Solblom har vore ei vanleg plante på Sør-Vestlandet og den hadde mange lokale namn, noko som viser at folk dette var ei plante folk hadde eit forhold til. Solblomen har særleg vore kjend frå dei gamle slåttemarkene. Det er ei stor og lett synleg plante med gule blomar.

Skårsmarka, området nord for gamle Sundsveg på Karmøy, hadde ikkje vore brukt til beite på mange tiår. Det hadde vore funne solblom i området. Avaldsnes Grunneierlag organiserte ei svært vellukka brenning april 2021. Fleire hundre daa med tette belte av brake (einer) og gammal, grov lyng blei brent på ein dag. Når lyngmarka er velstelt bør ein ikkje brenna altfor store felt om gongen, men ved restaurering av overgrodde areal bør ein ta så mykje som ein har kapasitet til. Brannen gir det overgrodde arealet ein ny start.

Skarsmarka Karmoy foto Annlaug
Brenning er ein effektiv måte å restaurera gammal lyngmark. Foto Annlaug Fludal

Allerede i juni same året fann ein enkelte planter av solblom. I år, året etter brenninga fann ein solblom på mange nye plasser i det brende området. I tillegg er det funne solblom i eit anna område, brent i april 2022. Det er heilt tydeleg at brenninga har verka positivt i dette område der solblom har vore tidlegar. Skårsmarka er ikkje gjerda inn, men har blitt beita av storfe ved bruk av NoFence.

Om arbeidet som er gjort i Skårsmarka på Karmøy

Avaldsnes Grunneierlag har sett seg eit langsiktig mål om å opna opp igjen areal som held på å gro igjen. Dei har hatt kurs og praktisk brenning i fleire område i samarbeid med Haugaland lyngbrannreserve.
Solblom Skarsmarka juni 2022 Foto Gunvor Skjelstad
Solblom (Arnica montana) i område brent året før. Foto: Gunvor Skjelstad, naturforvaltar i Karmøy kommune

DSC 6361
Før brenning. Tett vegetasjon på kvar side av turløypa som går gjennom Skårsmarka. Foto Annlaug Fludal