Øystein Tholo

«HMS-rådgjevar? DU???» Ja, det var meir enn ein som hadde den reaksjonen då eg sa at eg skulle starte i ny jobb i NLR Vest!

Kjenner du deg att?

Dei alle fleste historier om skade/ulykke startar nettopp slik. I jobben min som HMS-rådgjevar, så høyrer eg mange av dei. Alt for mange…

Men så er det no ein gang slik at ingen er feilfrie. I alle fall ikkje underteikna. Når eg er ute på gardsbesøk, så skal de vertfall veta eg ikkje på nokon måte er perfekt, når det kjem til HMS. Sopass ærleg lyt eg vera. Mykje kunnskap er tileigna på den tunge, dyre og vonde måten.

Kan du læra av mine feil?

Berre sidan forrige blogginnlegg, så har eg klart å gjere skade på meg sjølv to ganger: For ca tre veker sia, så «skulle eg berre nett» sveisa litt. Då klarte eg å få flytande metall inn i sveisejakken medan eg låg på rygg under ein traktor. Resultat: Brannskade -> Legevakt -> legebesøk x 4 -> betennesle -> antibiotika...

Forrige veke så trakka eg over med høgrefoten når eg «berre nett skulle» flytta litt på ein tung høyball... -> Vondt

Tidlegare i sommar, så klarte eg det kunststykket å plante frontlastaren gjennom veggen inne ridehallen medan eg harva botnen. Eg «skulle berre nett» køyra litt nærare veggen på siste runden. Og nær vart det!

Det ende med vondt handledd og sterk såra stoltheit. Hadde tommelen låge bak rattkula slik den pleier, så hadde den nok fått ein noko ugunstig vinkel etter smellen. Farten var på ca heile 8-10km/t då det small. Heldigvis hadde eg setebeltet på. Utan setebeltet så trur eg neppe at eg hadde gått ut av førarhytta for eiga maskin.

Med tanke på at forrige blogginnlegg frå meg handla om Å møte veggen 3 ganger? Går det an, då?, så kan eg jo praktisk talt legge til ein 4. gang no då..?

10km/t er ganske fort det!

Med 24 år med snøbrøyting på cv'en min, så kom det ikkje som noko sjokk at ein bråstopp i sjølv slik låg hastighet kan gjere vondt.

Har du tenkt over det når du hoppar inn i traktoren din og «berre nett» skal henta ein rundballe borte på tunet? Kva trur du skjer den dagen du er litt uoppmerksam og svingar frontlastaren inn i hjørna på ein betongvegg? Verken lastar, traktor eller betong er interessert i å hjelpa til med å dempa kreftene som er i sving. Det er stort sett kroppen din som må ta seg av den jobben. Å leve i trua om at ein skal klare å halde seg fast i rattet, er ein tankegang du berre kan leggja til sides med ein gang. Du er i beste fall ein ufrivillig passasjer når det smell!

Eg har brukt litt tid på å finne gode argument MOT å ha på seg setebelte i traktor. Dei er som følgjer : INGEN!

Dette kjem nok me som HMS-rådgjevarar til å gjenta til det kjedsommelege: BRUK BELTET!

Vinteren nærmar seg med stormskritt!

  • Mange av dykk driv med brøyting på sida eller som ein del av gardsdrifta. Kanskje det er tida for å ta ein sjekk av traktor og utstyr før snøen kjem? Den kjem like brått på i år og…

Det er aldri kjekt å rusle rundt på gardstunet kl. 05.30 i 30 cm nysnø med kost for å lokalisere kjettingane til traktoren. Ei heller å oppdagae at utstyret ikkje hadde reparert seg sjølv denne sommaren heller.

Basert på eiga tunglært erfaring, så har eg laga ei sjekkliste for traktor og brøyteutstyr:

LYS/BATTERI

  • Brøyting uten lys har statistisk sett vore over gjennomsnittet kostbart.
  • Finn fram motorvarmar-kabel, startkablar og batteriladar. Den kjem den dagen der du får bruk for minst ein av dei tre.

DIESELFILTER/VANNUTSKILLAR

  • Eit absolutt minstekrav lyt vere å tappe vannutskillar på traktor. Om ein ligg aldri så godt an med service og filterbyte, så er det alltid lengre tid sia det var bytt enn ein trudde.
  • Vatn har som kjent den eigenskapen at det sluttar å vere flytande i minusgradar.

KJETTING /DEKK

  • Kjetting må tilpassast dekk etter storleik og slitasje. Dekka vert mindre med åra, medan kjettingane strekker seg litt og vert romslegare.
  • Har du handla ny traktor/kjettingar , så må du og tilpassa, sjekka klaring til skjermar og liknande.
  • Det er mykje trivelegare å ta seg ein time eller to inne på låven med kjettingtanga no og sjekke at dei passar, enn å finne det ut på morgonen den dagen du må brøyte veg til tankbilen.
  • Kjøp nokre ekstra sjaklar, kjettinglåsar og kjettingskøytar som du kan ha med deg i verktøykassa på traktoren.
  • Traktordekk utan kjetting/pigg, er som kjent særs lite eigna på snø og is.
  • Vurder anskaffelse av pigga vinterdekk/industridekk om du har mykje brøyting/køyring langs veg i vinter. Eg angra aldri ei krone på at eg investerte i det til min traktor.

BRØYTESKJÆR, PLOG, SNØFRES OG STRØKASSE

  • Kontroller alle hydraulikkslangar og koblingar. Er det nok slitestål att?
  • Første snøen ligg kanskje på grusveg uten tele. Då er det greit å ha luft i støttehjula på skjæret.
  • Sjekk for sprekker og skader på all reiskap no før snøen lavar ned. Det er ikkje lett å oppdage i snøføyka.
  • Er vernedeksel intakt på pto-akslingen på snøfresen?
  • Er alle lager smurt opp?
  • Køyr ein liten prøvetur med utstyret i ro og mak medan du testar alle funksjonar. Det kan fort lønna seg.
  • Ta deg og ein tur for å sjekke brøyteroda/ruta di før snøen kjem. Eg har sjølv erfart at det har dukka opp nye betongkantar, fêrister, slagholer, stikkrenner, fartsdumpar ++ sidan sist vinter.
  • #bruksetebeltet

Eg kunne sikkert skrive bok om alle «oj-ups-shit-det va nære på», men det får bli ein annan gang.

Som HMS-rådgjevar er ingen dagar like!

Om det er KSL, Arbeidstilsynet, risikovurdering, svigermor, kårkall, eiga helse eller andre utfordringar som du treng hjelp til, så er me her for å hjelpa deg!

Ikkje ver redd for å ta kontakt!

Mvh Øystein R. Tholo, HMS-rådgjevar i NLR Vest


Snobroyting 3
Snobroyting 1