utfordring å kunne tilby sauene bra nok vårbeite i heile perioden fram til utmarksbeite. Utfordringane har sanneleg stått i kø denne våren.

Korleis kan ein handtere ein slik situasjon og kva er dei økonomiske konsekvensane for sauedrifta?

Når våren er sein og ein får lang innefôring er støttefôring spesielt gunstig. Med støttefôring av lam meiner vi lam som går saman med søya, men får tilgang på kraftfôr i tillegg til morsmjølk, grovfôr og beite. I praksis betyr det at ein kan ha lammegjemme i storbingar der fleire søyer går i lag. Tommelfingerregelen er at sau med 1 lam treng 1 døgn i enkeltbinge, sau med tvillingar 2 døgn osv. Når denne perioden er over kan ein sette søyene saman i større bingar, men passe på at lamma kan stikke seg vekk i lammegjemmene. I desse lammegjemmene er det lurt å plassere ei kraftfôrkrybbe. Ofte ser ein at dei ikkje et så mykje kraftfôr dei første vekene, men at dei smakar på det og blir vant til smaken. Det er viktig å fjerne kraftfôr som ikkje blir ete, slik at det heile tida er nytt fôr der.

Når vårbeiteperioden startar og ein forventar at perioden blir lang bør ein fortsette med støttefôringa, spesielt på søyer med tre lam og åringar med to lam. Ein bør ha som mål at alle lam skal ha ein tilvekst på mellom 350 og 400 g/ dag frå fødsel til vårveging på NKS (Norsk Kvit Sau). Høg tilvekst om våren har mykje å seie for vekta og kjøtfylda om hausten. Lam med låg tilvekst om våren har ein tendens til å legge på seg fett ved ei lågare vekt enn lam som har hatt ein optimal start på livet. For søyene er dessutan støttefôring gunstig fordi lamma ikkje vil mase like mykje på juret slik at det blir jurbetennelse.

For å få nok vårbeite kan det vere ein må ta det valet at det ikkje blir noko 1. slått i år, men at ein i staden må kjøpe fôr for å få nok fôr til vinteren. Slik sett var vi heldige i år, sidan det var stor avling i fjor, og ein god 1. slått i år for dei som ikkje brukte det til vårbeite.

Ved å samanlikne tre ulike scenarier når det gjeld lengde på innefôring, vårbeite og kraftfôrfôring kan ein sjå på korleis den kalde våren påverke økonomien. I tabell 1 er ei oversikt over tall dagar med ulik fôring i dei ulike scenariene.


 

Alt. 1

Alt. 2

Alt.3

Ant. dagar inne etter lamming

7

14

21

Ant. dagar innmarksbeite

21

30

39

Ant. dagar med kraftfôr

14

44

60

Tabell 1: Oversikt over alternativ

Ved ei produksjon på 300 vinterfôra sau, ein grovfôrkostnad på 2,6 kg per FEm inkludert faste kostnader (maskiner, diesel mm), 0,60 kr per FEm for innmarksbeite og kr 3,5 per FEm for kraftfôret, vil ein få slike utslag som vist i tabell 2.

 

Alt. 1

Alt. 2

Alt. 3

Kraftfôrkostnad

14 700

46 200

63 000

Grovfôrkostnad

5 460

10 920

16 380

Innmarksbeitekostnad

9 450

13 500

17 550

Kjøp av vinterfôr

0

17 550

35 100

Totalt

29 610

88 170

132 030

Tabell 2: Fôrkostnad ved ulike alternativ

Den totale summen viser kva kostnaden blir for fôret frå lamming til slepp på utmarksbeite. I tillegg er kostnaden til kjøp av ekstra vinterfôr med fordi ein har latt sauene beite ned avlinga som skulle blitt vinterfôr. Prisen på kjøp av fôr er satt til kr 2,6 pr. FEm.

Vi ser at det som eigentleg skulle kosta kr 30 000, har auka med kr 100 000, til ein kostnad på kr 130 000 i det verste tilfellet. Dette vil så klart påverke økonomien til ein produsent av lammekjøtt.

I denne kalkyla er det ikkje tatt omsyn til korleis den kalde våren kan påverke slakteresultatet. Sannsynligvis vil lamma vere mindre enn vanleg på grunn av ein kald vår, og ein må kanskje vente med å sende lamma til slakt for å kunne fôre dei opp til dei blir slaktemodne. Nortura sine prognosar for avrekningsprisar (inklusiv grunntilskot og sesongtilskot) viser at prisen blir satt ned med heile kr 6,20 frå 7 sept. til 28.sept. For 300 sau kan ein anta at ein slakte 435 lam. Om 50 % av lamma må gå heime til etter 28. sept. i staden for å bli slakta for eksempel 13. sept. vil ein gå glipp av kr 20 000.

I reknestykket er det heller ikkje tatt med ekstra veterinærutgifter fordi sauene har måtte stå inn lenger enn vanleg i høgt smittepress og dei følger det kan ha for jurbetennelse, munnskurv-smitte mm.

Konklusjonen må vere at det er viktig å gje lamma ein god start om våren. Og om ikkje været er på vår side, så er det tiltak som kan gjerast for å hjelpe lamma å vekse.

«Vi får håp at det bli likar i morra», vi får i alle fall satse på ein varmare og tidlegare vår neste år.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.