Synnaland ved Brattvåg i Haram, har ein av dei få førekomstane i Noreg, av kystblåstjerne, Tractema verna. Langvarig skjøtsel med beiting eller slått har ført til auka førekomst.

Biolog John Bjarne Jordal laga skjøtselsplan for området i 2007. Sidan 2009 har NLR på hatt ansvaret for skjøtsel av fem mindre areal på Synnaland. Dette er areal som tidlegare vart beita, men som no er truga av attgroing. I tillegg blir det kvart år talt plantar på fem avmerka flater. Desse teljingane skal vise om skjøtselstiltaka er effektive når det gjeld å ta vare på kystblåstjerna.

B13 Synnalandsneset a
Synnaland i Haram har ein av dei få førekomstane av kystblåstjerne i Noreg. For å ta vare på førekomsten blir det drive aktiv skjøtsel, med slått og beiting.

I Møre og Romsdal er det berre Synnaland som har ein førekomst av kystblåstjerna. Dette er ei vesteuropeisk plante som i Noreg elles er kjent frå Karmøy i Rogaland og ytre deler av Sogn og Fjordane. Arten veks i opne engsamfunn som har vore skjøtta ved slått eller beite gjennom lang tid, og som ikkje har vore pløgd eller gjødsla. Av dei ca. 15 kjende lokalitetane i Haram er det no berre fem-seks som er intakte og kan bergast. I dei andre er arten forsvunnen som følgje av attgroing eller utbygging. Nokre av dei intakte ligg i eit område som er under utbygging til bustader.

Kystblastjerne tabell
Tal blomstrande stenglar av kystblåstjerne, på areal med aktiv skjøtsel. Teljinga på dei avmerka flatene er gjort innanfor ein sirkel, med radius 3 m, og areal 28 kvadratmeter.

Merknad.- På areala 1 – 4, har førekomsten av kystblåstjerne halde seg godt oppe, i dei ti åra med skjøtsel. Regresjonsanalyse syner statistisk sikker auke i åra med skjøtsel. Dei årlege variasjonane har vore store. På areal 5, Nedom Nausthaugen, var det observert kystblåstjerne tidlegare. I åra 2011-15 fann ein ikkje arten. I 2016 vart slåtte-arealet flytta litt mot nord, der ein fann nokre få plantar. Det er tett vegetasjon på arealet, med mjødurt og krattlodnegras.

I alle år er det gjennomført slått kring 1. august på areala 1,2 og 5. Plantane får liggje og tørke 4-7 dagar, før raking og fjerning. Frå og med 2018 blir det gjennomført to slåttar, kring 1. juli og 1. august på areal 1, 2 og 5. Her er tett vegetasjon. I 2018 vart det gjennomført hogst av tre kring areala 1,2 og 5.